Huglabutikken
Huglabutikken har over 400 følgarar på facebook! Her finn ein mykje nytt og nyttig info frå butikken og Huglo. Her kan du sjå dagens post:
Huglabutikken har over 400 følgarar på facebook! Her finn ein mykje nytt og nyttig info frå butikken og Huglo. Her kan du sjå dagens post:
Her er gjengen som dirigerar trafikken på Huglo for tida. Alt handlar om den store asfaltleggemaskinen, som tar heile vegbredda. Ikkje heilt enkelt å snika seg forbi når huglavegen ikkje har plass til meir enn ein bil i bredda. I går fekk dei som skulle nordover etter trimmen, vita at det blei ein halv time…
DetaljarHer kjem den største og flottaste driftsbygningen i mange mils omkrets! I dag skal golvet støypast. 28 (!!) betongbilar skal komma med ferja i løpet av dagen. NORLED har blitt varsla om at dersom det vert innstilt ferjesamband i dag – noko som me alle veit ikkje er uvanleg – vil selskapet få ei kjempeerstatningssak…
DetaljarMed fare for å gjenta meg sjølv frå tidlegare år: Dette er ein fantastisk kveld. Utruleg kva disse eldsjelane og dugnadsgjengen får til! I år hadde 130 personar meldt seg på, og trivselen og støynivået var høgt frå starten og vart etter som kvelden seig på, høgare og høgare. Men det var berre uttrykk for…
DetaljarDen entusiastiske dirigenten for mannskoret Havdur heiter sjølvsagt Cecilie Anna Rønhovde.
DetaljarDirigenten Cecilie Ann Raunhovde tok med seg mannskoret Havdur til Huglo – til mykje glede for alle dei frammøtte i Huglo Samfunnssal. Ho er jo ein gledesspreiar i seg sjølv, Cecilie Ann, der ho dirigerar med heile kroppen og stor entusiasme. Denne gangen hadde Havdur eit repertoar med Negro Spirituals, som vart avslutta med nummeret Amazing…
DetaljarOm ca. 10 dagar skal asfaltleggarane vera i gang. Fyrst må vegen rettast opp og kantane renskast betre enn det som er gjort til no. Asfalten kjem med båt, og det er eit sandkorn i maskineriet at båten må flyttast frå kaien kvar gang ferja kjem. Gunstig er det heller ikkje at tømmerkjøringa ikkje er…
DetaljarI sommar vart det gjennom bulystprosjektet Øyliv i Sunnhordland laga ein film om og frå Huglo. Denne filmen skal synleggjera øya vår og det gode øylivet her. Filmen skal brukast til å profilera Huglo framover Her kan du sjå Merethe Offerdal Tveit sin film «Øyliv i Sunnhordland»
DetaljarLaurdag 10.oktober klokka 20.00 arrangerar Huglo ungdomslag den årlege havrettsafta i Fjellheim. Inngangspris kr 400 (medlemmar kr 300) Bindande påmelding til Astrid Eikeland Tlf: 53 49 56 44 Frist for påmelding: Tysdag 6.oktober Sal av brus Levande musikk og mykje god mat! HUL
DetaljarArbeidet er i full gang med få huglo.no tilbake i ny og forbedra drakt! Kor lang tid dette tek er førebels ikkje heilt sikkert, men det ser bra ut!
Mannskoret Havdur kjem til Huglo søndag 4. okt med kjempekonsert! Sjå info på plakat. Huglo Bygdekvinnelag arrangerer samstundes Sundagskafe! Der ein får kjøpt deilige kaker og kaffi til musikken. Kafeen opnar kl 16:00, konserten startar 16:30 Dette vil seia at ein kan nå konserten om ein kjem med ferja 15:40 frå Jektevik. Elles kan ein ta…
DetaljarDet vart ein fin kveld i Kulturhuset då historia om prosjektet Øyliv blei presentert. Espevær, Fjellberg, Huglo og Møkster har delteke i prosjektet. Ca. 25 huglarar fekk høyra ordførar Liv Kari Eskeland ynskje velkomen. Ho sa mellom anna at øyane representerte variasjon og fargerikdom i sine kommunar. Utan øyane ville kommunana vore meire “grå”. Tidlegare statsråd Liv…
DetaljarSjølv om det er store katastrofer rundt omkring i verda, er ikkje Vyborg glømt. På basaren forrige lørdag kom det inn ca. kr. 60.557,-. Totalt for året har Vyborghjelpa fått inn ca. kr. 170.577,-, mykje takket vera eldsjelar som sel lodd på kjøpesenter og utafor butikkar og steiker og sel lørdagsvaflar der folk ferdest. I…
DetaljarDette er post 5. i turorienteringa. Her var det i dag 79 namn på lista i glaset! Du har enno sjanse til å verta nr. 80. Med så mange postleitarar er det tydeleg at Huglo Idrettslag gler mange med arbeidet dei gjer med å legga ut poster. Tusen takk!
DetaljarDet vert utlån desse torsdagane: September: 19. Oktober: 1. , 15., og 29. . November: 12. , 26. Desember: 10. Biblioteket lånar ut bøker for vaksne. Du kan og bestilla bøker frå hovedbiblioteket og få dei levert på Huglo.
DetaljarCa. 25 huglarar hadde møtt fram då skjebna til skulehuset skulle avgjerast. Leiaren i Huglo Bygdalag la fram resultatet av forhandlingane med KF, som har ansvaret for kommunale bygg. KF hadde no forlangt at det skulle tas ei avgjerde, då kommunen var interessert i å kvitte seg med ansvaret for bygget. Ville ikkje Huglo Bygdalag…
DetaljarAlle huglarar er inviterte til feiring av øylivet i Stord kulturhus laurdag 19. september kl 18.30. Her vert mellom anna premiere om film frå Huglo, Espevær, Fjelberg og Møkster, musikalske innslag, innlegg frå scena og servering av lokalmat. Kvelden vert avslutta med Tore Strømøy og Reidar Brendeland sitt show “Sanger fra et liv”. Billettar til “øypris” 150 kr…
DetaljarHuglo ungdomslag ynskjer velkommen til havrettsafta laurdag 10. oktober i Fjellheim! Hald av kvelden, meir info får du snart.
DetaljarDet går an å fiske og få fisk, faktisk. Desse eksemplarene vart tekne i nærmiljøet for eit par dagar sidan. Torsken vog 1 kg, og ein så stor lysing er det ikkje ofte me ser!
Er du blant alle dei som har undra seg over kva som skal skje med alt tømmeret som ligg rundt omkring på øyo? Innimellom kjem det ein tømmerbil som kjøyrer last ein dag eller to fram til ferjekaia. Det tek tid, for på vegane på Huglo kan dei ikkje kjøyra med tilhengar. 3 eller 4 gonger…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.