Bygget reiser seg

Mandag var det kranselag på Huglos nye praktbygg, frigangsfjøset til Nicola og Erik.  Sjølv om uveret Synne har gjort sitt beste for å forsinke prosessen, med innstilte ferjer frå Danmark og sers utriveleg ver for arbeidsfolket, er no taksperrene på plass og snekkere i gang. Byggherrene var berre store smil på mandag kveld, der alle…

Detaljar

Vitaminsprøyte i mørketida

Som i alle år gjekk me og i år glade og smånynnande heim frå julekonserten med Songlaget Storabuen under leiing av dirigenten deira Torleif Agdestein.  Det meste var som forventa:  Eit stort kor med glade songarar som kan syngja, god mat og utlodning med populære gevinstar. Songlaget hadde innpå ein time med Beatles-program til stor glede…

Detaljar

Brannmånaden

Sjølvsagt skal me gle oss til jul, og sjølvsagt skal me både pynta og baka smultringer.  Men det er eit faktum ikkje til å koma forbi, at i desember brenn det meir enn andre månader heime hos folk.  Me veit så godt at det at me “skal bare” der me står over smultgryta eller juledekorasjonen…

Detaljar

Julegata er opna!

  Vergudane tok heldigvis ein pause på laurdag formiddag, då verdas minste julegate skulle opnast. Og sola kikka til og med fram. Rundt 60 frammøte kunne kose seg med Hedvig sin gode gløgg, og høyre Huglo skulekorps spele jula inn. Eit kjærkomen tilskot til korpset er Leif Tore, og han stilte med eigen fanklubb!    …

Detaljar

Fabrikken2015

  Fabrikken 2015 vart ein suksess og med stolthet kan me no sja attende på dei to dagane i slutten av juli. Både i forkant, under og etter festivalen var det mykje aktivitet på festivalområdet, men og ellers rundt om på øya. Ein stor takk til alle som var i sving med Fabrikken 2015! I løpet av…

Detaljar

Tirsdagstrimmen

Kvar tirsdag trimmer nokre spreke damer alle musklar i gymsalen på skulen frå kl 18 til 19.  Som du ser, er her plass til fleire!  Me er i dei beste hender, sjefssprekingen Eline er utdanna gymlærar og “alle” veit kor sprek ho er.  Men her møter alle med sin egen fasong og eigen status når…

Detaljar

Førjulstradisjon

Også i år inviterer Huglo Bygdekvinnelag til førjuls sammenkomst i Fjellheim.  Datoen er 11. desember, kl. 19.30, og alle er hjarteleg velkomne til å gjera kvelden til ein hyggeleg pause i julestria.  Som i fjor er det “korgfest”, d.v.s. at alle tek med litt mat til eit felles førjulsbord, og det dei sjølv vil drikka. …

Detaljar

Haustmøte

  Her kjem ei oppsummering frå haustmøtet til  bygdalaget. 1: Viksanden: Det vart rydda ute etter stormen “Nina”. Friluftsrådet sponsar 12 000. 2. Vatn og avlaup: Ny ledning frå Reset til ny spillvasstank på Nordhuglo. Prosjektet er ikkje heilt ferdig. 3. 17.mai: Flott gjennomføring. Bygdalaget håpar på like flott arrangement neste år. 4. Huglo.no: Bygdalaget…

Detaljar

Nærbutikkens dag

På laurdag fekk dei kundene på Huglobutikken som ikkje hadde lest huglasida, ei positiv overrasking.  Nærbutikken feira kundane sine med både kaffi og kaker, quiz og ei lita konkurranse om vekta på eit kålhovud.  Kålhovedet vog ca. 2,5 kg, der vann den som hadde tippa nærast, quizen vart avgjort med loddtrekning.  Ein hyggjeleg laurdags føremiddag…

Detaljar

Haustmøte

Huglo Bygdalag ynskjer velkomen til haustmøte torsdag 5. november kl. 19.30 i skulestova for småskulen.  Det vert gjennomgang av sakene styret i Huglo Bygdalag har arbeida med.  Eigen post: Huglo skule. Kulturelt innslag ved Arne Norbø. Mat og kaffi.

Detaljar

Turskilta

Frå Stord kommune, rådgjevar idrett og friluftsliv Sylve Rusten, har huglo.no motteke følgjande: “Hei!  Ser i “Stordnytt at eit av “dei nye flotte “turskilta våre er “fjerna.  På “Reset”, på toppen “av bakken opp “frå ferjekaien på “Nordhuglo, vart “det for ei stund “sidan montert “skilt som peika turvegen mot Høgdafjellet (Varden) 218 meter over…

Detaljar

Huglabutikken

Huglabutikken skriv på facebook: Kjølerommet har fått ny motor/aggregat. Mykje arbeid med å flytta alle kjølevarene. Har fått låna fleire kjøleskap, så i tillegg til brus- og ølskap så har me no 3 andre som kundane må leita etter varer i. Har heldigvis god hjelp. No blir heile rommet vaska ned, og så er det…

Detaljar

Bokbåten

Bokbåten epos kjem på sin hausttur til Huglo 7. november kl. 11.00 – 12.30.  Programmet startar med ein gong, kl. 11.00.  Forfattaren av boka Hockeysveis fører til dårlige rim, Siv Wyller,  formidler boka med utgangspunkt i illustrasjonane, dikta og relevant dansebandmusikk.  Programmet er meint å høve for alle frå 5 år, men vert tilpassa litt…

Detaljar