Eldretreff avlyst

Diverre må me avlysa Eldretreffet imorgen, onsdag.  Me hadde gledd oss til litt førjulskos, men no i denne smittesituasjonen, er det tryggast å halde seg på litt avstand frå kvarandre.  Og som med restaurantene sine julebord, har også me fått diverse avbestillingar. Me får ynskje kvarandre god førjulstid og gle oss til neste år.  Neste…

Detaljar

“Alle” var der

Få varmegrader og sur nordavind hindra ikkje huglarane frå å vera med på tenning av julegrana og opning av verdas kortaste julegate.  Musikken spela, (då gjekk det nok mange tankar til Albert) og der vart servert deileg, varm gløgg, og pepperkaker.  På tross av nordavinden opplevde dei frammøtte “mykje lys og mykje varme”.  God førjulstid…

Detaljar

Juleverkstad

Huglo Bygdekvinnelag inviterar til juleverkstad for barn og vaksne laurdag 4. desember kl 12 – 15 i skule. Laget stiller med materiell til ulike aktivitetar for barna, og pynegrønt til å laga kranser av. Til dei vaksne:  Ta gjerne med viklestreng om du har det, og evt ein base til å laga krans på,  Hagehanskar…

Detaljar

Haustmøte i Huglo Bygdalag

Leiar i bygdalaget, Endre Calwell, leia møtet.  Han nemte fyrst dei sakane styret jobba med.  Serleg viktig nå er vedlikehald av skulebygget og inntekt til dette.  Forsamlinga (11 huglarar)  støtta saka om oppussing og vedlikehald, der står det mykje tilbake.  Skal skulen vera eit populært utleigeprosjekt til skuleklassar og organisasjonar som ynskjer overnatting, evt “leirskule”…

Detaljar

Hurra, sida er oppe igjen!

Etter mange timars arbeide kom løysinga:  WorldPress hadde lagt om til ein ny versjon av oppsettet sitt, som huglo.no nyttar.  So har det vist seg at den nye versjonen ikkje lot seg bruka overalt, så WP måtte gå tilbake til gamal versjon og brukarane måtte sjølv stille sida si tilbake.  Og 4.desember skal den nye…

Detaljar

Eldretreff

Så er det 2. onsdag i månaden den 10. november, og det vert Eldretreff på skulen frå kl 15 til 17. Denne gongen kjem Magne Rommetveit og snakkar om si tid på Stortingen. Som vanleg vert det òg god tid til å utveksla nyhende og meiningar mens me drikk kaffe. Hjartelig velkomne alle!

Detaljar

VON??

Når dei eldre på Huglo kjem saman og snakkar om “gamle dagar”, vert bøkene som heitte “VON” ofte nemt.  Det var Huglo Ungdomslag som laga bøkene.  Medlemmene kunne skriva historier i VON, som så vart lese opp når det var fest. Spørsmålet er :  Kor er VON-bøkene no?  Kven har tatt vare på dei?  Dette…

Detaljar

Raude-bua i rette hender

Laurdag inviterte Elin til kaffe og kake i det litle, raude naustet (?) på Nordhuglo.  “Naustet” har ei mangfoldig historie, frå før 1930 då Birger Lunde dreiv butikk der, så overtok Adine Sørli butikken medan familien bodde i Sisselhuset.  Ca. tidleg på 1935 flytte familien, med taus, inn i den raude bua .  I juli…

Detaljar

Trening

Huglo IL startar opp trening for ungdom og vaksne måndagar kl 20.00-21.00 i gymsalen. Alder f.o.m 5. klasse.   Døme på aktuelle aktivitetar er styrketrening, badminton, ballspel. Vel møtt til trivelege økter i gymsalen! Første trening vert 18. oktober. Spørsmål? Kontakt Øyvind tlf 97594046   NB! Turorienteringa er no slutt for i år. Dei som…

Detaljar