Palmelaurdag og basar
I år som i fjor og åra før var det basar i bedehuset, palmelaurdag. Så mange tok turen i det flotte påskevèret at det vart sett opp ekstra bord.
I år som i fjor og åra før var det basar i bedehuset, palmelaurdag. Så mange tok turen i det flotte påskevèret at det vart sett opp ekstra bord.
På fredag vart bussen som har stått på parkeringsplassen ved bedehuset sidan Fabrikken 2012 endeleg henta av eigarane. Bussen har skapt mykje irritasjon blant huglarar som vil nytte parkeringsplassen, og som synes bussen ikkje har vore eit særleg vakkert syn. Det skal seiast at bussen vart observert med motorstans i ei busslomme ved Agdestein på…
DetaljarSom vanleg arrangert av Bygdekvinnelaget – samfunnets støtter. Mange frammøtte fekk høyra Lilli Ann Drønen lesa eigne opplevingar frå boka “Så stal me ein båt”, og Per Drønen fortalde sanne? historiar, skrøner, og imponerte stort med å dramatisk deklamera Jakob Sande. Både interessant og morosamt, frå begge to. Og både før og etterpå fekk alle dei…
DetaljarVal av nytt styre: Øystein Huglen held fram som leiar, styremedlemmar er: Jon Olav Heggland, Øyvind Sortland, Gro Anita Nesse, Nils Dale Elde, vara: Ragnhild Svendsen Hege Elin Haukanes. Revisor: Hedvig Flornes. Årsmelding: ” Bygdalaget har hatt 5 styremøter. Arbeidet for Bygdalaget dette året, har for det meste vore retta mot ny tilflytting til øya. i…
DetaljarTil alle utvandra huglarar: Her er det vår! Blomstrande snøklokker, stille sjø, solskinn og ein stjernehimmel som lokkar meg ut på tur på sein kveldstid. Og på sundag er det kafè, med god mat, mange hyggelege folk å prata med, og underhaldning. Bygdekvinnelaget seier velkommen til Ungdomshuset kl. 15!
Eit garn set i rett tid og på rett plass, og så vart mange glade for å få sild, mykje sild! Nokon fekk ein heil stamp (ein fekk to stampar) og for nokon var eit par steikesild nok. Aller gladast var husmora til sildefiskaren: All silda vart gjeven bort til sildeelskarar, stekt, røykt eller laga…
DetaljarDet har vært stor forespørsel i etterkant av Fabrikken 2012, både frå publikummere som ynskjer seg ny festival, artistar som har fått nyss i ein festivalsuksess på Huglo, samt frivillige som står klar til ny innsats. Det set vi stor pris på, og det inspirerer til vidare arbeid med Fabrikken.
Det vert årsmøte i Huglo bygdalag tysdag 5. mars klokka 19.30. Møtet vert i gymsalen.
Bygdekvinnelaget sin strikkekafè var som og tidlegare godt besøkt av 3 generasjonar. Innehavaren av butikken Ullkroken på Stord var inspirasjon og ho hadde med seg mykje mjukt ullgarn passande til årstida, og nokre strikka leiker. Nokre fleire modellar til inspirasjon hadde vore spanande, men her var mange brosjyrar med gode idèar. Og som vanleg når det…
DetaljarNo er det torsketid! Fint på sjøen er det og, det er berre å kle på seg. Men kor er gytetorsken? Desse er ungdom, nokon med bitte litt rogn, det var dei me slapp laus i fjor som no er middag nok til to pluss ein katt.
No kan du sjå nye, fine skilt når du er ute i marka. Kor trur du dette står? Men: det er heilt naudsynt med gode broddar dersom du skal gå tur på stiar eller vegar i skogen. Under eit tynt lag med snø ligg isen lumsk og ventar på eit møte med baken din!
Dametrimmen har starta opp igjen, med den uhyre spreke Eline som leiar. Veldig kjekt! Men det må da vera fleire enn 7 damar på Huglo som vil trimma under kyndig leiing ein gong i veka? Heilt utan grunn til prestasjonsangst, her gjer me det me får til og orkar, og alle har nok med seg…
DetaljarFredag 25. januar hadde Huglo IL sitt årsmøte. Her vart resultata frå turorienteringa lagt fram, og idrettslaget kunne i år òg vise fram eit flott resultat. 170 personar i alle aldrar har delteke på den populære turorienteringa i 2012. Men noko som er enda meir imponerande er at det er heile 23 personar som har…
DetaljarBygdekvinnelaget hadde potetkakebaking på programmet i kveld. Nokon kaker blei runde, nokon firkanta og nokon fekk ein form som ikkje har noko namn ennå, men gode var dei alle! Både som pølselompe og aller best med smør og engelsk mørk appelsinmarmelade. Prøv sjøl, her er ei enkel, men god oppskrift: 1 kg kokte (gjerne varme)…
DetaljarNå har Huglobutikken kvit sjokolade! Då lagar me ein lettlaga og nesten berre sunn dessert: Skjær opp frukt, gjerne i forskjellige fargar, legg bitane på eit flatt, eldfast fat, eller gjerne i porsjonsskålar – eldfaste! Nyttar du eple, banan eller annan frukt som fort vert brun, dryp du litt sitronsaft over frukta. Hakk kvit sjokolade grovt…
DetaljarNo er det skeiseføre! Både på mørkavatnet og tveitevatnet er det målt over 15cm. Med det kalde vèret er det duka for flotte dagar på isen for dei som vil teste skeisene.
Laurdag 26.januar kan du få med deg smalahåvefest i Fjellheim! Denne gongen spelar bandet “trkant-sam bandet” frå Bømlo til dans. Her kan du sjå eit klipp av årets spelemenn. Feststart: 20:00 Pris 300 (medl. 250) Påmelding til Astrid Eikeland 53 49 56 44
DetaljarHer kjem det nok ei flott historie frå Øystein Huglen. Gå ikkje glipp av denne trivelege juleforteljinga ! Jule og nyårshelga er over. Attende sit me med magar istappa av julemat og eit ribba juletre. Jule ,- og særleg nyttårshelga vart mild og våt. Førjulstida derimot vart snørik og gneistande kald. Johannes på Loftet målte…
DetaljarHer kjem det nok ei flott historie frå Øystein Huglen. Gå ikkje glipp av denne trivelege juleforteljinga !
Under mottoet: Mange treng Bygdekvinnelaget – og Bygdekvinnelaget treng alle, ynskjer Huglo Bygdekvinnelag seg fleire medlemmar!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.