Sommerbåten :)
Festivalsjefen for fabrikken2015, Hilde Eikeland, gjorde ein strålande presentasjon av Huglo og festivalen på nrk sendinga frå Leirvik !!!
Festivalsjefen for fabrikken2015, Hilde Eikeland, gjorde ein strålande presentasjon av Huglo og festivalen på nrk sendinga frå Leirvik !!!
Det nærmer seg festivalstart og årets “happening” på Huglo. Her kjem nokre bilete frå prosessen. Området er blitt fantastisk flott med bølgjeblikk og lysekroner i krystall til dekor. Dette er heilt klart den råaste festivalen i distriktet! For oppdatert informasjon og bilete, sjekk 2015.fabrikkfest, facebooksida til fabrikken2015, eller instagramkontoen til fabrikken. Ein formidabel dugnadsinnsats før…
DetaljarNo nærmar Fabrikken seg for alvor! Her kjem litt praktisk informasjon som kan vere nyttig: Det vert ikkje mogelegheit for å parkere bil nede ved fabrikken eller på kaien. Parkering for festivalgjestane er ved skulen. Men festivalbussane kjem til å køyre deg fram og tilbake til festivalområdet og over heile øya, så du treng ikkje…
DetaljarGjennom bulystprosjektet Øyliv i Sunnhordland skal det lagast ein film om og frå Huglo. Denne filmen skal synleggjera øya vår og det gode øylivet her. Filmen skal brukast til å profilera Huglo framover. Filmskapar er Merethe Offerdal Tveit frå Kvinnherad. Opptak på Huglo vert denne veka, frå torsdag til laurdag. Så dersom de møter ei…
Detaljar– Lyslenker, arbeidslamper og stålamper – Skøyteledningar – Pallar Dette ynskjer fabrikkgjengen å låna til festivalen til helga! Har du det me treng? Ta kontakt med nokon i fabrikken-styret, eller på mail: kristoffer@fabrikkfest.no
DetaljarI anledning Vardeløpet, blir det dugnad for å rydde sti laurdag 18. juli kl. 11.00 – ca. 13.00. Oppmøte på Reset. Ta med greinsaks, sag eller liknande. Vel møtt! Huglo IL
DetaljarVardeløpet går i år av stabelen 1. august, kl. 11.30. Nytt i år er at løypa startar på kaien ved butikken, og går via Storeskar til Varden. For at løparane skal vere forsikra, vel vi i år å ta inn startkontingent på kr 100,-. Eingongslisens er inkludert i prisen. Det vert…
DetaljarMe var på postaleiting, og fann posten. Og me fann meir! (Sjå biletet). Men me seier ikkje kor . . . .
I dag, fredag, etter kuling frå nord, er temperaturen i Huglavikjo 15,2 grader.
Det vert teke mange flotte bileter og filmar på Huglo. Filmen er eit samadrag av korleis ein kjem seg frå Jektevik og til Huglo. Denne filmen er verd å få med seg! Sjå filmen her!
DetaljarDet er framleis ledige plassar på Friidrettsskulen på Huglo i veke 31! huglo.no har fått mail frå årets instruktørar: Mariell Runderheim, Sveinung Huglen, Kjetil Sørmoe, Mariet Gjerstad og Nils Henrik Elde: “Hei og takk for sist! Det var veldig gøy med fotballskule på Huglo i fjor – så me kjøyrer på i sommar igjen! Tidspunktet vert…
DetaljarDette er post 16. Den ligg der den skal liggja: “Under stup” tett på stupet – 30 cm over bakken, bak ein knaus på nordsida, bak ein stor stein om ein kjem fra sør, og med ein stor, fin brakjebusk foran seg. Men så er gleda stor og skinande når ein ser at DER, der er…
DetaljarRedningsselskapet har nyleg fått ny ”Eliasbåt”. Denne båten skal vera stasjonert på Stord og vil bli nytta til å læra sjøvett til born og unge. Båten har fått namnet EHMF ØYLIV etter bulystprosjektet som Huglo er del av saman med Espevær, Møkster og Fjelberg (EHMF). Øyene våre vil vidare få førsteretten til å nytta båten kostnadsfritt,…
DetaljarNei, det er nok ikkje p.g.a. stor bursdagsfeiring på Huglo at me har fått ei slik storferja. Den er sett inn for å ta trafikken til Tysnesfest, og etter at Tusnesfest er slutt, er det nok tilbake til gamle Strand. Folgefonn vert liggjande i Valevåg ut året, seier dei som skulle ha greie på det.
Og det på ein meters dybde! Nydeleg, tru meg. Skund deg og hopp uti før været ombestemmer seg.
DetaljarLaurdagen arrangerte Huglabutikken AS bruktmarked på ferjekaia på Nordhuglo. Utroleg kor mykje ting og saker folk har i skap og skuffar, som dei sjølv ikkje har bruk for! Prisane sa at her gjalt det ikkje så mykje å tena penger som å ha det moro. Han som tilbaud bondeantikvitetar til ein billeg penge, solte nok…
DetaljarNo nærmar det seg festival, og om under ein månad brakar det laus på fabrikken! For at festivalområdet skal bli minst like flott som sist, treng me di hjelp. Fabrikkstyret vil gjerne låne følgande ting til festivalhelga: – Pallar – Partytelt i ulike storleikar – Belysning (lyslenker til ute- og innebruk og andre lamper) –…
DetaljarNo er det sumar og ferie. Då høyrer bading i fjorden med til dei aktivitetane ein berre MÅ få med seg – ingen retteleg sumarferie utan badeliv! Så det er berre å hoppa i det! Til orientering er temperaturen i huglavikjo i dag 13 grader. God sumarbading!
Sjølvsagt er det troll på Huglo! Så mange fine stader å bu for ein trollfamilie som her skal ein – eller trolla – leita lenge etter. Me ser dei ikkje så ofte – dei tåler jo ikkje solskin, helst ikkje dagslys. Biletet visar ein stakkar som ikkje rakk heim før sola rann. Han er dømt…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.