Basar i Bedehuset
Huglo Santalforeining har basar i Huglo bedehus fredag 22.8. kl. 18. Alle er hjarteleg velkomne!
DetaljarHuglo Santalforeining har basar i Huglo bedehus fredag 22.8. kl. 18. Alle er hjarteleg velkomne!
DetaljarDet er kanskje fleire som har observert ein NRK-bil på Huglo den siste veka. Svaret på kvifor, får du her. I haust kan ein venta seg eit innslag frå Huglo, på NRK-Super sitt dyreprogram “dyrevenn”. I eit par dagar har eit team fotfulgt Lars Olai Haukanes på Sørhuglo. Huglo.no kjem tilbake til tidspunktet for sendinga.
No ser det ut til at alt endeleg fungerer på Huglabutikken igjen. Etter at tordenværet forrige helg slo ut nettet til kasseapparatet, har det ikkje vore mogeleg for kundane å handle utan å ha med kontant eller betale med kreditt. Daniel, Rune og Solfrid på Huglabutikken har vore fortvila over situasjonen i over ei veke.…
DetaljarDen første fotballskulen på Huglo vart ein suksess med 22 deltakarar. Iført flotte Tine-draktar var det mange blide og ivrige ungar på å sjå på Leirvikestølen denne veka. Innsatsen var det ingenting å seie på, og både store og små såg ut til å kose seg på banen. Ei stor takk til Nils Henrik Elde…
DetaljarHuglo Bygdalag arrangerte ein sers vellukka familiedag i Tveitevågen. Her var både huglarar, hyttefolk og tilreisande slekt og venar. Grillane var varme og det vart sett til livs mange pølser, og is, brus og bålkaffe gjekk unna i sumarvarmen. Vatntermometeret stopte på 22 grader, så den mest populære aktiviteten var utan tvil bading. Kapp-padling på…
DetaljarDet er reine sydenvarmen på Huglo denne sumaren, og i morgon vert det familiedag i Tveitevågen. Bygdalaget fyrar i grillane, så ta med grillmat. Det vert sal av is og brus. Ein kan m.a få prøva seg på klatring, rappelering, kubb, slakk line og sjøkonkuranse.
DetaljarDei siste 4 dagane har det stått ein sveitsisk bobil på ei hyttetomt på Nordhuglo. Kor kom dei frå, og kvifor kjørde dei i land på akkurat Huglo, to godt vaksne og to store bikkjer? Dei fortel at dei kom frå Ungarn, via Sverige, og skulle sjå Vestlandet. På kartet hadde dei oppdaga ei øy…
DetaljarHeldigvis tok det ikkje meir enn eit par dagar, så var vatnet sumarleg att. I dag: Kråko: 18 grader (17 grader på 50 cm djup, her gjeld det å halda seg i overflata) Huglovikjo: 18 grader der og
DetaljarNei, dette er ikkje ein båthamn i Middelhavet, men Huglo Gjestehamn ein heilt vanleg dag i juli. Rekorden er på 10 overnattande båtar! Kvifor dra lenger enn til Huglo? Og no er me lova at sumaren kjem tilbake.
DetaljarMest for dei av sel-slekt: Tveitevågen 15 grader Huglavikjo 15,5 grader (med litt velvelje)
DetaljarSøndag 27. juli frå klokka 13:00 innviterer Huglo Bygdalag til familiedag i Tveitevågen. Det blir servering av bålkaffe og grillane er varme, så ta med grillmat. Det vil bli ymse aktivitetar og du kan ta sumarbadet! Vel møtt!
DetaljarHar du nokre gamle ferjebilete? huglo.no har fått denne mailen: Eg held på med ei bok om ferjesambanda til HSD i perioden 1928-2006. I den forbindelse har eg stort sett fått tilgang til bilde frå dei fleste ferjestadane som HSD trafikkerte. Men frå Huglo manglar eg bilde. I den forbindelse på jakt etter foto frå…
DetaljarI år deltok huglalaget på Tysnes sparebank cup for 11. gang! I årets turnering fekk HSD berre andreplass, litt skuffande etter fjordårets topplassrering. Dette er ein kjekk tradisjon som truleg ikkje stoppar med det første.. Huglalaget sin statistikk 2014: 2.plass 2013: 1.plass 2012: 1.plass 2011: 2 plass 2010: Rauk ut i kvartfinalen 2009: 3. plass…
DetaljarFor sjette gong får du sjans til å delta i “varden opp” på Huglo. Dato: Søndag 3.august Tid: 13.15 Start: Vikasanden Startskontigent: 30 kr Premie til dei tre første i dame og herreklassane Idrettslaget lagar bål, sel brus og kaffi på toppen. Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå…
DetaljarDet er flotte sumardagar på Huglo! Har du tatt flotte bilete og har lyst å dele dei med oss? Send dei til post@huglo.no Foto: Asbjørn Johansen
DetaljarInformasjon frå Helene Wilgohs: “Statsraad Lehmkuhl har avreis Leirvik torsdag 24.juli kl. 7.30 retning Bergen. Det er siste del av Tall Ships Races-etappen fra Fredrikstad til Bergen. Dersom noen har lyst til å følge oss i båter oppover Langenuen hadde det vært kjekt! Ellers ligg vi i Leirvik fra onsdag kl 10, med åpent skip…
DetaljarHuglovikjo: 18 grader ved flytebrygga Haukanes: 20 grader! Hopp i havet! Luft 10.juli i skuggen på Nordhuglo: 31 grader. Og send gjerne sumarbilete til post@huglo.no, så me kan dela Hugla-sumaren med fleire lesarar!
DetaljarCa 20 huglarar møtte fram på folkemøtet der høyringsnotatet om Hulo skule si framtid vart lagt fram og huglarane kunne lufta si meining. Frå kommunen møtte rådmann Magnus Mjøs, leiar for Komitè for oppvekst og utdanning Jakob Bjelland og skulefagleg rådgivar Marit Kjelby. I kommunebudsjettet for 2014 er det eit vedtak om å setja i…
DetaljarDet er kanskje nokre år sidan sist, men no er dei kvite stripene tibake langs vegane på Huglo.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.