Vårkonserten

Tysnes Kammerkor, under leiing av dirigenten Trent Bruner – held tirsdag vårkonsert i Huglo Bedehus. Frisk song og vakre, rolege songar, alt framført med smil og entusiasme for eit takknemleg publikum.  Stemninga var sett frå starten, då Hans Ole Dalland innleide med å snakka om det gode samarbeide mellom Tysnes og Huglo.  Han nemde særskilt…

Detaljar

Ny huglar

Ingri Hammer flytta til Huglo i fjor sumar med sitt blide og imøtekommande vesen. Eg lurte på kva ho har gjort på før ho kom til øya og kor ho kjem i frå. Og det fekkk eg vite. Ingri har jobba som lærar i mange år, men før det jobba ho innan landbruket med sau…

Detaljar

Turorienteringa: Hugs blyant!

Dette er post 21, 2019.  Sundag var der ikkje blyant i glaset – for ein skuffelse å ikkje kunna skrive seg opp som fyrstemann (dame)!  Dette er no retta opp av ein av postutleggjarane i idrettslaget.  Men for framtida og mange fleire spanande postar:  Legg for sikkerheits skuld ein blyant i sekken.

Tradisjonell start på påskeuka

“Alle” (nesten) var der, i alle fall like mange som totalt innbyggjertal på Huglo.  Tydeleg er det at denne basaren òg er start på påskeuka for hyttefolk og besøkande, ikke berre for huglarane sjølv.   Prosten vår, Theodorsen, hald påskeandakt, og som ei ekstra overrasking, hadde han med seg trekkspelet sitt og spela til songane.…

Detaljar

Turorienteringa 2019

Eit heilt sikkert vårtegn:  Turorienteringa er klar!  Karta ligg til sals på Huglabutikken for 200 kr.  Mange spanande nye posisjonar, her er utfordringar for både spreke og litt mindre, men likevel turglade, spreke.  Mange postar på Huglahamaren i år, litt klatring må til. I fjor var det 189 personar, store og små, som fann minst…

Detaljar

Varsling av brann og ulukker

Avdelingsleiar beredskap Stord brann og redning, Frode Lillerud, ønsker at rutinene for varsling av brann og  ulykker skal bli gjort kjent på hugla-sida.  Disse rutinene er landsdekkende, ikkje laga spesielt for Huglo.  Frode Lillerud seier óg at han ynskjer at henvendingar som gjeld ikkje-tidskritiske hendingar, skal gå om vakthavande leiar for beredskap på Stord, slik…

Detaljar

Palmelaurdag

Gode tradisjonar skal ein halda på:  Sjølvsagt vert det bedehusbasar laurdag 13. april!  Ein av dei mest besøkte samlingane på Huglo, kanskje berre slått av julakonserten.  Påsken er ikkje den same utan.  Me sjåast!

Den Store Vaffeldagen

Trass i surt og vått vær fann folk vegen til vaffeljern-utstillinga og mange, gode vafler servert i Omnshuset på Nordhuglo.  Velkomstvaffelen vart steikt etter ein oppskrift på eit vaffeljern frå 1800-talet: Eline orienterte om vaffeljernets historie frå 1700 talet og fram til våre dagar, ut frå mange fint laga jern i utstillinga.      …

Detaljar

Designar du årets hugla-Tskjorte?

Styret for Huglabutikken AS synes det hadde vore stas å ha T-skjorter med Huglo-relatert motiv/trykk for salg i butikken Dei inviterer fastbuande og hyttefolk på Huglo til å komme med idéar til korleis somaren sin kulaste T-skjorte skal sjå ut! Styret ønskjer ei tegning og/eller tekst som egnar seg til å trykke på T-skjorter til…

Detaljar

Vaffeldagen

Komande sundag er alle velkomne til å feira Vaffeldagen i Omnshuset på Nordhuglo.med utstillinga Vaffeljernets historie frå kl. 13.  Det vert sjølvsagt servering av vaflar med kaffe, te og saft. Inngang vaksne kr. 100, barn gratis.

Detaljar

Korpsbasar med konsert

eller omvendt?  I alle fall var det imponerande kva dei to korpsa, Onarheim Musikklag og Huglo skulekorps, fekk til når dei slo seg saman!  Huglo skulekorps stillar som regel 11 – 13 musikantar, no var dei 28 samla, og med fullt mannskap er samarbeidskorpset 35!  Og både den felles dirigenten,  Nick Hughes,  og musikantane verka…

Detaljar

Familien Notland Harnes

Familien Notland Harnes flytta til Huglo i fjor sommar. Men kven er dei, kva driv dei med, og vert dei buande? Det vart difor eit lite intervju. Jasså, de flytta frå Torshov til Huglo? Ja, det er noko med det at toåringen finn fram bankebrettet og hamrar laus på golvet kl 06 om morgenen. Rett…

Detaljar

Årsmelding frå bygdalaget

Huglo Bygdalag (HBL) har også i år hatt mange saker oppe til handsaming. Styret i HBL har i år hatt 10 styremøter. Saker som har vore oppe til handsaming er: Vikasanden I samband med opparbeiding av nausttomt ved Vikasanden har Erling Grov oppgradert vegen. Vegen var før tiltaket i svært dårleg stand. HBL har betalt…

Detaljar

Leige av lokaler i “Skulehuset”

I den nedlagde skulen på Huglo er det mulig for lag, organisasjonar og privatpersonar å leiga lokaler til samlingar og møter.  Bygget med sine fasilitetar egnar seg óg til utflukter for skuleklassar, korpsseminar o.l. Skulehuset har i underetasjen gymnastikksal (forsamlingslokale med scene), stort kjøken, garderobe og toaletter.  I tillegg er det eit møterom som Huglo…

Detaljar

Korpskonsert og basar

Søndag 17.mars held Huglo skulekorps konsert saman med Onarheim musikklag. Saman skal dei delta på Hordablæsten 23-24.mars, ein korpskonkurranse skulekoprs, generasjonskoprs, ensembler og solistar. Det har vore mykje øving dei siste månadane og generalprøven tar korpsa på Huglo. Dei framfører repertoaret sitt til Hordablæsten samt anna materiale. Det vert sjølvsagt mykje god mat, kaffi og basar.…

Detaljar