Sjølv likar eg å bruka lårskiver, men bog av lam går og bra. Du delar opp i passelege stykker, og har på vatn til kjøtet er så vidt dekka – jo mindre vatn, jo betre smak av krafta. Så: I staden får kål har du på ei neve svisker og ei neve tørka aprikosar, litt salt og har du spisscumin, er dette prikken over i-en. Men sjølvsagt kan du nytta pepper. Så lar du kjøtet trekka til det er mørt. Du kan servera kokte poteter til – nokon trur det ikkje er middag dersom dei ikkje får poteter, men ris og enda betre: bulgur, er heilt max. Nydeleg.
Del dette innlegget