Støtte til 17.mai på Huglo
Stordnytt.no skriv at av Huglo bygdalag får 4000 kr av dei 76.000 kr som er øyremerka til 17.mai-markering i kommunen. Det vert nok ei flott feiring på Huglo i år også!
Stordnytt.no skriv at av Huglo bygdalag får 4000 kr av dei 76.000 kr som er øyremerka til 17.mai-markering i kommunen. Det vert nok ei flott feiring på Huglo i år også!
Statens vegvesen meldar om at det i den kommande asfaltsesongen skal leggast 2,3 millionar tonn asfalt, noko av denne asfalten kjem til Huglo. Her kan du sjå oversikta over asfaltarbeid i region vest.
DetaljarSom før nemt: Det er kvart år to tog på Huglo. 17.mai sjølvsagt, men og eit i byrjinga av mai: Det Store Ryddetoget. I år er datoen laurdag 2.mai, kl. 9.30 – 12.00. Det vert mottak av elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall – og alt anna avfall som ikkje får plass i bosdunken. Men…
DetaljarI år vert det friidrettsskule på Huglo i veke 31. Det vert litt forskjellige idretts- og friluftsaktivitetar, litt fotball, men og andre ting. Aktivitetane er berekta for aldersgruppa frå 1. til 7. klasse. Det kjem påmeldingsskjema på denne sida seinare, og i år vert det ein liten avgift å betala. Dette opplegget er i samarbeide…
DetaljarYnskjer du gule påskeegg til frukost i morgon, kan du koka egga ilag med skallet til ein løk. Då får kvite egg denne flotte gule fargen. God påske!
Fleire har nytta påskeferien til å starte leitinga etter årets turorienteringspostar på Huglo. Dette er eit flott tilbod frå idrettslaget mange nyttar seg av. Kart får ein kjøpt på huglabutikken.
Gamle travarar tørka støv av notar og instrument for litt øving til 17.mai!
På påskeafta sit styret utføre butikken frå klokka 10:00 til 14:00, så kom å slå av ein prat øve ein kaffikopp. Det vert også moglegheit å sikre seg billett. Sidan det er påskeafta og kun 110 dagar til festival kjøyrer me påsketilbod med 100kr rabatt på festivalpass. Same rabatt kan du sjølvsagt sikkra deg via…
DetaljarRundt 30 stykk tok turen til varden då Huglo idrettslag inviterte til fellestur. Grunna dårlege vermeldingar vart det ikkje bål på toppen i år. Det vart ein flott tur! Årets orienteringspostar er ute! Kjøp kart på butikken.
DetaljarSmå og store stumpar på kvar einaste stol i bedehuset då det palmelaurdag var basar på Huglo. God mat, flotte vinstar og godt stemning som det plar vere på basar. Mange flotte vinstar! Bedehuset sitt gamle elorgel vart også lodda ut.
DetaljarMed denne bussen på øya kan eg lure på om det er venta stor påsketrafikk på Huglo. Det er i alle fall mange som nyt flotte påskedagar på Huglo
Laurdag 18.april vert det årsmøte i Huglo båtlag klokka 10.00. Stad: Huglo skule Les innkallinga til årsmøtet her: Innkalling til årsmøte i Huglo båtlag
DetaljarMe har, som mange av dykk har registrert, dei siste vekene hatt store tekniske problem med huglasida. Det starta med “innbrot” på sida, nokon hadde stole passorda våre og sida var “hacked”. Det er ikkje du som har klikka på galt tast når du får opp ei side for eit fima som sel klede på…
DetaljarMe får framleis ikkje opp kalenderen, så her er ei liste over aktivitetar i Bedehuset dei fyrste ukene framover: Laurdag 28. mars: Basar Torsdag 2. april og mondag 6. april: Gudsteneste Torsdag 9. april: Årsmøte Indremisjonen og Bedehuset Torsdag 16. april: Møte Misjonssambandet
DetaljarDen årlege bedehusbasaren er i år laurdag 28.mars – Palmelaurdag – kl. 16. Også i år er Bjørg Marit Notland andaksthaldar. Alle hjarteleg velkomne!
Det var 20 frammøtte huglarar på møtet, noko som er færre enn tidlegare år. Faste postar: Gjennomgang av årsmeldinga ved leiar Øystein, årsreknskap ved kasserar Nils.. Det vil koma ny kontoplan som skil mellom dei ulike prosjekta. Val av nytt styre :(Leiar Øystein ut etter 4 år), ny leiar Sigurd Huglen, kasserar Nils Dale Elde…
DetaljarStyret 2014: Leiar Øystein Huglen Kasserar Nils Dale Elde Skrivar Kirsti Heggland Styremedlem Øyvind F Sortland Styremedlem Gro Anita Nesse 1.vare Ragnhild Svendsen 2.vara Hege Elin Haukanes Revisor Hedvig Flornes Laget har hatt 6 styremøter. Bygdalaget har stått for 17.mai tilskipinga på skulen med ryddeaksjon i forkant. Det vart skipa til familiedag i Tveitevågen på…
DetaljarDen Store Ryddedagen med diverse containare frå SIM er i år sett til 2. mai. Containarene vert ståande frå kl. 9.30 til 12.00. Hugs at det ikkje kan leverast byggingsavfall.
Bokbåten Epos kjem til Huglo laurdag 28. mars kl. 10 – 11. Kulturprogrammet denne gongen er eit møte med forfattar og illustratør Reidar Kjelsen, som skriv lettles-bøker for dei yngste lesarane. Han fortel om yrket sitt, og presenterer bøkene sine og originalillustrasjonar. Høgdepunktet er gjerne teikninga av monster på flip-over etter beskrivingar frå barna. Målsettinga…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.