Kjære alle huglarar!
Først av alt. Hald av helga 27. – 28. juli 2012! Denne helga er det nemleg duka for årets storsatsing på Huglo. Fabrikken 2012.
I jula har eit knippe unge vaksne samla seg, og starta planlegginga av det som kjem til å bli ein musikkfestival med høg trivselfaktor, mykje god musikk og fellesskap.
Eit ynskje om å skape folkeauke, liv og røre på øya er hovudinspirasjonen, og me håpar at dette tiltaket vil samle fastbuande, tilreisande, og ikkje minst potensielle tilflyttarar. Dette gir oss eit unikt høve til å vise fram øya vår.
Eit arrangement som satser på å fylle lagerhallene i fabrikken på Tongaskjæret, krever store ressursar. Noko me på Huglo har mykje av!
Me trenger alt frå vakter til scenearbeidere, fra bossplukkere til geishaer (artistkontakter). Men mest av alt, ei positiv innstilling til prosjektet!
Håper at akkurat du har lyst å bidra til at me på Huglo kan skape ein festival som setter øya vår på kartet.
De høyrer frå oss!
På vegne av festivalstyret
Christian Notland
Festivalsjef
Dette vert fantastisk! :-D