Opningstider for butikken f.o.m 22.08
Frå og med 22.08 er det slutt på sommaropningstidene til butikken, dei nye opningstidene finn du her.
Frå og med 22.08 er det slutt på sommaropningstidene til butikken, dei nye opningstidene finn du her.
Framleis berre 16 grader “varmt” i vatnet i Huglavikjo. Og no som me har ein eller to sumardagar som burde ha vore nytta til longe symjeturar – eller i alle fall ein rask dukkert! Ein skal vera meir enn måteleg interessert i sjøbad for å vera nøgd med dette. Er vatnet betre andre stader i…
DetaljarNo nærmar Den Store Dagen seg! 11. september, med offisiell opning av gravrøysa frå bronsealderen, på Homandehaugen, og same dag er óg Kulturminnedagen, då Huglo tek del i konkurransen om beste historiske tilskiping. Men enno trengs det ein del ryddearbeide av små og større vekstar i og rundt røysa. Fyrstkomande laurdag vert det igjen dugnad, og…
DetaljarSumaren er minst to månadar for kort på disse kanter av verda. Det gjeld å nytta dei varme, vindstille, mjuke kveldane medan me har dei, lada opp til ein long vinter. Anten kan ein sitja ute og nyta utsikten i stillheit, med eller utan eit glas med noko godt, kaldt i – men då får…
DetaljarHar du planar om å bada denne sumaren, og ikkje har starta ennå? Då er dette helga du bør slå til. Sjøen held no (nesten) 17 gradar, og berre de største optimistane tror det vert varmare enn det i år. Hopp uti! Og greier du det fyrste minuttet, kjens det ikkje så verst ut.
Søndag var dagen for den store hugladagen kommen. Som ved andre utearrangement var det stor spenning i dagane før om vêrgudane haldt seg på huglarane si side. Det vart både sol og regn, men stemninga og samholdet vart det ingenting å seie på. Hugladagen lokka til seg store og små i alle alderar, og truleg…
DetaljarLaurdag var det klart for Varden Opp. Og som i fjor var ikkje været på topp med regn og skodde. Men det stoppa ikkje folk i frå å ta turen til Varden denne dagen. 14 personar valde å springe opp på tid, medan det var 40-50 stykk som gjekk til topps. På toppen vart det…
DetaljarNytt av året er aktiviteten “Løping på blåser” – alternativ til palleløping. Det ser ganske umogleg ut, men nokon har tjuvtrent i kveld, og rekorden er 9 blåser (der er totalt 15 på rad) før Det Store Plasket. Sjøtemperaturen skulle vera god nok grunn til å halda seg på beina – sjå biletet. Ellers har…
DetaljarFørebuingane er godt i gong! Og me gler oss! Tru kan flytta fjell – men kan optimisme flytta regnskyar? Me får vera kjempeotimistar.
Laurdag 23. juli arrangerer Huglo Idrettslag turløp til Varden. Ei god oppladning til hugladagen på søndag altså! Det vil vere fellesstart på Vikasanden klokka 13:00. Dei som vil delta, betalar 30 kr. ved start. Traseen er den same som i fjor; -frå Vikasanden opp til hovudvegen, så vidare inn mot Brandvik, og tar av vegen ved 1913.…
DetaljarNo nermar det seg den store hugladagen, søndag den 24.juli. Som for to år sida, vert det lagt opp til familiedag på Nordhuglo med aktivitetar for store og små. Frå klokka 12:00 kan du få vere med på: – Robåtrebus på Huglavikjo – Runde på Huglavikjo med eliasbåten for dei minste – Tønneløp på sjøen…
DetaljarHuglabutikken har fått oppgradert uteplassen sin – Njål har laga ei fin lita “leikegrind” til kaffe- og isbordene. Kanskje får me óg varme skillingsbollar? I alle fall vert det vaflar til inntekt for Vyborg-barneheimen i Russland på laurdag.
Flytebrygga som Huglabutikken fekk frå havnesjefen, har stadig vore på vandring. Nordavind og propellsjø frå ferja har fått han til å slenga fram og tilbake, med dei problema det førde med seg for båtar, landgangen og skjøten mellom dei to betongelementa. Men no er den tida over! Etter mykje planlegging og forarbeide (på dugnad, sjølvsagt) kom endeleg…
DetaljarEndeleg kom sommaren! Me får passa på å nyta han intenst, for etter yr.no å døma, vert det berre sommar et par dagar til i denne omgongen. Men pytt, pytt, me får leva i augneblinken, for akkurat no er det godt å vera menneske på Huglo. Sikre sommarteikn er lettkledte folk som et is og…
DetaljarKulturminnedagen er landsomfattande og går av stabelen 11. september i år. Det beste kulturelle arrangementet vert premiert! Huglo, representert ved ildsjelane i gravrøyskomitéen, har meldt på dette arrangementet. Om det ikkje vert premie, har me likevel mykje å gleda oss over – og til – dette vert ein spanande dag. Liv OGLyst Huglo,…
DetaljarHuglo er i fokus igjen! No har Sunnhordland lokalradio, ved Marte Rommetveit, vore på Huglo på ein spontan-tur for å laga lokalreportasje med glimt frå huglokvardagen. Kven ho traff og kva side av huglalivet ho tok fram, står heilt for hennar rekning. Resultatet kjem som innslag på NRK lokalradio i ettermiddag og i morgon klokka…
DetaljarTysnes sparebank cup 2011, var den femtende i rekka. Huglarane har tidlegare stillt med både jente og gutelag, men dei siste åra er det berre jentene som har delteke.
Onsdag 6. juli: Huglavikjo 16 grader, Gåsholmane 15 grader. Heilt greit, men ikkje nok for dei lange symjeturane. Me har framleis von om litt sumar!
DetaljarI dag tysdag 5. juli hiv Huglo seg på den svært populære trenden: SLOW-TV. Med avreise frå Tveit skal tohjulstraktoren ta deg med på ei reise langs alle vegane på Huglo. Me oppmodar med dette alle om å stille opp langs vegen. Nytt dette høvet til å koma på verdsveven! Opptaket kan du sjå på…
DetaljarDei nye opningstidene trer i kraft mandag 27.06 Mandag: 10.00 – 16.15 Tirsdag: 10.00 – 16.15 Onsdag: 10.00 – 16.15 Torsdag: 10.00 – 16.15 Fredag: 10.00 – 17.30 Lørdag: 10.00 – 14.00
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.