Bedehusbasar

Endeleg kan starten på påsken vera som i dei gamle, gode dagane før pandemien! Den tradisjonelle påskebasaren på Bedehuset vert laurdag 9.april kl 16 Det vert andakt ved Kari Bolette Lundal Mat og kaffi Arrangørane er takksame for gevinstar, ta kontakt med Per Egil Sæter eller Wenche Taranger Vel møtt!

Detaljar
Frå Huiglamesso

Huglamessa med kafé

Eller omvendt?  I alle fall eit vellukka arrangement, kunne bygdekvinnelaget slå fast.  Mykje folk, nokre av selgarane var vel nøgde og alle fekk selja noko – men mest populær var nok kaféen.  Folk stortrivdes med å møtast etter den lange sosiale tørko med pandemien, mykje nyhende skulle utvekslas og kakene var både fine og gode. …

Detaljar

Huglamessa

Huglamessa er flytta ei veke, altså til laurdag 26.mars. Opningstid er kl 12 til kl 15. Me har god plass til fleire utstillare!  Handarbeide, mat og andre jordbruksprodukt,, sløydprodukt, søtsaker, heimelaga såper . . . . Meld deg til Eline, tlf 920 13 087 Og så har me kafé!  Velkomen til skuelystne,  kjøparar og kafégjestar

Detaljar

Info frå Huglo IL

Årsmøte Sist helg var det årsmøte i Huglo IL. Nytt styre vart valgt og det var trekking av premie mellom alle som har delteke i  turorienteringa. Den heldige (og verdige) kakevinnaren som kan bestilla seg kake på Huglabutikken er Magne Huglen. Nytt styre for 2022: Øyvind Fagervoll Sortland, leiar. Sigurd Huglen, kasserar. Kjetil Sømoe, skrivar.…

Detaljar

Innbrot i Huglasida

Covid – 19 smitte?? Igjen har nokon vore inne i huglo.no og øydelagt deler av sida.  Mellom anna klagar våre lesarar på at “Arkiv” ikkje visast lenger,  startsida er ikkje som den var og skal vera, og kalenderen visast ikkje. Me arbeidar med saka!  Men skal me ha proffesjonell hjelp, kostar det pengar . .…

Detaljar

Eldretreff

Det vert Eldretreff onsdag 9.februar kl 15 – 17 i skulestova. Som vanleg vert det god servering og god tid til drøs om laust og fast. Har du noko du vil ta opp, noko du vil fortelja, eller vil du diskutera verdensproblem?  Då er Eldretreffet på Huglo staden! Alle velkomne!

Detaljar

Huglamesse 2022

Huglo Bygdekvinnelag tar initiativ til å arrangere Huglamesse 19.mars – sjølvsagt med eit sideblikk på corona-situasjonen.  Vert smittesituasjonen slik at messe ikkje er tilrådeleg, utsett me messa til utpå hausten. Ei messe krev utstillarar/selgarar.  Me ber difor alle som er interesserte i å bidra, å melda seg til Eline, tlf 920 13 087, slik at me…

Detaljar

Endeleg Eldretreff

Onsdag om akkurat ei veke, den 12.januar, er det Eldretreff i skulen kl. 15 til 17. Kaffe og kaffemat, og god tid til drøs.  Har det hendt noko nytt på Huglo sida i fjor? Er det planar om noko nytt? Per Egil fortel om butikken sitt nye, planlagde, uteområde. Velkommen!

Detaljar