The best Huglamessa ever !
Nok ein stemninigsrapport i frå kjempesuksessen Huglamessa 2010! Berre gode ord å høyra frå både utstillarane og dei besøkande. “The best Huglamessa ever,” sa Njål Rune Sortland.
Nok ein stemninigsrapport i frå kjempesuksessen Huglamessa 2010! Berre gode ord å høyra frå både utstillarane og dei besøkande. “The best Huglamessa ever,” sa Njål Rune Sortland.
Dei dyktige sporfinnarane denne gangen som vart trekt ut, er Sissel Haukanes og Amanda Svendsen. Dei vant kvar sine flaxlodd, og kan vera så heldige å skrapa seg til 1 million! Flaxlodda kan hentast på butikken ;-) Rett svar denne gangen var : Bilete 1 – Barnehagen Bilete 2 – Tveitevatnet Bilete 3 – Ferjebommen…
DetaljarPå huglamessa på laurdag spurde me seks personar desse tre spørsmåla: 1: Har du smakt noko av havreprodukta i kafeen, og har du delteke på quizen? 2: Er det fyrste gong du er på huglamessa, og kva tykjer du? 3: Har du kjøpt noko fint? Den fyrste me snakka med var Katrine A. Hope. 1: “Ikkje…
DetaljarHuglamessa i år vart ein stor suksess! Det var mykje folk, og mykje forskjellig ein kunne kjøpa frå dei 15 selgarane. I kafeen kunne ein kjøpa diverse havreprodukt, sidan 2010 er havrens år, og det var fullt rundt alle borda. Folk koste seg med mat og prat. Havrequizen kunne ein også prøve seg på, og det…
DetaljarDei to siste dagane har havforskningsinstituttet hatt eit tokt med forskingsskipet “Håkon Mosby” utanfor Sørhuglo. Dette er grunna undersøking av svampøkologien i Langenuen. Korallreva er av dei sydlegaste korallreva som er registrert på Vestlandet. No er det problematikken av oppdrettsanlegg og korallrev det vert sett nermare på, dette er truleg grunnen til at dei ligg…
DetaljarMange vakna opp til kvite “vidder” i går morges, og la ut på tur utan å bruka “fjellvettreglane”. Kle seg etter ver og føre var ikkje lett når vinterdekka låg bakerst og underst i garasjer og boder. For ikkje snakka om vinterfrakken med votter og hovudplagg, kor hadde dei tatt vegen. Men som i år som…
Detaljar11 huglarar hadde møtt opp for å diskutera lokalpolitikk med representanter for SV på Skipperloftet tysdag kveld. Eit særs nyttig møte, for det som kom fram, var at politikarane var lite orientert om ein del sakar som me huglarar brenn for, som manglande utleigeboligar, omsorgsbolig i nærmiljøet, bevaring av skule og butikk og samferdsel, og…
DetaljarUte regnar det og bles kaldt, men inne i Turid og Alf Einar Notland sitt vesle bakstehus på Fredheim Gard, er det godt og varmt ein oktoberdag. Her blir da bakt bollar og brød i lange banar. Det er godt å vera to til eit slikt prosjekt. Turid har laga heile fira forskjellige deigar som…
DetaljarMessa i år trur me vert av dei aller beste. I år har me fleire utstillare enn tidlegare (15) og variasjonen i produkta som vert budd fram er stor. Her vert spiselege produkt som laks og lefse, lauk, saft og kake. Her vert fine arbeid i tre og keramikk. Her vert søm og strikk, og…
DetaljarFor dei som ikkje kjenner til “google-bilen”, er dette ei street view teneste frå google, som kartlegg land og strand frå gateplan. Bilen kjører rundt med eit 360-graders kamera på taket. Der “street view” gjer det mogleg å “spasere” rundt på ulike områder google-bilen har dekka. Korleis ein brukar denne tenesta kan du lese meir…
DetaljarNo har du sjansen. Stord SV, ved Nils Magne Blålid, inviterer alle huglarar til politisk diskusjon tysdag 19. oktober. Møtet vert på Skipperloftet på kaia, klokka 19.30. Alle vert oppmuntra til å ha tenkt ut spørsmål og problemstillinger dei vil ta opp med lokal SV-leiing.Og som alltid på Huglo vert det kaffe og litt å…
DetaljarI haustsola som varma rundt butikken vart det spekulert i om det var “den stgge andungen” som hadde vendt tilbake til kaiområdet. Dersom teorien stemmer, er det den grå andungen på dette biletet som no er blitt vaksen og vendt tilbake til Huglo. Det er i alle fall sikkert at svana set stor pris på…
DetaljarKorpset spelar på 17.mai 2010 Etter tre fantastiske år med mykje bra musisering i lag med dirigent Svein Roger Koppang, har Huglo Skulekorps denne hausten vore så heldige å sikra seg Thea Lund Hinderaker til ny dirigent. Thea har mange års erfaring med korps, då ho har spelt i Langeland Skulekorps og Sagvåg Musikklag. I…
DetaljarTorsdag 7.d.m. var det folkemøte i Fjellheim, der 28 huglarar fekk høyre Ald Einar Notland orientera og i tillegg fekk gleda av å lytta til Cecilie Rønhovde. Ho song både ein eigenlaga song og Per Sivle, og spela piano – og skrøyt av Huglo! Einar Bunes Valland frå livOGlyst var tilstades på møtet. Alf Einar…
DetaljarNo er det haust og potetopptaking. Det er nokre år sidan haustferien blei kalla potetferie, for før hadde dei aller fleste ein liten potetåker. Slik er det ikkje i dag, og dei få som har potetåker har ikkje så store åkrar. Her på Huglo er det ein som har våga å laga ein stor potetåker…
DetaljarSøndagskulen har modernisert seg sidan foreldra til desse borna var deltakarar, noko som er over 30 år sidan. Gitaren er bytta ut med cd- spelar og tavla er bytta ut med prosjektor. Kortet som me samla fisk i garnet er vekke, men dei har framleis kort, men får no diverse klistremerker til å lima i.…
DetaljarMarion og Kevin kom til Huglo for fyrste gong for 7 år sidan. Sidan den gongen har dei alltid likt seg svært godt på Huglo. Etter å budd på Huglo ei stund ynskjer dei å sende ei takk til folk på Huglo, som har gjort sitt til at Huglo er blitt heimen deira. ” Begge…
DetaljarSigmund er vanskeleg å halda på. Så snart eigaren ser ein annan veg legg han ut på tur over heile Huglo. Ser du kvar den glade vandrar har vore denne gangen, sender du rett svar til post@huglo.no innan 25.10.2010. Då er du med i trekkinga av flaxlodd og har moglegheiten til å vinna ein million;-) Lykke til…
DetaljarNo kan også du skaffa deg eit eksemplar av dei nye t-skjortene :). Dei kan skaffast ved å sende ei melding til redaksjonen post@huglo.no, eller kjøpast på huglabutikken. Pris kr 200. Ynskjer du å bestille via huglo.no må du hugse å skrive størrelse, type t-skjorte og adresse slik at me får sendt t-skjorta til deg.…
DetaljarDei heldige vinnarane av flaxlodd denne gangen er Linda Haukanes og Lars Haukanes. Lodda kan hentast på butikken :-)
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.