Pinsekonsert
Laurdag 26. mai vert det konsert med Huglo skulekorps og sal av grillmat ved Huglabutikken. Korpset spelar klokka 12.00. På programmet er “the best of” frå årets repertoar.
Laurdag 26. mai vert det konsert med Huglo skulekorps og sal av grillmat ved Huglabutikken. Korpset spelar klokka 12.00. På programmet er “the best of” frå årets repertoar.
Det var duka for fest i bedehuset på Huglo og ei flott avslutning av feiringa av nasjonaldagen. Med tradisjonellt program vart kvelden fyllt med god middag, musikalske innslag frå Huglo skulekorps, song av koret Emmaus, talar, allsang, spørjeleik og sjølvsagt mange, mange gode kaker. – Les meir og sjå bilete frå nasjonaldagen på Huglo her.
DetaljarVeit du at du kan kjøpa det meste av det du treng her på Huglo? Plantene finn du i Turid sitt drivhus, og opningstida er når Turid er heime. Berre ring 41227335 og avtal. No seier værmeldinga at tida er inne (endeleg!) for å planta i hagen.
for dei fine hosebanda sine, og dei fine sløyfene. Han svara at det gjekk heilt greit det, å knyta sløyfene . . . . . “så lenge eg har ei så knyte dei for meg”.
Og så kom endeleg dagen! Litt regn, litt vind, litt for kaldt – men kva gjorde nå det? På Huglo var det god stemning heile dagen, med tradisjonell feiring. Huglo skulekorps spelar så det er en fryd å høyra på (ganske høg gjennomsnittalder på dette skulekorpset!) og til gudstjenesta var det ca. 50 frammøtte –…
DetaljarHer legg Huglo skulekorps siste finpuss før 17.mai. I morgen er dei klare, nokon for fyrste gong. Nokre nye marsjar i marsjheftet, men sjølvsagt også gamle slagarar.
Nordmenn som feirar nasjonaldagen på spanskekysten, har fått melding om at det ikkje vert bunadver – termometeret kjem til å visa over 30 gradar – i skuggen. Me er heldige, hos oss vert det absolutt høve til å nytta ein god, varm, vakker bunad, gjerne med ei ulltrøye under. At me kan koma til å trenga…
DetaljarOm nokon ikkje var sikre på det: Det vert Huglamesse til hausten! Fint om du har noko å bidra med! Førre Huglamesse var jo, for å sitera ein kjent huglar: “The best Huglamesse ever!” Kanskje ein kan seia dette om messa til hausten igjen? Det er Bygdekvinnelaget som arrangerer messa, og dersom du lurer på…
DetaljarSå seier segnet: Ein sagnfigur alle på Nordhuglo visste om, var Glupsamannen. Han budde i Glupso, ei hole i fjellet opp ved Småhaugane. Glupsamannen var ungane litt redde, han skulle vera ikkje så lite ilter. Så når dei vaksne ville at ungane skulle koma heim om kvelden, kunne dei seia at “i kveld er Glupsamannen…
DetaljarFrå VON 3.august 1963 Me vitjar Sørhuglo om 20 år Amerka-Lars har vore over dammen i 20 år, men no er han attkommen. Saman med han tok eg meg ein tur på søre enden av øya, og så får me høyra kva amerika-fararen fortalde meg: ”20 år er lang tid”, sa eg med meg sjølv.…
Detaljar2.april støtte lasteskipet MS Fator på hommaneneset på Huglo. Det viste seg at skip og mannskapet hadde hatt litt av reise, sjå ruta her. Skipet skulle slett ikkje til Huglo, men Jondal, og kjøyrde både på kryss og tvers av fjorden før ferda enda på Hommaneneset. Styrmannen vart misstenkt for å vere rusa, og vart…
DetaljarNo er det berre nokre få dagar att av rabbaterte prisar på festivalpass til sommarens store hending på Huglo. Ta turen innom Huglabutikken eller bestill på scanticket. Etter 1.mai kostar festivalpassa 645kr. Følg med på fabrikken2012.no
DetaljarGradestokken seier at det er vinter om natta og vår om dagen for tida. Men her er eit helt sikkert teikn på at me går mot varmare tider: Årets fyrste heilt ekte gåsungar!
Det var kalla inn til generalforsamling for butikken 28.april i Fjellheim. 32 aksjonærar møtte. Styreleiar Njål Sortland opna møtet. Nils Eide vart valt til møteleiar. Kommunen sin representant, Håkon Frode Serstein, var tilstade for fyrste gongen. Årsmeldinga for 2011 Om verksemda: Huglabutikken AS er eit selskap som driv med detaljhandel av daglegvarer, lokalisert på Huglo i Stord…
DetaljarEin kan diskutera kva som er det sikraste vårteiknet: nyfødde lam, grøne museøyrer på bjørka og vårblomar i solhellingane, eller det årlege 2.toget på Huglo (like sikkert som toget 17.mai). Sikkert er det at det er heilt utruleg kva som hopar seg opp i løpet av eit år, som ein ikkje treng og er glad…
DetaljarSøndag 22. april var det igjen søndagskafè på Huglo. Denne gongen var det bedehuset som var arrangør. Dei frammøtte kunne kjøpe seg gode kaker, vafler, saft og kaffi, og som alltid når det er kafè på Huglo, så var det eit breidt utval i mange gode kaker. Ein kunne til og med smake på fiken…
DetaljarFrå og med 1. mai er det på nytt endringar i Norled sine ferjeruter på strekninga Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo. Det som er nytt er at dei såkalla “3-ferjo” og “4-ferjo” no går 10 minutt tidlegare, slik dei gjorde før endringane 1. januar i år. Altså klokka 14:25 frå Jektevik og 14:40 frå Nordhuglo.…
DetaljarBarnas turlag Stord – Fitjar arrangerer tur til Varden søndag 15. april. Turen går frå kaien på Nordhuglo ca. kl 10:45. Det er berre til å slenge seg med når mange familiar frå Stord og Fitjar tek turen til Huglo sitt høgaste fjell! Les meir her! P.S. Turen er omtalt i den siste utgåva av Noregs…
DetaljarLaurdag 31. mars var det klart for den årlege bedehusbasaren på Huglo. I år som i fjor var det fullt rundt alle borda i begge salane, og ein kunne sjå at store og små koste seg. I år hadde me fått besøk av Gunvald Bjotveit som tala for oss, og som alltid når det er basar…
DetaljarTidleg mandag morgon gjekk lasteskipet “Faktor” på land ved Hommaneneset. Trass i ulukka kan båten vere glad for at den grunnstøtte på Leiro, og fekk “ei mjuk” landing.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.