Varmen som forsvann
Vatntemperatur i Huglavikjo i dag, fredag: 15 grader. Men nå er me lova varmare ver igjen.
Vatntemperatur i Huglavikjo i dag, fredag: 15 grader. Men nå er me lova varmare ver igjen.
Sist veka hadde CISV Sunnhordland leir på Huglo skule. CISV er ein internasjonal fredsorganisasjon som arrangerer fredsutdannande aktivitetar. Leiren har vore for ungdom frå heile landet i alderen 16 -18 år med 18 deltakarar. Temaet for leiren har vore verdiar. Kva verdiar er det som er viktige i samfunnet og korleis kan ein bidra til…
DetaljarHuglo Idrettslag planlegg tradisjolet “Varden opp” på laurdag 31. juli. Det vert start frå Huglobutikken. På tide å starta treningen!! Biletet er frå starten i 2017
DetaljarBedehusbasar er planlagt til 17. juli kl 15 på skuleplassen. Styret for Huglo Bedehus lovar triveleg program, med både kaffi, saft og mat. Det er lurt å ta med seg stol. Styret ynskjer gevinstar, dei kan leverast til Wenche eller Per Egil. Det vert ført lodd løpande i loddbok. Alt no kan du kjøpa lodd…
DetaljarTross godveret er nettene ganske kjølige, så temperaturen i Huglavikjo er i dag, laurdag, 14,5 grader. Nokon av oss meiner heldigvis at alt over 10 grader er akseptabelt, så i dag vert det bading! Kanskje helst i Tveitevåger, der temperaturen plar vera to grader over Huglavikjo.
DetaljarIkkje var det kaldt, og ikkje var det regn – det vart ein flott St. Hans-kveld på Huglo. Fotballkamp med blanda lag Fyrst fotballkampen, som før var mellom huglarar og hyttefolk. Nå vart det “godt og blanda”, med minst to generasjonar på banen, og minst ein meter i høgdeforskjell på spelarane, og alle var like…
DetaljarFor å feira ny flytekai – og for at det er sommer – inviterer Huglabutikken til fest søndag 4.juli. Det er selt grillmat frå kl 13, og Cecilie Anna held minikonsert kl 14. Opning av kaien kl. 14.45. Det vert loddsal, og bading med premie om lag kl 15. Husk badekle! Lurt å ta med…
Detaljar12,4 grader i sjøen – kor blei sommaren av? Og så er brennmanetane kome, veldig mange brennmanetar! Det er jo faktisk eit sommarteikn, men eit me godt kan vera forutan. Elles melde Huglabutikken at dei skal ha søndags-ope i juli i år òg, frå klokka 14 til 17. Me får håpa at veret vert betre…
DetaljarEtter en varm postaleiting-tur freista det med eit sjøbad. Fyrst bada, så måla vanntemperaturen. Termometeret viste 14,2 grader i Huglavikjo. Deilig avkjølande. All erfaring seier at er det 14 grader i Huglavikjo, er det 16 grader i Tveitevågen. Det er berre å hoppa i det, mens me har dette fantastiske sumarveret.
mai-tale 2021 Ja, vel møtt, og Gratulerer med dagen! Så er han her igjen då, den dagen me gledde oss mest til som ungar, bortsett frå julafta. Og me tek fram igjen nasjonalsongane, dei er like sjølvsagde for 17. mai som dei gode, gamle julesongane er for jula. Av desse songane er det særleg ein…
DetaljarDen sjølvoppnemde komitéen for Eldretreff arrangerer tur til Laukhamar Fritid den 9.juni. Turen er open for alle som har lyst til å bli med på en hyggeleg tur og spise god mat. Deltakarar kan velge mellom a) Lammegryte med poteter eller ris, grønnsaker og heimebakt brød eller b ) Svinesteik med surkål, gulerøter…
DetaljarDei som les avisa Sunnhordland på nett, fekk med seg alle bileta og reportasjen allereie om ettermiddagen 17.mai. Het kjem litt ekstra for dei som berre les papirutgåva. Her var gledeleg godt frammøte i finveret. Det er tydeleg at folk savnar å kunne samlast og holde tradisjonar ved like. Kl. 11 var det flaggheising ved…
DetaljarFleire har reagert på ein lyd som høyres mistenkeleg ut som skudd i dag. Litt “rundare” i lyden, riktignok, men driv nokon ulovleg jakt, eller kva er dette? Kvem skulle tenkja seg at dette er eit moderne fuglaskremsel?!! Store flokkar med grågjess beitar på bakkane for tida, det vert merkbart færre traktoregg som resultat. Og…
DetaljarLaurdag hadde Huglabutikken A/S si årlege generalforsamling i gymsalen på skulen – med smittevernavstand mellom stolane. Frå årsmeldinga: Utvikling og resultat. “ Huglabutikken AS har dei siste åra hatt ei stabil drift. I 2020 vart det ein auke i omsetninga på 13,4 % samanlikna med 2019. Rekneskapen for 2020 er gjort opp med eit “positivt…
DetaljarOgså i år må det meste av 17.mai – feiringa gå føre seg heime og privat med den næraste kohorten. Men heldigvis vert det óg noko felles: kl. 11.00 Flaggheising på skulen 17.mai tale ved Sigrunn Røssbø Musikken spelar Og kl 12.00 syng heile Norge “Ja, vi elsker” saman, med musikk og forsongarar på TV,…
DetaljarMe har vanlegvis eldretreff 2. onsdag i månaden. Denne gongen er treffet utsett ei uke p.g.a. bisetting. Altså vert det denne gongen Eldretreff onsdag 19. mai kl 15 – 17 i skulestova. Me tenkjer å sjå litt nærare på folketellinga fra 1920, med døme på korleis ein kan logga seg inn og kva ein kan…
DetaljarPynting av ferjekaia på Nordhuglo har ikkje alltid vore noko å vera veldig stolt av. Det vart planlagt ei forbetring i fjord – men etter ein del forsøk på telefonen og pr mail til diverse instansar, vart det ikkje noko av planane i fjor. Men i år byrja styret i Huglo Bygdekvinnelag tidleg å tenka…
DetaljarHuglo Bygdekvinnelag inviterte til strandrydding i Ørevikjo sist mandag. 6 bygdekvinner og 2 hyttefolk møtte opp, og det vart rydda 10 sekkar plastavfall og mykje anna søppel (plast) som ikkje passa i sekk. Alt vart lasta opp i båt og frakta til kaia på Nordhuglo. Ryddinga vart avslutta med kosestund i sola med kaffe og…
Detaljar245 i 1920 Natt til 1. desember 1920 oppheldt det seg 245 personar på Huglo. Kven var dei og kva gjorde dei? No kan me få svar. Ved folketeljinga 1. desember 1920 vart det fylt ut ein 2-sidig setel for kvar innbyggjar i landet. I tillegg til namn og fødselsdato vart det her bl.a. registrert…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.