Tømmerhavna Huglo
No er utskipinga av grantømmeret starta! Men det vil ta tid, dette er nattarbeide av di det er ferjekaia som nyttast. Og i mellomtida ligg ferja på Hodnanes om natta.
No er utskipinga av grantømmeret starta! Men det vil ta tid, dette er nattarbeide av di det er ferjekaia som nyttast. Og i mellomtida ligg ferja på Hodnanes om natta.
Huglo IL gjentek suksessen frå i fjor sommar med fotballskule, og arrangerar i år «DNB idrettsleikar» for born i alderen 6 – 12 år. Tidspunktet er 27. – 31. juli, og aktivitetane er lagt til Leirvikestølen. Meir informasjon kjem etter kvart. Påmelding kan gjerast allereie no, ved å gå inn her.
DetaljarPå Huglo kan du ha høns – og enda til hane! (Det kan du ikkje i ein tettstad, haner kan vera ganske høgrøysta). Har du hane, vert det kyllingar dersom du let naturen gå sin gang. Rugehøner vert veldig gode hønemødre, dei varmar og oppdrar kyllingane til dugelege borgarer i hønseflokken. Men i dette høve…
DetaljarHer er kome ei lita hytte/eit skur på ferjekaien – lurer du på kva det skal nyttast til? Jo, det er skuret til utleigesyklane som er kjøpt inn i prosjektet Bulyst. Blide elevar fra Stord Vidaregåande skule, tømrarlinjen, forsterka med eit par elevar som hadde vore med i byggeprosjektet då dei gjekk på ungdomsskulen, var og…
DetaljarVårsleppet er i gang på Fabrikken 2015! Finn ut meir om sommarens høgdepunkt her! No kan du også kjøpa billetane dine på Huglabutikken! Eller du kan kjøpa dei her. “24 – 25 juli 2015 er fabrikken på Huglo nok ein gang klare for å levere deg den finaste musikken, beste maten og sommaren si garantert trivelegaste festivaloppleving.…
DetaljarPå Fabrikken2015 ønskjer me å servere god og lokal mat. Har du mykje godsaker i åker eller hagen din er me derfor svært interessert i å kjøpe gode lokale råvarer frå Huglo. Her kjem ei liste over nokre av ingrediensar me treng til restauranten på Fabrikken: – Agurk– Tomat– Salat– Raudløk– Reddik– Purre– Dill– Persille–…
DetaljarHuglo IL gjentek suksessen frå i fjor sommar med fotballskule, og arrangerar i år «DNB idrettsleikar» for born i alderen 6 – 12 år. Tidspunktet er 27. – 31. juli, og aktivitetane er lagt til Leirvikestølen. Meir informasjon kjem etter kvart. Påmelding kan gjerast allereie no, ved å gå…
DetaljarNo er den nye informasjonstavla for Huglo montert på ferjekaien! Me er stolte og glade, og takkar Kjetil S forarbeidet med fotografering og oppsett.
På den ordinære generalforsamlingen i Huglabutikken AS møtte 15 aksjonærer pluss ein representant frå kommunen, Håkon Særstein. Etter dei faste postane ved opning av møtet, blei årsmelding og reknskap godkjent. Omsetningen var kr. 4.107.819,- ei auking på 13,4% i 2014 i høve til året før, så sjølv om resultatet viste vel 8000 kr i minus, er stemninga optimistisk for…
DetaljarMykje rusk og rask vart teken hand om under dugnaden på Vikasanden i dag. Så no er det berre å vente på rette badetemperaturen!
DetaljarHuglo Idrettslag har dugnad på Vikasanden laurdag f.k. frå klokka 16. Det vert mest strandryddig, så folk oppmodast til å ta med jernrive og hanskar. Og på tirsdag 11. mai er det Bygdalaget sin tur. Då skal me gjera det fint på skuleplassen og inne i skulen til 17. mai, frå klokka 18. Vel møtt
DetaljarHuglo vert ikkje til å kjenna igjen når firmaet Lerøy Skog AS frå Trysil er ferdige her. Delar av øyo vår er heilt barbert, sjå bileta og se om du kjenner deg igjen! Grana skal vekk, og fagfolk frå dei djupe skogane i Trysil arbeidar med maskinar som er utruleg effektive. 30 sekundar tar det…
DetaljarAlt var som det “alltid” har vore: Utrulege mengder saker og ting som kjem fram frå loft og kjellar, som me eigare ikkje ser oss mon i lenger. Og det er tydeleg behov for ein slik dag: Berre bilen med problemafall hadde 10,5 tonn last då han forlot Huglo, bilbatteriane åleine vog eit tonn (bilen er…
DetaljarHar du noko gamalt? –noko fint eller rart? –noko du ikkje treng lenger som gjerne andre kan ha lyst på?! -Ikkje kast det! Gje det til oss! Under Fabrikken 24. – 25. juli ynskjer me å ha ein liten og triveleg brukthandel på lageret. Her vil vera heimakoseleg steming og mogleg å gjera eit skikkeleg…
DetaljarHer har skjæra prøvd å koma seg unna måren, etter to år der skjæreungane vart mat for mårungane. Me held pusten kvar gong det kjem eit vindpust, og håpar at kulingen lar venta på seg til ungane er klekte og flygeklåre. Det skal ikkje meir enn ein “flau vind” før huset svaiar farleg mykje. Undrast…
DetaljarRegnveret på biletet er det same, gamle me er vane med. Men no skal granane bort! Dei vart planta for ca. 70 år sidan, då styresmaktane fekk idèen om at skogplanting måtte vera fine greier. Mange eldre på Huglo hugsar at dei fekk fri frå teoriskuledagen for å planta skog. Og granane drivdes og vaks…
DetaljarStarten på feiringa er sjølvsagt førebuingane: Bygdalaget vil setja ned ein hurtigarbeidande komitè, og vonar at dei som vert spurde, tek imot utfordringa. Det vert ryddedag på skulen, ute og inne, og dette er planlagt til mandag 11. mai. Det kjem plakat om dette seinare. Me kan gle oss til korpsmusikk til toget i år…
DetaljarKafèen er sundag 3. mai kl. 15.30 i Bedehuset. Det vert sal av mat og kaffe, utlodding og informasjon om Vyborg-arbeidet, med biletframsyning. Sang av Hatlevik og Valen, og allsang. Hjarteleg velkomne til å støtta Vyborg-prosjektet, og ha ein hyggeleg ettermiddag samstundes.
DetaljarStordnytt.no skriv at av Huglo bygdalag får 4000 kr av dei 76.000 kr som er øyremerka til 17.mai-markering i kommunen. Det vert nok ei flott feiring på Huglo i år også!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.