Julakonsert

Desember er ein månad proppa med tradisjonar. Julakonserten med korpset og songlaget storabuen er ein sjølskriven førjulstradisjon. Konserten i år skil seg imidlertid litt ut frå dei andre i rekka. Medan koret varma opp forsvann plutseleg straumen, og det var ikkje fordi koret stilte med eige orkester som krevde ekstra straum. Straumbråtet hadde råka heile…

Detaljar

VINNARAR!!!

Potensielle millionærar som vart trekt ut denne veka er : 01.12 Kjersti Sørli 02.12 Hilde 03.12 Linda 04.12 Tiril Sømoe Huglen 05.12 Veslemøy Sømoe Huglen 06.12 Veslemøy Sømoe Huglen 07.12 Are Rett trekning var Harald Johannes Haukanes, Engeline Margrethe Haukanes og Hege Elin Alsaker Haukanes. Flaxlodda kan hentast på Huglabutikken :-) Dersom nokon ynskjer å…

Detaljar

Kalkunane i svingen

Dei som er røynde sjåførar på Huglo, veit at det er ein sving der ein må kjøyra enda varlegare enn elles.  Myrvold Gård har 4 flotte husdyr gåande, og dei dyra er heilt suverene når det gjeld val av opphaldsstad.  Gjerne midt i vegen, der er det jo god plass.  “Me hat hatt dei i…

Detaljar

Julegata

På laurdag vart jula på Huglo offisielt opna. Tenning av verdas minste julegate samla både fastbuande og hyttefolk til ei sosial stund utanfor butikken. Korpset sørga for flott musikk og julestemning. Det var ellers godt å kunne varme seg med ein kopp gløgg i det sure veret.

Julakonsert

Også i år vert det julakonsert med songlaget Storebuen og Huglo skulekorps – på skulen, sundag 8. desember kl. 16.00 (i samfunnshuset/gymsalen som namnet var då lokalet vart bygd).  Det vert mat (sjølvsagt, dette er Huglo!) og utlodning.   Av røynsle veit me at dette vert ein konsert til å bli glad av.  Takk til songlaget Storabuen som og…

Detaljar

Byggeplassen Huglo

No gravast og byggjast det over heile øyo!  Noko for sal, noko for utleige og noko til eige bruk.  Her vert mykje nytt, så mykje skjer på området for regulering, eiedomssal og byggeplanar, at det er vanskeleg å halda seg orientert.  Men sikkert er det at her vert det forandringer.  Bygdalaget har fått lovnad om…

Detaljar

Søndagskafe

Det var tett kring borda då Huglo bygdekvinnelag arrangerte søndagskafe i skulen. Utstillinga “Kjøken og husstell før i tida” fall godt i smak hos dei besøkande, og inneheldt eit stort antal gjenstandar som har vore i bruk i heimane før i tida. Tore Lande Moe gav oss eit interessant og historisk innblikk i korleis kvinnene…

Detaljar