I år har Noregs Bygdekvinnelag kornsorten bygg i sentrum. Det er den eldste kornsorten som er dyrka her i landet. Så, i tillegg til alle dei gode kakene som alltid er på samankomster på Huglo, får du i år sjansen til å smaka på ein ny middagsrett: Byggotto (risotto laga med norsk bygg). På siste møte i Huglo Bygdekvinnelag fekk me smaka på Heidrun sin byggotto, og den er garantert heilt nydeleg! På Huglamessa på laurdag vert byggottoen servert med rundstykker bakt med halvten kvetemjøl og halvten byggmel, og i tillegg litt lettkokte havregryn. Kanskje vert det ei kyllingklubbe òg, for dei som ikkje er vegetarianare. Så godt at mange vil etterspørja oppskrifta, så den kjem her:
Byggotto til 10 personar
300 gram hele byggkorn kokast i 30 minutter. Slå bort kokevatnet.
Så skjer du opp 6 sjarlottlauk og og fresar i litt (oliven)olje, tilsett byggryna og 1,5 liter hønsebuljong, og 1 dl kvitvin eller eplejuice (kan sløyfast). Mens dette småkokar (ca.20 min.) deler du opp 1 rød og 1 gul paprika og 3 squash og blandar dette forsiktig inn i byggottien. Smak til med salt og peppar. Nam! Og så kan ein jo laga sin eigen versjon, om ein vil tilsetja sopp, kyllingkjøt eller skaldyr eller . . . .
Og så vert det kaker til dessert!
Velkomen til Huglamessa!