Me vil ha meir sumar!
I desse valgdagar: Mi stemme går til det partiet som lovar lengre sumar! Like truverdeg som anna valflesk. No er ståa denne badesesongen: Hauglavikjo: 17 grader Symjehallen i Kulturhuset på Leirvik: 28 grader
DetaljarI desse valgdagar: Mi stemme går til det partiet som lovar lengre sumar! Like truverdeg som anna valflesk. No er ståa denne badesesongen: Hauglavikjo: 17 grader Symjehallen i Kulturhuset på Leirvik: 28 grader
DetaljarAlt regnet som har komme siste døgnet har ført til at fleire småelvar har flaumd over. På sørhuglo er vegen midlertidig stengd ved “løkjen”.
Denne 65 cm lange horngjelen ble tatt på dorg ved Salthello i kveld. Sjølvsagt måtte fangsten kokast, “Våre saltvannsfisker” nemner horngjelen som ein “særs god matfisk”. Den ser jo ikkje akkurat ut som god mat – men det var den!! Og det er heilt sant – beina hadde same farge som gras. Dermed var dei…
DetaljarPå ein knaus i vasskanten på Huglo sit denne ørna. Der har ho vore i ei veke. Kjem du nærare enn 6-7 meter, flyttar ho seg nokre få meter berre. Er dette ei ung kongeørn som mora har gløymt å læra å passa seg for menneske, eller er ho sjuk? Fiskane ho har fått, er…
DetaljarSøndag var det klart for den femte utgåva av motbakkeløpet til Huglo IL, og endeleg skein sola på deltakarane. Kanskje vart det òg litt for varmt for mange denne dagen, sidan berre 10 personar valde å springe den tunge løypa frå Vikasanden til Varden. Stemninga var likevel svært god før start og på toppen, 218…
DetaljarOg no er dette vel rette namnet på sjøtemp’en? Huglavikjo 17 gradar, nokre brennmaneter Oldervikjo 19 gradar, 2 brennmaneter Gåsholmane 20 gradar! ingen brennmaneter God badetur!
DetaljarTrass i at vêret ikkje viste seg frå den beste sida, fekk mange ein triveleg dag på Huglo denne søndagen. Rundt om på øya var det fleire stoppestadar med ulike aktivitetar, omnsmuseum, hesteriding, kalvar, og her kan du sjå heile programet for dagen. Klokka 16.00 var det duka for sal av grillmat på kaien i…
DetaljarVelkomen til trivseløya Huglo! På desse stadane er de søndag 14. juli ekstra velkomne til å gjera ein stopp: 1. Hønene til Hedvig. – besøk hønsegarden og er du heldig kan du kjøpa egg. 2. Omnshuset – ei unik samling gamle omnar i flott bygg. – sal av kaffe m.m. – sal av agurk 3.…
DetaljarStad: kaien på Nordhuglo Tid: Laurdag kl 10.00 Arbeid: laga scene, setja opp telt, bord og benker Ta med: hammar, spiker og godt humør! Alle som vil hjelpa til er velkomne!
DetaljarSøndag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” for femte gong. Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid. Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå følgjer løypa asfaltert veg ned til 1913 før…
DetaljarI helga var det flott sumarvêr på Huglo, men denne helga var det også duka for den årlege fotballcupen på Tysnes. I år var Huglo mannsterke på cupen, då det vart stillt med både dame og herrelag. Damelaget har dei siste åra fått gode resultat på cupen, og i fjor gjekk dei heilt til topps.…
DetaljarLaurdag gjekk det ikkje heilt som det plar då MF folgefonn skulle legge til kai ved Jektevik. Det vart ingen personar skada då ferja gjekk på grunn like ved Jektevik. Etter bt.no skuldast hendinga ein teknisk svikt. Les meir om saka på bt.no
Gurivikjo: 15 grader, ingen maneter, mykje plastsøppel Tveitevågen: 16,5 grader, ingen maneter, kort ut til sandbotn, folketomt Huglavikjo: 15,5 grader, MYKJE STORE svimanetar
DetaljarSøndag 14. juli er store og små velkomne til å ta turen rundt på trivseløya Huglo. Huglo er perfekt for ein søndagstur på sykkel! De vil få utdelt kart ved Huglabutikken med info om tilbod og stoppestadar denne dagen. I fleire tun på øya vil besøkande bli ynskt velkommen med ymse opplevingar og produkt: –…
DetaljarOliver og Arnulf bryr seg ikkje om at det regnar litt. Slik fiskelykke har ein ikkje kvar dag! Rusken måtte vegast på bagasjevekt og tala sa 10,2 kilo! Nokon betre?
DetaljarEin kom til å sjå på kalenderen i føremiddag. 1. juli! Då er det vel sumar? Sjølv om gradestokken utafor kjøkenglaset viste 13 grader. Korleis får ein då den rette sumarkjensla? Spør einkvar unge, og han vil svara at sumar, det er bading, det. Javel, men ein dag som denne er det kanskje best å…
DetaljarKva er typisk huglarsk? Jo, entusiasmen for alt som går føre seg på øyo vår! Her ausa det ner, det sto ein loddrett grå vegg av vatn rundt Leiro, men då bålet skulle tennast klokka 19.30, var “alle” der. Grillen hadde fått tak av presenning, og salget av mat gjekk som smurt, etter ein halv…
DetaljarSøndag 14. juli ynskjer bulystgruppa i bygdalaget å visa fram heile den flotte øya vår til besøkande og potensielle tilflyttarar (og sjølvsagt til huglarar). Denne dagen legg ein opp til å invitera folk til å koma med sykkel til Huglo og så ta seg rundt på sykkeløya vår. Målet er at besøkande på tur på…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.