17.mai på Huglo
Feiringa av nasjonaldagen er over for denne gongen, her kan du sjå korleis feiringa gjekk føre seg på Huglo. Sjølvsagt var alle momenta på plass for ei flott feiring.
Feiringa av nasjonaldagen er over for denne gongen, her kan du sjå korleis feiringa gjekk føre seg på Huglo. Sjølvsagt var alle momenta på plass for ei flott feiring.
Nr7 Tysdag 17de mai 1932 12årg No har me den syttende mai. Der er altid den same glea med den 17de. Både store og små gled seg til denne dagen, fridomsdagen vår, som me normenn hadde venta so lenge paa. Etter ein lang og lkald vinter kjem maidagen, ljos og blid,…
DetaljarDet vert vårkonsert ved Tysnes Kammerkor og gjestar på Huglo skule tysdag 24.mai kl. 20.00. Sjå plakat på naustveggen på Nordhuglo for fleire detaljar. Vaksne kr. 100, born under 16 år kr. 50. Velkommen!!
DetaljarBillettkontroll på Hugloferja? Ja, det hender faktisk. Smilande og blid banka han på bil-ruta mi ein morgon klokka 07.15. “Takk”, sa han, og “no får du att for alle dei gongane du har tatt vare på billetten”. Det var andre gongen på nestan 10 år.
Her er ei lita oversikt over det som står på programmet på Huglo 17. mai: Kl. 10.30: Det vert flaggheis ved skulen. Korpset spelar. Kl. 11.00: Gudsteneste i Huglo bedehus-kapell ca. kl 11.45: 17.mai-tog frå skulen til Skarvene og tilbake. Korpset spelar. – Ord for dagen ved Hedvig Flornes – Så vert det matøkt i gymsalen på…
DetaljarDet var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.
Laurdag 14. mai er det klart for ein ny dugnad ved Hommaneneset på Nordhuglo. Dugnaden startar kl. 10. Ta med reidskap og godt humør, og følg stien frå parkeringsplassen innst i “hyttevegen”.
DetaljarI jonsokhelga vert “Før og no festivalen” på Leirvik arrangert for andre gong. – Jonsokhelga blir det nett som i gamle dagar i Leirvik hamn. Gamle fjordabåtar, seglskuter, treskøyter, tresnekker og redningsskøyter set jonsokhelga kursen for Leirvik og Før og no-festivalen 2011. Skriv Sunnhordland. Der vert det tilbod for publikum å delta på ulike tokter, der “Granvin”…
DetaljarFrå gamalt av gjeld det at når det berre er sju snøflekkar att i Storafjellet, kan ein starta sjøbadesesongen. Det ser ut til at det enno berre gjeld bading for dei heilt spesielt interesserte, sjølv om me nesten har hatt føling med sumaren sida påsketider. Men kanskje det er på tide å tørrtrena på å…
DetaljarDet vert dugnad på bronsegravrøysa komande laurdag frå klokka 10. Komitèen planlegg arrangenment rundt formell opning av rydda gravrøys med god sti heilt fram, og informasjonstavle, på Kulturminnedagen den 11.september. Påmelding til å vera med som arrangement på denne dagen er 15.mai, så no arbeidar komitèen og andre eldsjelar hardt. Møt fram med reidskap for…
DetaljarLike etter påske reiste Alf Einar Notland og underteikna til Island for å promotera det gode øylivet på Huglo for folk i Reykjavik. Turen er del av eit samarbeidsprosjekt mellom øysamfunna Espevær, Fjelberg, Møkster og Huglo. Desse fire øyene ligg alle i Sunnhordland og har mykje felles, mellom anna ønsket om å auka busetnaden. Til…
DetaljarUtruleg så mykje me eig som me ikkje treng! Kvart år er det ryddedag, og kvart år drar SIM-trailarene frå Huglo med fulle containare. Som Njål sa det: “Årleg er det to tog på Huglo, 17. mai-toget og ryddetoget. Og av dei to er ryddetoget det lengste!” No er Huglo vårfin og klar for ein…
DetaljarDersom du ynsker å gjera ein innsats for Huglo saman med ein gjeng med kjekke folk, har du sjansen på laurdag. Då er det ny dugnad rundt bronsealdergravrøysa på Hommandehaugen. Ta med reidskap til krattrydding og følg stien frå parkeringsplassen inst i “hyttevegen”. Dugnaden statar kl. 14.
Framlegg til kommunedelplan for fastsamband til Huglo er lagt ut på høyring. Planen er utarbeidd i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune og viser alternative vegtrasear både på Huglo og Skorpo. Planen legg til grunn at vegen vert ført frå Nordhuglo via bru over Laukhammarsund til Skorpo og fram til Tysnes. Dokumenta ligg til…
DetaljarUngdommar i alle aldrar er velkomne til påskekveld i bedehuset på Huglo påskeafta frå klokka 20.00 Me pratar, syng og lagar god mat saman. Elles vert det leik, spel og moro. Ta med 20 kr til mat. Kom kom og ta med ein ven!
DetaljarPalmesundag var det atter ein gong tid for den årlege turen til Varden (218moh) for Huglo-folket. Staute Sortland-karar bar børa som gagna oss alle opp, til stor glede for alt turfolket. Ja, du gissa rett! Det var ved. Og nettopp denne veden, i ovelege mengder, gav god varme og matsjarme i den småkalde trekken i…
DetaljarDet var duka for påskefrukost i Bedehuset palmesøndag klokka 10.00. Då me kom inn i gangen, vart me møtt av ei utstilling som viste palmesøndagsforteljinga med palmegreiner og eselet som Jesus reid på. Alle fekk eit bordkort pynta med klistremerke. Dette hadde barna laga på sist søndagsskule. Inne i salen var borda pynta med lys…
DetaljarDei som påstår at ungdomen er lat, bortskjemd og berre sit foran dataspelene sine, kan koma til Huglo og sjå noko anna! Her er til dømes Kristoffer og Jon som nyttar frikvelden sin i påskeferien til å sveisa rekkverk på den nye landgangen til butikken/gjestehamna si flytebrygge. Me “godt vaksne” ser at ungdomen på Huglo…
DetaljarLaurdag 16. april var det igjen duka for den årlege bedehusbasaren. Då klokka nerma seg, begynte det å minke på ledige plassar, og det måtte setjast opp mange ekstra bord. Men folk straumde framleis på, og og det vart fort trangt om plassane. Det var over 100 personar som kom! Og dei frammøtte fekk ein…
DetaljarNo er det endeleg klart for turorienteringa igjen! Huglo Idrettslag har lagt ut 25 postar i skog og mark på Huglo, og håpar at store og små vil få kjekke turar på leiting etter postar. I fjor var det 130 personar som var med på turorienteringa, men me håpar på endå fleire i år. Postane vil vere ute…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.