Regn

  Etter ein svært varm, tørr og fin sommar har det komme mykje regn dei siste dagane. Onsdag var vegen i sørhuglo (“løkjen”) steng nokre timar. Skuleborna vart skyssa over flaumen med traktor. Sjå bilete frå eit tidlegare år her.

Detaljar

Platichthys Solemdali

Vår egen Byperen, Per Solemdal, kjenner me som primus motor bak Havrettsaften.  I mange år helt han tale for dagen, fortalte små historiar, og han kunne  ha med seg kulinariske godbitar (væraballer, Svartedaudin).  Han arbeidde som marinbiolog ved Havforskningsinstituttet i 43 år.  Diverre døyde Per i 2016.  Men nå er han hedra med å få…

Detaljar

Dugnadsarbeide på skulebygget

Også i år er det gjort mykje på arbeid på skulebygget.  Gymsalbygget er malt utvendig av ein invandrarungdom som ville ha ein sumarjobb.  Så er det malt yttervegger på dugnad.  Det står framleis litt igjen, men for tida er det ikkje ver til maling, så kanskje det må venta til neste sumar.  Og så er…

Detaljar

Havrettsafta

Havrettsafta! Huglo ungdomslag ynskjer velkommen til det årlege matgildet i Fjellheim, laurdag 13.oktober klokka 20.00! Påmelding innan tysdag 9.oktober. I fjor vart det fullt hus, allereie svært mange påmeldt. Det har siste åra vore venteliste og det viktig at ein gjer beskjed så tidleg som råd, dersom ein ikkje kan komme. Inngangspris kr 400 (medlemmar…

Detaljar

Nye huglarar

Kva må til for å bli kalla “huglar”?  Dersom det er å vera fastbuande og attpåtil huglaentusiast, er desse to heilt ekte huglarar.  Dei har budd i barnehagen i nokre månader og seier no at dei håpar at dei aldri meir skal flytta – så lenge dei er friske nok til å verta buande. Dette…

Detaljar

Tur i hjortajakt-tida

Førebels treng du ikkje refleksvest og raud lue for å gå på postajakt eller soppsanking.  Ein tidlegare jeger fortalde at ennå er det ikkje lov til å jakta i skogen, berre på bøane.  Berre heilt på slutten av jakta, dersom det er dyr igjen av kvoten, vert det jakta ute i terrenget. Difor:  Søndagsturen er…

Detaljar

Huglamesse 2018

Dette er 10. året Huglo Bygdekvinnelag arrangerer denne messa, der alle med tilknyting til Huglo, kan stille ut og selja eigne produkt. Messa er i år laurdag 27. oktober.  Har du noko du vil stilla ut og selja? Jo breiare utval av handarbeide, mat, husflid, produkt frå hagen eller . . . . ?, jo…

Detaljar

Snart i hamn

Dei siste månadene har redaksjonen for huglo.no fått hjelp av kommunikasjonsbyrået Sydvest AS til å revidera hugla-sidene.  Oppmerksame lesarar har vel sett at me no har kalenderen opp og går (endeleg!), at mesteparten av teksten på sidene er revidert, at det no er moglighet for ei lita annonse retta mot huglarane, og at sida no…

Detaljar

Krabbefangst?

Hemmelegheita er å setja teinane djupt.  10 krabber i e i teine er ikkje dårleg (fangst i går), men da må du ned på 25 meter.  Og har du ikkje teinehalar, kan det verta ein tung jobb å få både teina og fangsten inn i båten.  Men det er vert skippertaket, både av di krabbane…

Detaljar

Hopp i havet!

Det er framleis 17 grader – kanskje 17,5 midt på dagen – i Huglavikjo.  Det betyr at det er minst 18, kanskje 19, i overflata i Tveitevågen.  Nydelig for dei entusiastiske baderne.  Nå må du skunda deg dersom du skal rekke fleire sjøbad, for nå står lavtrykka i kø!

Flinke ungar

På kaidagen dukka disse ungane opp med søppel dei heilt på eige initiativ hadde rydda i stranda på Kråko og småøyane rundt. Dei heiter alle Laukhamar, og frå venstre ser me Knut L. Klippen, Sebastian L. Fjellhaugen, Tobias Fjellhaugen L. og Mia L. Hauge.  Fetrar og kusine, Kanskje? Godt gjort, ungar!!

Detaljar

Ein strålande dag på kaia

“Alle” var der, og alle var blide og skryttet av både kaidagen og sjølvsagt veret. Starten på Varden opp i sommervarme Det var ikkje så mange som tidlegare som starta i “Varden opp”, men alle hadde grunn til å vera nøgd med eigen innsats i varmen og godveret.  Og så vart det ny rekord:  13.59!!…

Detaljar