I desse corona-tider
Førebels har huglo.no fått vita at møtet i Bedehuset på torsdag, Den Indre Sjømannsmisjon, og Korpsbasaren på søndag 22.d.m., er avlyst – eller heller utsett.
Førebels har huglo.no fått vita at møtet i Bedehuset på torsdag, Den Indre Sjømannsmisjon, og Korpsbasaren på søndag 22.d.m., er avlyst – eller heller utsett.
Denne gangen er Åse og Sissel vertar for eldretreffet onsdag 11.mars kl 15.00 – 17.00 på skulen. Ingen nedre aldersgrense! Hugs å ta med skulebilete, gjerne så gamle som mogleg, så velger me bilete til veggpynt og album.
DetaljarVestlandet sitt flytande bibliotek, Epos, kjem til kaia på Sørhuglo torsdag 5. mars kl. 17.00 – 18.30 Som alltid har bokbåten med seg nye og gamle bøker til utlån og gode råd til den som vil finna noko spesielt å lesa. Kulturprogrammet er i samarbeide med Hordaland folkeakademi. Denne gangen handlar det om Sindre, som…
DetaljarSom vanleg var det “stinn brakke” da Vyborghjelpa arrangerte kafé med utlodning. Mange gode og flott pynta kaker, som berre Huglo-bakarene kan laga kaker, så mange basarar, kaféer og møter dei bakar til. Og dei frammøtte visste å kjøpa godbitane. Det var populært at eit kakestykke kunne vera så stort som du sjølv skar det.…
DetaljarHuglo bygdelag inviterar til årsmøte i skulen måndag 30. mars, kl. 19.00 Saker: Årsmelding Rekneskap Ymse Val Vel møtt! HBL
DetaljarHuglo IL vart skipa i 1969. Altså er laget nettopp runda 50 år. Dette ynskjer styret å markera under årsmøtet søndag 1. mars kl 16.00 i skulen. Øystein Huglen vil fortelja frå laget si historie, og andre kan hiva seg på. Om nokon har gamle eller nyare bilete knytt til idrettslaget set me stor på…
DetaljarEin hyggeleg føremiddag, mykje å snakka om, god mat og kaffe og framfor alt: Mange skulebilete av ymse alder. Nokon kan me prøva å forstørra og pynte veggen med, dei fleiste burde limast i album med tekst til, mens nokon ennå huskar når biletet vart teken, kva for ein hending eller anledning biletet er teken…
DetaljarInga stor skade skjedd her, berre noko toalettpapir som sto på golvet på butikklageret vart ikkje salsvare etter at sjøvatnet tok seg en tur inn. Då butikkhuset vart bygd opp att etter brannen, vart det heva 25 cm. I framtida er kanskje ikkje det nok? Hadde du noko laust i naustet, kan det hende du…
DetaljarOverskrift i Aftenposten: “Fergerederiene sitter igjen med milliongevinst. Trafikanter må betale flere tusen kroner mer for billettene”. Det er tilsaman 130 ferjesamband i Norge, 17 av dei er riksvegsamband eigd av staten, resten eig fylkeskommunane. Staten betalar 1,5 milliardar kroner for fergetenesta på dei 17 riksvegsambanda – tre ganger så mykje som i 2014. …
DetaljarDette er den “nye” ferja vår, m/f Julsund. Ho kom til Leirvik natt til i går, og skal gå nokre prøveturar før ho vert sett i vanleg rute. Bileta er tatt før ombygginga. Julsrud vart bygd i 2004. Ho er 83,9 meter lang, tek 99 personbilar og 295 passasjerar. Toppfart 13,8 knop. Til samanlikning vart…
DetaljarDenne veka er bibliotek-dagen flytta frå torsdag 13.2. til onsdag 12.2. Bøker kan óg leverast og lånast på eldretreffet onsdag 12.2. kl. 12.
Springflo! Bileta er tatt om dagen etter den høgste floa, ca. kl. 13.30, aller høgst sto vatnet om natta, ca. kl. 02. Dei som ikkje hadde løfta opp eller fortøyd det som sto på golvet i ope naust, ser det antakeleg aldri meir, bortsett frå eigaren av båten som dreiv opp på naboen sin brygge…
DetaljarKakene var nok ikkje heilt så mange som dei på biletet, men 9 huglarar + 2 arbeidande damer var samla i skulestova til eldretreff 14. januar. Og det er jo over 10% av befolkninga på Huglo. Det var litt kulturelt program, men mest god drøs og god kaffe. Skulestova kan med fordel gjerast mindre “skulestoveaktig”…
DetaljarStord folkebibliotek har også denne våren filial på Hulo skule, med bøker for vaksne. Du kan óg bestilla bøker frå biblioteket og få dei levert hos Huglo Filial. Vår trufaste bibliotekar Åse er på plass følgande torsdager kl 18.00 til 19.00: Januar 16. og 30. Februar 13. og 27. Mars 12. og 26. April 16.…
DetaljarPå Haustmøtet for Huglo Bygdalag vart samankomsten “Eldretreff” etterlyst. No har Eline og Åse teke på seg å invitera huglarar til ein ny start på Eldretreff – utan at det er nokon aldersgrense korkje oppover eller nedover. Alle er velkomne! Treffet er tirsdag 14. januar, på skulen, kl. 12 til ca kl 14. (Biletet er…
DetaljarPå 13. dag jul skal det etter gamal skikk komma julebukker på døra. Dei skal synga minst ein julesong, og til takk skal dei få restar av julegodt i korga si. Julabukkene som kom i år var sers moderne – kanskje smitta av Halloweenfeiring? – men dei hadde med seg julemarsipan då dei gjekk. Altså…
DetaljarYnskjer du ruteheftet, som i “gamle dagar”. Det kan du bestilla – på internett, sjølvsagt – på skyss.no. Då får du heftet i posten. Kjersti har laget en flott, forenklet ferjerute for dem som bare skal til/fra Huglo/Jektevik. Med forbehold om skrivefeil: FERJERUTER 2020 Kvardagar * stjerne stopp, ring ferje, a berre fredager Frå …
DetaljarRedaksjonen i huglo.no takkar alle sine lesarar for interessa dei har vist i dei åra sida har eksistert. Så ynskjer me alle lesarar eit godt, fredfullt år 2020, mange glade dagar, mange oppfylte ynskjer og så framgang for det litle Huglo-samfunnet i året som kjem.
Idrettslaget inviterar til romjulscup laurdag 28.desember i skulen! Ei strålande anledning til sosial drøs og rørsle i gymsalen. Klokka 17.00: For alle i 7.klasse og yngre. Klokka 20.00: Frå 7.klasse og eldre
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.