Gudsteneste 22. juli
Velkomen til sumargudsteneste søndag 22. juli kl. 16.00! Stad: Tveit, tett ved snuplassen Prest: Olav Oma Takkoffer til Søndagsskulekrinsen Kyrkjekaffi, ta med mat og kaffi Ta med stol å sitja på
DetaljarVelkomen til sumargudsteneste søndag 22. juli kl. 16.00! Stad: Tveit, tett ved snuplassen Prest: Olav Oma Takkoffer til Søndagsskulekrinsen Kyrkjekaffi, ta med mat og kaffi Ta med stol å sitja på
DetaljarBade? Da gjeld det å velje rett plass. På Nordhuglo, der nordavinden står på dag etter dag, held fjorden 16 grader. I Tveitevågen viser termometeret 20 grader i overflata og 19 på ein meters djup. Ein merkar forskjellen på kroppen!
Ja, det gjør me òg, men denne uttala kom frå eit skotsk par som låg tre dagar i gjestehamna på Huglo. Dei kom frå Skottland i deira 36′ selgbåt, hadde brukt 36 timar over Nordsjøen og hit, men 30 av timane var ikkje for segl, men motor. Men til Huglo skulle dei! Dei lika særskild…
DetaljarNå ventar me på at badetemperaturen skal stiga igjen. Men så var det denne nordavinden . . . I går viste termometeret 15 gradar i Huglavikjo, men i Tveitevågen var det vindstille, og der stoppa ikkje gradsøylen før på 17 gradar – det var dersom ein held seg på så grunt vatn at tærne rakk…
DetaljarDugnadsgjengen i Huglo Idrettslag hadde gjort – og gjorde – ein stor innsats, slik at St. Hansfeiringa vart ein flott markering. Tradisjonell, men med fleire folk samla enn nokon gong tidlegare! Det starta med fotballkamp, to lag med 10 spelarar i kvart lag: “De med vest” og “Dei utan vest”. Publikum, som òg var opptatt…
DetaljarSkal du på postaleiting i stille, overskya, litt fuktig vær, er det ein ting som er heilt nødvendig å ha med seg: Myggspray!! Kart og kompass er greit, men utan forsvar mot knotten, er du oppeten før du finn posten. Men med rett utstyr er turorienteringa heilt toppers!
Nokre huglarar på Tveit har erfaring med at når dei grev i hagen sin, kan det koma fram overreraskingar. Så òg på Nordhuglo. Under graving i jorda kom det fram noko som var dekt med ei plate. Det viste seg å vera ei gamal kjelde, frå den tida husa i Nordhuglo låg som eit klyngetun. …
DetaljarNå er det straks ferietid, og da har me kanskje tid til litt framsyn og planlegging. Huglo Bygdekvinnelag inviterer, som sagt tidlegare òg, alle med tilknyting til Huglo, til å delta i messa med kva ein har å selja. Me har sett at det er mange kreative, produserande sjelar på og rundt Huglo, og jo…
DetaljarUnder leiing av Eline har 5 turnare trent kvar torsdag. Denne gangen møtte foreldre og besteforeldre og kjente opp for å sjå idrettsglede og prestasjonar. Og som ekstra bonus kom turntrenar Paul frå Vikjo som gjesteinstruktør og røynd rettleiar. Imponerande innsats frå alle, takk til eks-gymlærar Eline og veldig kjekt med samarbeidet med…
DetaljarKjøligare netter gir nok litt kjøligare vatn i fjorden. I dag var det 16 grader i Huglavikjo, 17 i vatnet ved Haukanes, og i Tveitevågen var det 18 grader. Men: Den store gode nyheita er at det ikkje er observert ein einaste brennmanet! Og i alle fall på kvardagane har du antakeleg hele Tveitevågen for…
DetaljarUtruleg mykje forskjellig skjer på øyo Huglo. No er det turnoppvising torsdag 7. juni kl. 18.00 i gymsalen. Det er eldsjelen Eline som har trent ungane kvar torsdag, og nå har me sjanse til å få sjå leik og turnglede. Etter oppvisninga vert det servert forfriskningar. Hjarteleg velkommen alle som vil sjå noko av det…
DetaljarORGANISASJONAR og INNBYGGJARAR PÅ HUGLO Huglo bygdalag, Huglo båtlag, Huglo ungdomslag, Huglabutikken, Huglo bondelag, Huglo bedehus, Bygdekvinnelaget, Huglo idrettslag INVITASJON TIL SAMRÅD Programnemnda i Stord Arbeidarparti har starta arbeidet med å laga program for kommunevalet 2019. Før me skriv og vedtar programmet, vil me høyra kva som er viktig for innbyggjarane; som einskildpersonar, som…
DetaljarBrannsjef Erik kan ikke få rost alle dei frivillege som møtte raskt fram og hjalp til med å slokke brannen. Utan denne innsatsen frå fastbuande, hyttefolk og besøkande hadde det sett farligare ut, sier han. Tusen, tusen takk til alle som var med på slokkinga!
Så hende det me alle er litt redde for, og som ikkje skal skje: Leif og Bjørn sat i solveggen og drøste, men til all lukka hadde de augene med seg og såg flammane i bakken litt forbi Breivikjo, på austsida av Huglavikjo. Og sjølvsagt var det norleg solgangsbris! God arbeidsfordeling: Den eine ringte 110…
DetaljarTemperatur i Huglavikjo i dag kl. 13.30: 17 gradar! I lagunen på Gåsholmane var det på laurdag 20 grader på grunna (for vassarar), 18 grader 50 cm ned og nær botnen 17 gradar. Det gjeld å halda seg flytande!
DetaljarHøyrer du til dei som var ivrige i fjor og har venta på ein oversikt over resultatet? At det har tatt tid, har nok noe å gjera med at heile 146 deltok, og da vart systemet med å skriva seg på ei liste, for dei som skulle telja opp og laga statistikk, utrolegtidkrevjande. Som årets…
DetaljarTekst: Øystein Huglen For nokre fantastiske sommardagar me har hatt i mai! Brått er alt rundt oss blitt grønt. Graset har skote til vers, så no er det klart for ku-slepp. No hadde eg eit ekstra tidleg ku-slepp i år. For først i januar skjedde det som ikkje skulle skje. Klokka var runda midnatt. Eg…
DetaljarMe har ingen garanti for at det vert betre enn dette! I dag, i Tveitevågen, var det mykje varmare i vatnen enn på Nordhuglo.
DetaljarTakk til 17.maikomitèen og alle dei som gjorde dugnadsarbeide, slik at dagen vart akkurat slik me ynskjer oss! Kontakten med Værguden må ha vore ekstra god, dette var ein 17.mai me vil hugsa. Her kjem nokre glimt frå feiringa: Me seier som i songen: Her er det sol og glede!
DetaljarSom tradisjonen er, inviterer Huglo Indremisjon til fest i Bedehuset 17.mai, kl. 18.00. Der vert det middag og kakebord, diktlesing og konkurranse. Hovedtalar er Ola Malvin Lomheim. Hjarteleg velkomen til alle!
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.