Huglamesse til hausten!
Klikk på biletet så får du heile teksten.
Daimkake Kakebotn: 150 g mandler 2,5 dl sukker 1 ts. Bakepulver 4 eggekviter Mal mandler i ein hurtigmiksar og tilsett sukker og bakepulver. Stivpisk eggekvitene, bland forsiktig mandelmassen inn i eggekvitene. Hell i ei smurt form og steik botnen på 175⁰ C i ca. 30 min. Fyll: 3/4 dl. sukker 4 eggeplommer 3 dl. kremfløyte…
DetaljarHer kjem eit lite samandrag av 17.mai feiringane på Huglo. Dei første bileta er tekne rundt 1960, medan dei siste er av nyare tid. Håpar dette kan verre ein fin måte å mimre tilbake på, og ei flott oppvarming til nasjonaldagen. Foto 1960-1970, Arne Sortland Foto 1975-2002, Dag Willgohs Til lukke med dagen alle saman…
DetaljarKva er dette? Klikk på biletet så du får sjå heile motivet. Svar til post@huglo.no
DetaljarFormannskapet hadde budsjettrevisjonen for kommunen oppe på møte 6.mai, utan at det vart tatt stilling til dei nedskjæringane rådmannen føreslo. Det vart vedteke å utsetja vedtak til etter drøfting i kommunestyremøtet 20.mai.
DetaljarKva er dette? Svar til post@huglo.no. Det vert 4 bilete i denne omgangen óg, i løpet av mai. Du kan senda inn eit og eit svar, eller alle 4 på ein gong. Denne gangen er premien 2 Flaxlodd, så det kan svara seg å sende inn løysingane!!
DetaljarEndringar i ferjeruta 1.mai 2010 Det kom nokre få endringar i rutetabellen for Jektevik-Hodnanes-Nordhuglo den 1.mai. Rutene med endringar er viste nedanfor. Frå Jektevik – Nordhuglo 17.00 – 17.30 18.50 – 19.20 Me minnar også på stjernestoppen på ruta: Frå Jektevik – Nordhuglo, Mandag – Fredag:…
DetaljarVinnaren er kåra! No er vinnarane av huglo.no konkurransen i april kåra. Av dei som sende inn rett svar vart familien Aksel Eikeland trokke ut. Dei er no stolte eigarar av eit o-kart frå Huglo. Ein stor takk til alle som deltok, det vert nye moglegheiter i mai med ny premie. Følg med og send…
DetaljarHeilt fram til slutten av 1940-åra var det vanleg at gardbrukarane på Huglo dyrka korn, både til mat og til fòr til dyra. Det var helst havre, bygg og kveite som blei dyrka. Når hausten kom, og kornet blei gult, var det mogent. Då vart det skåre, gjerne med sigd, og bunde saman i kornband,…
DetaljarTorsdag kveld klokka 19.39 vart det ringt til brannvesnet på Stord. Elling Røssbø ringde, etter å ha oppdaga brann i eldhuset i Røssbøvikja. Huglo branndepot var raske på staden og starta slukkinga umiddelbart. Det var litt av eit syn for dei elles uvitande huglarane då dei møtte tre store brannbilar i tillegg til to mindre…
DetaljarPå skuleplassen til Huglo skule står det no ei ny leikehytte. Alle elevane på skulen har saman med rektor Reinert Agdestein jobba dugnad i nesten alle friminutta sidan hausten i fjor. Av alle leikehyttene som har blitt bygd på skulen opp igjennom åra, så må denne vere den finaste! 7. klassingen Åsmund har skreve rapport…
DetaljarSundag var det basar i Bedehuset til inntekt for hjelpearbeidet i Russland. Tre huglarar var med på bussturen med hjelpesendingar i vinter: Vigliv Brandvik, Nils Olav Taranger og Willy Trøite. Nils Olav og Willy hadde fotografert flittig på heile turen og Willy hadde laga lysbildeshow som me fekk sjå. Som alltid på basarar på Huglo,…
DetaljarSpreke gutar på dugnad i fjellheim Då Huglo-ungdomslag bygde ut Fjellheim i 2006, vart det også bestemd at det skulle lagast til loftstove. Arbeidet starta og ungdommane deltek i arbeidet med litt instruksjon av meir erfarne husbyggjarar. Dette er eit av prosjekta som ungdomslaget held på med. Her kjem nokre bilete frå tidlegare i vinter…
DetaljarI slutten av 50 åra skulle eg føra ein hingst over Langenuen til Nord Huglo. Eg hadde då ein åpen Dorri 32 fot med 6/12 hk Sabb i, den brukte eg til å frakta diverse materialer og utstyr til og frå Huglo. Ein dag fekk eg eit oppdrag å føra ein hingst over fjorden i…
DetaljarRådmannen fremjer ekstraordinær budsjettrevisjon for formannskap og kommunestyre. Saka skal opp i formannskapet 6.mai. Bakgrunnen for saka er først og fremst at Stord kommune har eit akkumulert underskot på 12,8 mill kr som må dekkast inn over 2010-rekneskapen om kommunen skal unngå oppføring i register for betinga kontroll, Robek-registeret. For Huglo, dersom rådmannen sitt forslag…
DetaljarLaurdag var det stor rydde- vaske- og ominnreiingdag i butikken vår. Styret gjorde som vanleg ein stor dugnadinnsats for å gjera butikken ennå meir kundevenleg. Hyller blei flytta på og alle krokar vart vaska som dei aldri har vore vaska før (nesten), og golvet er no nybona. Planen er at eit av hjørna skal nyttast…
DetaljarI år greidde Arne å lura minken for røykesild! Den dagen no i april minken vart sett dansande på kaia, gjekk Arne til aksjon: Han tok ned silda, pakka han og la han i frysen! Men litt medkjensle med det litle dyret må han ha hatt: Det heng att eit spensel på snora framleis. Værsågod,…
DetaljarDet var stor aktivitet og mykje trafikk til og frå på ryddedagen sist laurdag. Utruleg kva som samlar seg av ting me ikkje ser nytta av lengre – på eit år! Me kvittar oss med møbler, madrassar, syklar og kvitevarer – og datautstyr. Mykje datautstyr. Er me kjøp- og kast generasjonen heller enn, som før,…
DetaljarJohannes Fjellandsbø tar ferja over fjorden for å følge hoppa si til hingst. Bilete er teke på kaien på Nord-Huglo februar 1973. Dette hadde nok ikkje vore like enkelt i dag. Foto: Dag Willgohs
DetaljarEtter som åra går og dagane forsvinn bak oss, kan det vere kjekt å mimre tilbake. Har du eit bilete eller ei lita historie du har lyst å dele med oss, er det berre å ta sende inn til post@huglo.no. Det nermar seg 17.mai, og i den anledning nyttar me høvet til ein “17.mai kavalkade”,…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.