Fyrste vintervarsel
Denne utsikta vakna huglarane til laurdag morgon. Men enno er det varsla mildver, ingen grunn til å sko bilen med piggar førebels. Men me veit kva me har i vente . . .
DetaljarDenne utsikta vakna huglarane til laurdag morgon. Men enno er det varsla mildver, ingen grunn til å sko bilen med piggar førebels. Men me veit kva me har i vente . . .
DetaljarHuglo Bygdekvinnelag innbyr til julasamankomst i Fjellheim fredag 5. desember kl. 19.30. Alle deltakarane tar med litt til eit felles koldtbord, og det dei sjøl vil drikka til maten. Bygdekvinnelaget sytar for brød, smør, og kaffe og te. Det vert underhaldning, utloddning av juleblomar og god tid til drøs og hygge i ein elles travel…
DetaljarDet vert tradisjonell opning av julegata ved Huglabutikken laurdag 29. november kl. 12. Som tidligare år vert det julemusikk ved lokale musikantar, og servering av gløgg. Det vert og høve til å melda seg på Huglo Bygdekvinnelag sin julesammenkomst, som vert arrangert laurdag 5. desember i Fjellheim.
DetaljarLaurdag 17.januar vert vert det smalahåvefest i Fjellheim! Denne gongen spelar bandet Rakkadeis til dans! Du kan lesa meir om dei her. Påmelding til Astrid Eikeland 53495644 innan 14.januar. Pris: 300 (250 for medlemmar).
DetaljarBokbåten vitjar Huglo laurdag 22. november kl. 16.00 – 17.30. I år er det Per Jostein Aarsand me møter om bord straks båten legg til kai. Programmet seier at “han bergtek sitt publikum med historia om verdas snillaste og gata sin sterkaste hund, rottweileren Rocky. Per Jostein har med gitar, og alle er med og…
Detaljar“Me har draumt om å bo i Norge, på Vestlandet, i mange år”, fortel Aleksandra og Michal. Dei er intereserte i eldre europeisk historie, og Vestlandet har mange fornminner. Dei budde 8 år i Skottland der dei studerte engelsk litteratur (Aleksandra) og musikk (Michal). For om lag 3 år sidan dro dei til Flåm for…
Detaljar. . . det ruskar ute med regnvind sur og grå – er det ikkje akkurat sånn me har det no? Hos Garborg ligg Mons på sekkjepute under omnen. På Huglo kan me gå på Turids kafè for å verta varma på god suppe (fiskesuppa var ein gourmand verdig!), kaffe og heimelaga kaker. Huglo har…
Detaljar12 utstillare møtte fram med produkta sine i år, av dei var 4 barn. Veldig kjekt! Her var som vanleg noko for einkvar smak, nydelege trearbeider, broderi og strikking og hekling, søm og baking, og masse godteri, lefser og kaker, saft og egg og fotografier og såper. Interessa var stor, det var ganske fullt i…
DetaljarPRESSEMELDING Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 1. november blir det landsomfattande aksjonsdag for lokal handel på Huglabutikken AS «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar. Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som…
DetaljarFystkomande laurdag, 25.10., ynsker Huglo Bygdekvinnelag velkommen til årets Huglamesse, salsmesse i gymsalen på Huglo skule. Ca 10 utstillare tilbyr eigne produkt i mat, handarbeide og andre kreative hobbyar. Kvaliteten plar vera høg og produkta som seljast, populære. Det vert og kafe med noko i bita i for einkvar smak. Messa opnar kl. 12 og…
DetaljarSom vanleg: Huglaungdomen vil og kan!! Igjen ein profesjonell fest med eit fantastisk flott, kreativt og velsmakande koldtbord. Ca. 100 hadde meldt seg på, ikkje verst for ei øy med 90 heilt faste buande? “Alle” med tilknyting til Huglo veit at Havrettsafta er ein av dei store kveldane i kalenderen. Men ikkje så mange veit…
Detaljar2 båtar, 2 personar, 17 teiner, 2, kanskje 3 hummarar pr dag der 2 er rognhummarar og får symja vidare, det vert gjnnomsnittleg 0,06 hummar per teine. Timeløna vert så mikroskopisk at den ikkje lar seg rekne ut utan superkalkulator. Men som han sa på stordnytt.no: Det er håp i hengjande teine. Kanskje vert det…
DetaljarDenne er vel ikkje heilt vanleg på Huglo? Det er ei vannspissmus, den største av spissmusartane. Dei lever, som namnet seier, i og nær vatn, og dei er gode symjarar: Ei slik lita mus kan symja 1/2 meter i sekundet. Dei sym med bakføtene, og halen har ein “kjøl” av stive pelshår som dei styrer…
DetaljarDet nermar seg havrettsafta!Har du meldt deg på ? Her kan du sjå bilete frå tidlegare år: 2013 2012 Huglo ungdomslag ynskjer velkommen til havrettsafta laurdag 11. oktober i Fjellheim. Det vert levande musikk ved Olav Eger Hesjedal. Inngangspris kr 400 (medlemmar kr 300) Bindande påmelding til Astrid Eikeland Tlf: 53 49 56 44 Frist…
DetaljarPå førstkommande onsdag kan du sjå episoden med Lars Olai Haukanes på NRK-super klokka 19:00. Her kan du sjå innlegget frå huglo.no tidlegare i haust. NRK skriv om dyrevenn: “Dyrevenn er programmet for deg som har eller har hatt kjæledyr, og for deg som drømmer om å få et” Du kan også sjå episoden med…
Detaljar1. oktober klokka 08.00.00 startar hummerfisket! Det gjeld å ha alt klart, samla fisk til agn i månadar på førehand (saltast, men STINKAR likevel), treteiner må leggast i vatn (liten vits med hummerteiner som flyt i overflata), teinene skal agnast og stablast opp i båten kvelden før, og SÅ: Start kl. 07.30 for å ligga…
DetaljarHar du ikkje fått teke alle postane? Det er inga grunn til fortviling, for postane vil ligge i ute i marka til 15.oktober.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.