Eldretreff

Kakene var nok ikkje heilt så mange som dei på biletet, men 9 huglarar + 2 arbeidande damer var samla i skulestova til eldretreff 14. januar.  Og det er jo over 10% av befolkninga på Huglo.  Det var litt kulturelt program, men mest god drøs og god kaffe.  Skulestova kan med fordel gjerast mindre “skulestoveaktig”…

Detaljar

Bokutlån på Huglo

Stord folkebibliotek har også denne våren filial på Hulo skule, med bøker for vaksne.  Du kan óg bestilla bøker frå biblioteket og få dei levert hos Huglo Filial.  Vår trufaste bibliotekar Åse er på plass følgande torsdager kl 18.00 til 19.00: Januar 16. og 30. Februar 13. og 27. Mars 12. og 26. April 16.…

Detaljar

Eldretreff igjen

På Haustmøtet for Huglo Bygdalag vart samankomsten “Eldretreff” etterlyst.  No har Eline og Åse teke på seg å invitera huglarar til ein ny start på Eldretreff – utan at det er nokon aldersgrense korkje oppover eller nedover.  Alle er velkomne! Treffet er tirsdag 14. januar, på skulen, kl. 12 til ca kl 14. (Biletet er…

Detaljar

Ferjeruta

Ynskjer du ruteheftet, som i “gamle dagar”.  Det kan du bestilla – på internett, sjølvsagt – på skyss.no.  Då får du heftet i posten. Kjersti har laget en flott, forenklet ferjerute for dem som bare skal til/fra Huglo/Jektevik.  Med forbehold om skrivefeil: FERJERUTER 2020 Kvardagar * stjerne stopp, ring ferje, a berre fredager Frå  …

Detaljar

Nyårshelsing

Redaksjonen i huglo.no takkar alle sine lesarar for interessa dei har vist i dei åra sida har eksistert.  Så ynskjer me alle lesarar eit godt, fredfullt år 2020, mange glade dagar, mange oppfylte ynskjer og så framgang for det litle Huglo-samfunnet i året som kjem.

Ordførarbesøket

Ordføraren må ha fått eit inntrykk av Huglo som ein varm, særs hyggeleg og fin plass, då han var invitert til Omshuset på kaffe og kringla for å møte huglarar, og verta påmint om at Huglo er ein bydel i Stord.  I tilegg har huglarane andre ting dei er opptekne av, enn folk på Rommetveit…

Detaljar

Julakonsert

Det vart ein fin julakonsert i år også. Songlaget Stordabuen starta med ei avdeling der dei song 70-tals hits. Det låt bra! Seinare hadde dei ei avdeling med kjente og kjære julasongar. Kaffimaten var god som vanleg og det var ei god runde med årer og trekking. Korpset imponerte stort med variert musikk i si…

Detaljar
Juleverkstad

Hyggeleg tradisjon

Godt frammøte og stor arbeidsglede prega den tradisjonelle juleverkstaden som Huglo Bygdekvinnelag inviterte til.  Dei vaksne var minst like ivrige som barna, og så var det så hyggeleg å gjera noko samen i denne førjulstida!                                        …

Detaljar

Juleverkstad

Huglo Bygdekvinnelag inviterar til juleverkstad for vaksne og born, laurdag 7. desember, kl. 12.00 – 15.00 (i skulen)   Laget stiller med materiell til ulike aktivitetar for borna, pyntegrønt og anna materiell til å lage kransar av. Til dei vaksne: Ta gjerne med viklestreng om du har det, og evt. ein base til å lage…

Detaljar

Nye ferjeruter

No er dei nye ferjerutene kome ut. For å sjå heile den nye rutetabllen for ferjer og hurtigbåtar for 2020 sjå link under: https://www.skyss.no/globalassets/bat-og-ferje/1.-januar-2020/rutehefte-bat-og-ferje-2020.pdf?fbclid=IwAR3S2YpXBVGRwnZ_svz3T5du_UplJ-TM0UWw-6Fl_lNJ_yqwmIBForjv1_I    

Detaljar

Haustmøte i Huglo Bygdalag

Møtet var på skulen og vart leia av formannen i Bygdalaget, Endre. 14 huglarar møtte. Bygalaget har sidan forrige møte arbeidd med Nye ferjeruter SIM og alternativ til den tidlegare ryddedagen Veglys Fiber Fastlandssambandet Skulebygget Kan me få i gang ein fritidsaktivitet som mange kan ha glede av på Huglo?  Mads foreslo på eige initiativ…

Detaljar

Gåvefest

Tysdag 22. oktober inviterte Sparebanken Vest representantar frå lag og organisasjonar som har motteke prosjektmidlar i 2019, til ei markering på Frugård. Huglo Bygdelag er ein av dei heldige mottakarane av desse midlane, og styremedlem Eva Grov var til stades på markeringa på vegne av bygdelaget.