Mystisk forsvinning

Dette er Røssbøkrossen, på toppen av bakken opp frå ferjekaia,  der det går veg til venstre mot Lunde-tunet og mot høgre går vegen mot Hommandehaugen.  På den sida står det eit skilt som peikar mot brosealdergravrøysa.  På den andre sida har det i mange år stått eit skilt som peika mot Varden og turvegen dit.  Men kor…

Detaljar

Dra på holmetur

Borte bra, men heime best! (?)  Gåsholmane er heilt spesielle, men me har holmar i nærmiljøet òg!  Godt skjerma for nordavinden dersom ein held seg på sørsida av trærne, som dei smarte hegrene gjer det.  Nydeleg badevatn og så kan ein symja på tur mellom holmane medan nista og termosen med kaffi ventar på Flatholmen, og…

Detaljar

Post 22

38 små og store personar og 2 hundar har til i dag funne denne posten nord for Varden.  Det er mykje sprekt folk ute og går!  Bratt er det opp, og endå brattare ned, særleg for dei med litt slitne kne.  Då er det godt at det står ferdig komlemiddag på bordet når ein kjem…

Detaljar

HSD og Tysnescup

HSD vart puljevinnar og gjekk vidare til sluttspel utan tap og ein kamp uavgjort, og med ein målforskjell på 21-4. HSD gjekk også sigrande ut av både kvartfinale og semifinale. Etter seks kampar var det duka for ein spennande kamp mot tyneslaget “smil du er på TV”. Huglo.no er stolte og gratulerar HSD med siger…

Detaljar

Eigar savnast

Denne fine sykkelen har stått bak postkassene på ferjekaien lengre enn fjorårslamma kan hugsa.  Ein kan undrast på kva som ligg bak denne parkeringa?  Sjølvsagt betre med parkering her enn på Vikjo der sykkelen nok ikkje hadde fått stå lenge åleine i ro –  men nå har då denne parkeringa vara uvanleg lenge?

Solkråo

Før i tida, då gamle folk var pensjonistar og hadde god tid og det var mykje meir sol enn notildags, pleide dei eldste karane å samlast her på ei hylle i berget, sitja å nyta utsikten i sola, varma giktiske kroppar og løysa verdsproblem slik dei såg dei.  No sit det ingen her lenger.  Gamle…

Detaljar

Spring til topps!

Laurdag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” Dette er fjerde året på rad at dette populære motbakkeløpet vert arrangert. (Første året vart det riktig nok avlyst grunna svært dårleg vær.) Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid. Den…

Detaljar

Det er ikkje lurt

å leggja søppelposene sine i denne containeren.  At den er privat, og ikkje merka “Hytterenovasjon” er no ein ting, men måker og kråker har fest på innhaldet i dei posene dei hakkar hol i, og restane blir teke av nordavinden og fordelt utover ferjekaia.  Ver god og bruk dei felles containarane som er sett opp…

Detaljar

Sago

Inne ved Sago set ein garn og får torsk rett som det er.  Om ikkje torsk, så ein fin lyr, og ikkje så mange krabbar at det vert plagsomt.  Dei eldste huglarane veit både kor Sago er like nord for Breivikjo og Storesteinen, og at navnet kjem av at her var det ei sag ein…

Detaljar

Nytt turforslag

Ein fin tur for dei som ikkje vil gå langt, og ikkje reisa med båt til Tveitøyane, er turstien til bronsealdergravrøysa og neset nedafor.  Du kan sykla frå ferjekaien, ta til høgre på toppen av bakken, der det står skilt med pil:  “GRAVRØYS”, og vidare til parkeringsplassen ved hyttene.  Eller du kan kjøyra bil og parkera der…

Detaljar

To ferjer

Det er ikkje kvar dag det gjestar to ferjer ved ferjekaien på nordhuglo. Biletet vart tatt då MF folgefonn vart erstatta av MF fitjar, for å bli klargjort til sumaren. No er MF folgefonn tilbake, og har fått Norled logoen på sida og den “grøne hatten” er blitt blå. Foto: Steinar Hystad

Detaljar

Huglo skule på nett !

No har også Huglo skule fått si eiga nettside. Skuleplanar, aktivitetskalender, ranselpost og meir er å finne på den nye sida. Rektor på skulen meldar om at sida er fersk og enn så lenge litt “tynn” i rekkene, men vert nok meir innhaldsrik etterkvart. Sjå innom nettsida her Merk deg! Alle lag og organisasjonar som…

Detaljar

Skipingsmøte på Huglo

Sunnhordland komlesamskipnad heldt skipingsmøte i sol og kuling frå nord under mottoet: “Eit møte for alle” – og sjølvsagt på Huglo.  Det er der saker og ting går føre seg i sumar – jamfør Fabrikken.  Men altså, denne gongen gjaldt det komlo.  Huglarane møtte som vanleg mannsterkt fram, men det må seiast at gjennomsnittalderen var ganske…

Detaljar