Huglabutikken har gode butikksteikte brød dei dagane det ikkje vert levert brød med ferja no om vinteren. Men det går og an å baka sjølv, berre tenk deg den gode lukta av nysteik brød i huset! Her kjem ein oppskrift med litt uvanlege ingrediensar, sers haldbart og sers godt. Skal du gjera noko ekstra ekstra, kan du bytte ut kveitemjølet, eller noko av det, med tilsvarande speltmjøl, men det er ikke nødvendig, brødet vert godt med vanleg kveitemjøl. Då får du ingrediensane på Huglabutikken.
Du tar:
650 g sikta kveitemjøl
250 g sammalt kveitemjøl
60 g solsikkekjerner
60 g gresskarkjerner
50 g sesamfrø
50 g havregryn
100g linfrø
1 ss salt
1 pk gjær
1 l vatn
Rør saman til ein laus deig. Hev ca 30 min. Hell deigen over i to godt smørde former. Hev ca 45 min. Steikes på 225 grader i 40 min. Ta brøda ut av formene og steik i 15 min. til.
Lykke til!