Bokbåten epos på hausttur

Bokbåten kjem til kaia på Sørhuglo torsdag 7. november kl. 17.00 til 18.00.  På denne turen fortel Nina Næsheim om morfaren sitt magiske skrin.  Programmet startar kl. 17.00.  Og som alltid har bokbåten med seg nye og gamle bøker og gode råd til den som vil finna noko heilt spesielt å lese. Velkomen om bord…

Detaljar

Nærbutikkens dag

Merkur, støtteprogrammet for utkant-butikker, og Huglabutikken A/S, inviterer til Nærbutikken sin dag på fyrstkomande laurdag.  Alle som handlar i opningstida, får kaffe og kake.  Det vert óg konkurranse med premie. Huglabutikken minnar om at dersom du handlar på Nærbutikken, støttar du nærmiljøet som eit levande samfunn. Velkomen til hyggjeleg handel!

Detaljar

Haustteikn

Eit sikkert haustteikn er det at no er det for seint å leita etter dei postane du ikkje fann i sommer.  Regelen er at postane ligg ute frå påske til 1.oktober.  Sjølvsagt tar det litt tid før eldsjelane i Huglo Idrettslag får tatt alle turane som må til for å ta inn dei oransje og…

Detaljar

Ny plan

Pendlarane med ferja til/frå Jektevik har nok merka seg byggeverksemda på kaien.  Kva skjer?  Jo, dette vert ladestasjon for ferja, som jo skal kunne gå elektrisk.  Hadde ikkje ferja ein ladar på Jektevik, som til og med vart vist på TV?  Jo, men den vart teken bort, så nå må dei setja opp ei ny…

Detaljar

Vyborg-basar

Lørdag 7. september var det basar til inntekt for Vyborghjelpen som driv mange tiltak for trengande folk i Vyborg i Russland. Det var full sal med omkring 150 personar som møtte opp. På programmet stod song av både Fitjarmusikken og Edgar Paulsen. Tale vart held av Martha Paulsen, og ein fikk høyre om arbeidet til…

Detaljar

Partiprogramma til Huglo

Til no har ingen på Huglo fått førebu seg grundig nok til årets kommunevalg.  Etter ei telefonrunde vart det klårt at partia hadde gitt Sunnhordland Distribusjon i oppgåve å distribuera ei pakke med alle partiprogramma.  Det vart gjort for noko tid tilbake.  Men dei gløymde Huglo, austsida av byen Stord!! No har Sunnhordland Distribusjon lova…

Detaljar

Vyborg-basar

Vyborg-hjelpen i Sunnhordland har basar på Huglo skule Laurdag 7. september kl. 15.00 Det vert informasjon om hjelpearbeidet i Russland ved Jon Teigen. Åresal og loddbøker Andakt ved Martha Paulsen Musikk og song av Edgar Paulsen Fitjar Musikkforeining og Sunnhordlandmusikken Mat med kaffe og saft Hjarteleg velkomen til ein hyggeleg ettermiddag, seier Vyborghjelpen

Detaljar