8.desember
Kva år vart koren i bedehuset på Huglo innvigd, slik at bedehuset kunne brukast som kyrkja ? – 1921 – 1937 – 1945
DetaljarKva år vart koren i bedehuset på Huglo innvigd, slik at bedehuset kunne brukast som kyrkja ? – 1921 – 1937 – 1945
DetaljarI år som” alle” tidlegare år kom Songlaget Storabuen til Huglo og laga førjulstemning saman med Huglo skulekorps. Vakker song og eit fulltallig og dyktig korps gjorde sundag ettermiddag til ei feststund
Laurdag 4. desember arrangerte Huglo Idrettslag skeisedag på Mørkavatnet. Det har vore den kaldaste november på fleire tiår, så då seier det seg sjølv at isen har blitt tjukkare og tjukkare. 17 cm tjukk var isen då den vart målt på måndag, så den er nok rundt 20 cm no. Dei vel 40 frammøtte kunne…
DetaljarRøssbøvikjo er ein fin badeplass om sumaren – men óg eit fint turmål om vinteren! Her kan du brenna bål i den store tønnegrillen, steika pølser og pinnebrød på pinne, drikka varm kakao, finne fine stein og anna til juledekorasjonen, og nyta den vakre utsikten. God tur! (Og det er sjølvsagt ikkje forbode å prøva…
DetaljarHuglo Idrettslag benyttar seg av den flotte isen, og innviterer store og små til Mørkavatnet laurdag 4. desember kl. 14.30. Me merkar bane til løp og ishockey, så det vert mogelegheiter for å teste ferdigheitane dine på den 17 cm tjukke isen. Idrettslaget lagar bål og sel kaffi og buljong. Ta gjerne med pølser o.l.…
Detaljarhuglo.no har laga julakalender i år. Her får du testa kunnskapane dine om øya vår Huglo. Kvar dag fram til jul vil du finna eit nytt spørsmål å fundera på. Nokre spørsmål er kanskje lette, og andre meir vanskelege. Fasiten legg me ut på sjølvaste julekvelden. Me ynskjer alle ei fin adventstid og lukka…
DetaljarTirsdag 30. november var det tid for Huglo Bygdelag sitt årlege haustmøte. Vel 50 huglarar møtte opp i gymsalen for å få med seg siste nytt. Sigurd Huglen orienterte om saker som bygdelaget har vore engasjert i i løpet av 2010. Alf Einar Notland fortalde om LivOGLyst, Leif Nordtveit orienterte om småbåthamna og Njål Sortland…
DetaljarGratulerer så mykje til vinnarane av flaxlodd. Denne gangen er det Åsmund Sortland og Jakob Svendsen som får sjansen til å skrapa seg fram til millionane. Lodda kan hentast på butikken i Nordhuglo;-) Rett svar var : 1 Tveit 2 Kvednahuset i Kvednavikjo 3 Kulturstien på Tveit 4 Butikken på Nordhuglo 5 Skulen 6 Leikehytta…
DetaljarSøndag 21.november var det korpsbasar i gymsalen på Huglo. Mange musikantar var spente på å halda konsert, dei hadde jo vore og øvt heile laurdagen. For dirigenten Thea var det fyrste gang ho leia eit korps på konsert, noko ho gjennomførte med glans! Gymsalen fylltes opp då klokka nærma seg tre. Unge og gamle benka…
DetaljarLaurdag 19.november klokka ti møtte det morgenfriske musikantar på skulen, klare til ein heil dag med musisering. Målet for denne maratonøkta var den årlege basaren til korpset på søndagen. Midt på dagen byrja konsentrasjonen å svikta, notane haldt seg ikkje på rette linja og b blei til kryss, og magen romla. Alle var enige om…
DetaljarKvar haust og kvar vår får Huglo besøk av bokbåten Epos. Også denne hausten har me hatt gleda av å kunna fylla opp bokhylla med variert lesestoff. På bokbåten finn ein lesestoff både for små og store. Dei har eit flott utvalg i barnebøker, romaner, krim, fagbøker og hobbybøker. Det flotte med å låna på…
DetaljarSundag var det ljosmesse på Huglo. Fokus hos presten var på forventingar me har, både til jul og i eit større perspektiv. Årets konfirmant, Mariell, tok aktivt del i sermonien. Ei slik ljosmesse er ei god oppleving i ei travel adventstid. Kongen kom i skapnad av ein baby – ikkje som folket forventa
DetaljarI går var fyrste dagen i langhelga med Thanksgiving for amerikanarane. Då er det endå meir sjølvsagt enn vårt pinnakjøt til jul at ein et kalkun, saman med slekt og vener. Me rekk ikkje kalkun denne helga, men dette er lett, sunn mat – kanskje eit alternativ i løpet av jula? Då er dette eit…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.