Fiskelykke
Jo, det er framleis fisk i sjøen! Fangst får ein, dersom ein har rette reiskapen, stort tålmod, og veit om dei rette plassane. Den største langa på biletet vog 14 kg, brosmene begge vel 5 kg.
DetaljarJo, det er framleis fisk i sjøen! Fangst får ein, dersom ein har rette reiskapen, stort tålmod, og veit om dei rette plassane. Den største langa på biletet vog 14 kg, brosmene begge vel 5 kg.
DetaljarLøypa var grei og været var akkurat passe. Og alle deltakarane fekk velja favorittisen sin på butikken ved premieutdelinga.. Patrick var suvereint raskast opp på 17.59 (!!), i dameklassen vann Mathilde og av dei under 12 år var Torbjørn raskast. Alle 13 imponerte tilskuarane stort!! I år hadde løparane også ein hare i grøn kjeladress,…
DetaljarRykta seier at nokon har dreve hardtrening for dette årlege evenemanget. Laudag kan dei verta premiert for innsatsen! Start ved butikken kl 13, premiering og tilbod om dusj med hageslange ved innkomst. Startkontingent kr. 100. Vipps 530536.
DetaljarLaurdag f.k. kjem dei populære Rustne Menn frå Uskedalen med trekkspel, gitar og godt humør og lagar til allsang på kaia kl.13. Ta gjerne med eigen stol. Velkommen!
DetaljarIkkje verdas beste frammøte på kaien denne særs solvarme sundagen, men dei som prioriterte konsert framfor strand, hadde en hyggeleg stund. Martha og Nesegutane framførte kjente og litt mindre kjente songar og meliodiar, kvikt bundne saman med historiar om laust og fast av vokalist Helge Olav Instøy. Før musikarane slapp til, takka Per Egil både…
DetaljarKalde netter og havtåke til langt på dag har gjort at fjorden ikkje får den temperaturen med ventar på, sjølv om ettermiddagane er uvanleg varme og fine.. Men litt framgang er det: Huglavikjo var i dag, sundag, 17 grader, Tveitevågen 19 – og rundt Hamaren var det 18,5 grader. Og regnveret er utsatt til tirsdag.
Sundag f.k. vert det konsert på kaien utafor Huglabutikken kl 15 med Martha og Nesegutane. Det vert sal av kaffi og butikken er open. Ta gjerne med eigen stol. Velkommen!!
DetaljarEtter at me i fleire dager har hatt 18 grader i Huglavikjo og 20 grader i Tveitevågen, våkna me i dag til yr og 17 grader i vatnet. I Laukhamarsund var det framleis 18 grader, og i skrivande sund skin sola. Det er berre å fortsetje med å bada!
Det er friluftsgudsteneste imorgon, sundag, kl. 14.45, på Stølen – snuplassen på Tveit, ved Reidar Ådnanes. Ta med stil. Ta med kaffi og mat til enkel kyrkjekaffi. Dersom dårleg ver, vert gudstenesta i Bedehuset.
DetaljarVatntemperatur i Huglavikjo i dag, fredag: 15 grader. Men nå er me lova varmare ver igjen.
Sist veka hadde CISV Sunnhordland leir på Huglo skule. CISV er ein internasjonal fredsorganisasjon som arrangerer fredsutdannande aktivitetar. Leiren har vore for ungdom frå heile landet i alderen 16 -18 år med 18 deltakarar. Temaet for leiren har vore verdiar. Kva verdiar er det som er viktige i samfunnet og korleis kan ein bidra til…
DetaljarHuglo Idrettslag planlegg tradisjolet “Varden opp” på laurdag 31. juli. Det vert start frå Huglobutikken. På tide å starta treningen!! Biletet er frå starten i 2017
DetaljarBedehusbasar er planlagt til 17. juli kl 15 på skuleplassen. Styret for Huglo Bedehus lovar triveleg program, med både kaffi, saft og mat. Det er lurt å ta med seg stol. Styret ynskjer gevinstar, dei kan leverast til Wenche eller Per Egil. Det vert ført lodd løpande i loddbok. Alt no kan du kjøpa lodd…
DetaljarTross godveret er nettene ganske kjølige, så temperaturen i Huglavikjo er i dag, laurdag, 14,5 grader. Nokon av oss meiner heldigvis at alt over 10 grader er akseptabelt, så i dag vert det bading! Kanskje helst i Tveitevåger, der temperaturen plar vera to grader over Huglavikjo.
DetaljarIkkje var det kaldt, og ikkje var det regn – det vart ein flott St. Hans-kveld på Huglo. Fotballkamp med blanda lag Fyrst fotballkampen, som før var mellom huglarar og hyttefolk. Nå vart det “godt og blanda”, med minst to generasjonar på banen, og minst ein meter i høgdeforskjell på spelarane, og alle var like…
DetaljarFor å feira ny flytekai – og for at det er sommer – inviterer Huglabutikken til fest søndag 4.juli. Det er selt grillmat frå kl 13, og Cecilie Anna held minikonsert kl 14. Opning av kaien kl. 14.45. Det vert loddsal, og bading med premie om lag kl 15. Husk badekle! Lurt å ta med…
Detaljar12,4 grader i sjøen – kor blei sommaren av? Og så er brennmanetane kome, veldig mange brennmanetar! Det er jo faktisk eit sommarteikn, men eit me godt kan vera forutan. Elles melde Huglabutikken at dei skal ha søndags-ope i juli i år òg, frå klokka 14 til 17. Me får håpa at veret vert betre…
DetaljarEtter en varm postaleiting-tur freista det med eit sjøbad. Fyrst bada, så måla vanntemperaturen. Termometeret viste 14,2 grader i Huglavikjo. Deilig avkjølande. All erfaring seier at er det 14 grader i Huglavikjo, er det 16 grader i Tveitevågen. Det er berre å hoppa i det, mens me har dette fantastiske sumarveret.
mai-tale 2021 Ja, vel møtt, og Gratulerer med dagen! Så er han her igjen då, den dagen me gledde oss mest til som ungar, bortsett frå julafta. Og me tek fram igjen nasjonalsongane, dei er like sjølvsagde for 17. mai som dei gode, gamle julesongane er for jula. Av desse songane er det særleg ein…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.