Huglo Bygdalag (HBL) har også i år hatt mange saker oppe til handsaming. Styret i HBL har i år hatt 10 styremøter.
Saker som har vore oppe til handsaming er:
Vikasanden
I samband med opparbeiding av nausttomt ved Vikasanden har Erling Grov oppgradert vegen. Vegen var før tiltaket i svært dårleg stand. HBL har betalt seg inn i kostnadar knytt til utført arbeid. Det bør også utførast arbeid med å fylla jord i søkk samt ordna lita bru over bekk.
Vatn og avlaup.
Kommunalt avlaup og vatn er no ferdigstilt. Det er også komen vatn til Tveit. Engevik og Tislevoll AS utførte arbeidet for Stord kommunalteknikk
17. mai.
17.mai vart stelt i stand av Bygdekvinnelaget. Vel utført.
Huglo.no
Huglo.no. oppmodar alle til å nytta seg av Huglo.no, informasjon, historier mm. Dei som driv Huglo.no utfører ein bra jobb.
Sykkelbua
I 2018 har syklane vore ein god del brukt, men for sesongen 2019 må syklane sjåast over.
66/40 – barnehagetomta.
Huset er i dag leigd ut. Det er utført ein del vedlikehald, både innvendig og utvendig. I tillegg er det sett opp ei utebod.
3/78 – Samsonstomta.
Vatn og avlaup til tomta er no ferdigstilt. Tomta er klar til å byggjast på. Styret i HBL må no ta stilling til kva dei vil gjera med tomta.
Fastlandssambandet
Modell for utrekning av ferjeavløysingsmiddlar er no klare. Dette er statlege midlar øyremerka til prosjektet. Alt ligg no til rette for at detaljreguleringsplan kan utarbeidast. Detaljreguleringsplan må til før søknad om ferjeavløysingsmidlar kan sendast staten. Det er fylkeskommunen som sender inn søknad om ferjeavløysingsmidlar. Det vert i desse dagar avklart fordelingsnøkkel om kostnad knytt til reguleringsplanen (Stord, Tysnes og fylket). Oppstart av planen vert tidlegast 2020.
Huglo skule.
I vår og sommar vart så og seia heile gymsalen malt og nordre veggen på skulen skrapa og delvis malt. Taket på skulen er ordna, søre endevegg på gymsalen er skifta mm. Straumforbruket er no på eit «normalt «nivå. Det er lagt inn fiber/ internett til skulen. Det står att ein noko vedlikehald og reknar med at driftsstyret vil kalla inn til dugnad.
Leiro
Det er komen betre vegtilkomst til Leiro. Har fått lov til å sikra strandsona for utvasking. Det er komen på plass ein del stein i strandsona, men noko arbeid med kjøring av stein står att.
Veglys
I haust vart det utført arbeid på eksisterande veglys. Ein god del lysarmaturar vart skifta ut. Etter utført arbeid var det lys i alle lysarmaturane. I vinter vart det søkt om å få fleire veglys. Pr. dato har HBL ikkje fått svar på søknaden.
SIM
I februar vart styret i HBL orientert om at den årlege ryddedagen ikkje vert utført lenger. Styret i HBL har skrive brev til styret i SIM der det vert argumentert for fortsatt årleg ryddedag.
Vedlikehald på den kommunale kaien på Sørhuglo.
Styret i HBL sende skriv vedr. deira syn på den kommunale kaien på Sørhuglo. Administrasjonen i Stord kommune hadde eit negativt syn på å utføra naudsynt vedlikehald på kaien, men med HBL sitt brev og litt lobbyverksemd, så gjekk kommunestyret inn for at vedlikehald på kaien skal utførast. Reknar med start i 2019.
Saker som vart nemnde under haustmøte:
Leikeplass. HBL vil opp-gradera leikeplassen ved skulen i år.
Kurs. Bør prøva å få noko til frå hausten av. Fint om interesserte melder seg.
Hugladag. Det vert Hugladag i år, då i form som ein «familiedag».