HSD på tysnescup
Tysnes sparebank cup 2011, var den femtende i rekka. Huglarane har tidlegare stillt med både jente og gutelag, men dei siste åra er det berre jentene som har delteke.
Tysnes sparebank cup 2011, var den femtende i rekka. Huglarane har tidlegare stillt med både jente og gutelag, men dei siste åra er det berre jentene som har delteke.
Onsdag 6. juli: Huglavikjo 16 grader, Gåsholmane 15 grader. Heilt greit, men ikkje nok for dei lange symjeturane. Me har framleis von om litt sumar!
DetaljarI dag tysdag 5. juli hiv Huglo seg på den svært populære trenden: SLOW-TV. Med avreise frå Tveit skal tohjulstraktoren ta deg med på ei reise langs alle vegane på Huglo. Me oppmodar med dette alle om å stille opp langs vegen. Nytt dette høvet til å koma på verdsveven! Opptaket kan du sjå på…
DetaljarDei nye opningstidene trer i kraft mandag 27.06 Mandag: 10.00 – 16.15 Tirsdag: 10.00 – 16.15 Onsdag: 10.00 – 16.15 Torsdag: 10.00 – 16.15 Fredag: 10.00 – 17.30 Lørdag: 10.00 – 14.00
DetaljarNo nermar det seg St. Hans igjen, og Huglo IL innviterar til tradisjonell feiring på Nordhuglo på torsdag. – Klokka 17:00 vert det fotballkamp på Leirvikestølen – Klokka 19:30 vert bålet tent på Leiro. Det vil i år òg bli sal av grillmat og brus på Leiro. Alle er hjarteleg velkomne til ein hyggeleg kveld!
DetaljarTradisjon tru er den siste veka før sommarferien litt annaleis enn ellers for elevane på Huglo skule. Den såkalla “grønne veka”. I år er det duka for fiskedag, fiskekakebaking, tur i Hystadmarka, plantefarging av garn, idrettsdag og avsluttning. Då huglo.no besøkte skulen Onsdag, dufta det godt i gangane. Elevane hadde fiskedag Tirsdag og lagde fiskekaker…
DetaljarPinseafta 11.juni var det igjen duka for grilling og korpmusikk utanfor butikken. Etter å ha spelt på kaien på Huglo, reiste korpset for å spele på termosfestivalen i parken på Stord. Før konserten hadde korpset ei hyggeleg oppladning med pizza og brus i museumsparken. Termosfestvalen vart avslutta av Huglo skulekorps, tidlegare hadde Stord skulekorps, Rommetveit…
DetaljarEin hyggeleg tradisjon og ein fin måte å samla folket på, dette med bord og benker utafor butikken, grilling og konsert med Huglo skulekorps og god tid til ein drøs i finveret. Ingen tvil om at folk, både små og store, kosa seg med kvarandre, grillmat, kaffe og konsert under leiing av korpset sin nesten…
DetaljarSjølv om me får nokre smakebitar av og til om noko som minnar om juni-vær, så har ikkje sommaren komt til Huglo for godt enda. Men me er klare, så no kan sommaren berre komma! No er i alle fall Tveitevågen klar for sommarsesongen. Bileta under er tekne av Arne Sortland i går kveld (8.juni).…
DetaljarDet ser ut til at det vert ein stund til me kan dra på holmetur med badebukse og niste. Då er turorientering eit godt alternativ! Litt regn gjer ingenting, berre prøv sjølv. Utstyr deg med kart (det får du kjøpt på Huglabutikken eller kontakt huglo.no, tlf. 41334436), kompass om du har, og gode, tette gummistøvlar. …
DetaljarMai Mai! Ja kven hev vel ikkje gledt seg til mai, den fagraste årstidi me hev, bøen står der grøn med skinande morgondogg og bjørki hev fenge på seg dei fine vårkledi, lidar og dalar er kledt med alle dei blomar som vår fagre natur har å bjoda oss. Fjosen ligg der so speglande blank,…
DetaljarMe har fått tilsendt dette koslege bilete av to piggsvin. Det har tidlegare vore diskutert på Huglo, om piggsvina framleis er her. Biletet er eit klart bevis på at det er dei. Piggsvina søv mesteparten av dagen og er aktive om natta, dei et insekt, sniglar, meitemark, frukt , eikenøtter, men kan også ete slangar…
DetaljarMe som hadde funne vegen til samfunnssalen på Huglo skule, fekk oppleva ein fin kveldsstund med vakker korsong. Tysnes Kammerkor framførde kjende songar og hymnar under leiing av dirigenten, Jurgita Bubilate, som óg spela piano. Koret er med rette stolte av solisten sin, Lise Sjåk Dalen! Og Henrik Barthel hadde både gode ord og dikt…
DetaljarTo gonger om dagen kan me på Nordhuglo sjå grågåsfamiliene som hekkar på holmane, koma symjande inn for å beita på grasbakkane. Mor fyrst, så ungane på rad og rekkje, og så han far sist. Og gjerne fleire familiar samla, men alltid på ryddig geledd. Den største ungeflokken har eit grågåspar med sju ungar, ein…
DetaljarSigurd Huglen skriv: Har du merknader til vegen på Huglo, så gå inn på denne sida og skriv synspunkt på det. Sjølvsagt kan du og skriva kommentarar på denne sida – klikk på “Skriv ein kommentar” – men rett til dei som har ansvaret kjem du berre på Stord si kommuneside.
DetaljarSamspelsforum for næringsutvikling (SNU) inviterar til gründercafè tysdag 31.mai på Stord. -“På vår gründercafè får dei som nett har starta eiga verksemd, eller vurderer å gjera det, høve til å treffa andre som er i same situasjon. Her kan dei dele erfaringar og knyte relasjonar!” Les meir om prosjektet og meir info om påmelding her.
DetaljarVar du ein av dei som vart fotografert av Malene Aasheim då ho tok det flotte gruppebiletet på Nordhuglo? Då er det ikkje umogeleg at du kan bli gjenkjent i Bergen i sommar.
Kva er ei 17.mai feiring utan korpsmusikk? Dei fleste som er oppvaksne på Huglo har vore innom Huglo skulekorps. Ein skulle kanskje tru at når tida i korpset er over, får ein ikkje bruk for eigenskapane ein måtte ha tileigna seg i løpet av karriera. Gaute Haukanes har som mange andre hatt ei lang og…
DetaljarFeiringa av nasjonaldagen er over for denne gongen, her kan du sjå korleis feiringa gjekk føre seg på Huglo. Sjølvsagt var alle momenta på plass for ei flott feiring.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.