Jonsok – 23. juni
Fotball på Leirvikstølen 18.00. Bål vert tent på Leiro 19.00. Det vert ikkje sal av mat og drikke i år, men idrettslaget tenner opp grill slik at dei som vil kan grilla sjølve. Vel møtt! HIL
DetaljarFotball på Leirvikstølen 18.00. Bål vert tent på Leiro 19.00. Det vert ikkje sal av mat og drikke i år, men idrettslaget tenner opp grill slik at dei som vil kan grilla sjølve. Vel møtt! HIL
DetaljarVisste du at ein moderne bonde plasserar ein magnet i fyrste magen (av fire) som kua har? Magneten dreg til seg metall som kua får i seg med fóret, som spikar, t.eks. Då ligg metallet inntil magneten og rustar vekk av syren i kumagen. Og kua har ikkje noko ubehag av magneten. MEN: Det finst…
DetaljarVanntemperaturen varierar i dag, onsdag, frå 18 grader i overflata til 15,5 grader ca 1 meter ned, og i dei kalde “lommene”. Merk: Mange !! svimaneter. Torsdag 18.: Vikasanden/Røsbøvikjo 15 grader, bare ein svimanet men mykje ålegras – noko er no rydda.
DetaljarHuglavikjo tirsdag kveld (før nordavinden): 17 grader. Sånn innimellom eit par gradar varmare i Tveitevågen, men der er det mange kalde “lommer”, i alle fall på fløande sjø. Uansett: Mykje varmare kan me ikkje venta det, skal det badast, bør ein starta nå.
DetaljarDette må me vel kunne kalle eit gjennombrot?! Fleire ferjer skal erstattast av tunnelar og bruer, dette vart vedtatt på stortinget torsdag 11.juni. Ny avtale fastsett 10 prosjekt som er aktuelle for ordninga, ifølge kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Det er svært gledeleg at Huglo er med på denne lista! Hidra landfast (Agder) Masfjordbrua (Vestland) Ytre…
DetaljarHuglabutikken A/S hadde generalforsamling laurdag. Til ein generalforsamling høyrer det både årsmelding, reknskap og valg av styremedlemmer. Butikken vår er liten, men særs oppegåande! Sjølvsagt får den støtte: i 2019 kr. 50.000 i utviklingsstøtte (og da må butikken kunne visa til konkret utvikling frå forrige år) og kr. 100.000 i servicestøtte av di den…
DetaljarDet slo til i år óg: I pinsen er det (nesten) alltid fint ver! I år var det ganske utruleg flott, etter ei lang periode med corona-krise og kaldt vårver. Alle snøflekkene på Kattnakken var borte, det var 13,5 grader i Huglovikjo (og då er det som regel 2 grader meir i Teitevågen) – mange…
DetaljarTekst til biletet skulle vera overflødig. Nysnø 17.mai, her er det lenge til dei 7 snøflekkane som innevarslar badesesongen. Men her er ein god nyheit: Stord er no rekna som smittefri sone!!
DetaljarMe var heldige med veret, var det ein på skuleplassen som sa. Ja, det var fakisk opphald under flaggheising, musikk og apell for dagen! Og vert me glade for ein slik ting (det regna både før og etter), tyder det på at huglarar er så positive at resten av dagen óg vart bra. Nokon ynskte…
DetaljarSom venta i desse corona-tider, vert det ein sers redusert offentleig feiring av nasjonaldagen på Huglo. Det er planlagt flaggheising på skulen kl. 11. Då spelar korpset og det vert tale for dagen. Etter det må all feiring gå føre seg i privat regi. Men sjølv med smittevern-avstand og begrensing av antal gjester kan ein…
DetaljarDiverre vert det ikkje gudsteneste i Huglo Bedehuskapell på 17.mai. Fyrste gudsteneste vert 14. juni på ettermiddagen.
Taket på Huglo bedehuskapell vert i desse dagar rehabilitert. Eldste del av huset var meieri på Hatlestrand før det vart sett opp som bedehus midt på Huglo i 1911. Kor kom til og det vart kapell i 1937. Taket har tidlegare vore lagt om ein gong på baksida av huset i samband med utviding på…
DetaljarTorsdag kveld inviterte idrettslaget til dugnad og rydding av Viksanden. Ein god gjeng var med og effektivt fjerna mykje boss og rekved frå stranda. Supert at idrettslaget inviterte til dugnad. Det har også blitt lagt ned ein flott ryddeinnsats på Leiro dei siste vekene. No er det snart klart for sommar og stranddagar. Her…
DetaljarMed god innsats frå frammøtt mannskap fekk Huglabutikken ny, stor fruktkjøledisk. Fyrste oppgåve var å få disken inn av døra, så skulle den slepast på plass innomhus og så innstallerast med strøm og kjølevatn. Eit godt råd for ikkje å øydeleggja golvet i butikken var å leggja fleskesvor under beina til kjøledisken – og på…
DetaljarHuglo I.L. inviterer til dugnad på Vikasanden torsdag 30. april kl. 17.30. Ta gjerne med eigna reiskap som rive, greip eller spade. Vel møtt.
DetaljarHer er post 11 – den er for dei som ikkje er redde for å verta blaute på beina. På vestsida av myra posten ligg ved, fann eg i dag eit samanbretta orienteringskart. skjølvsagt kan det ha tilhørd ein som var ferdig med alle postane og ikkje trengte det lenger, men er det nokon som…
DetaljarKatrine fortel at det var Julia H som skjærtorsdag drog i gang ein dugnad for å rydda på Leiro. Mykje plast og bos hadde samla seg på stranda gjennom vinteren, så det var nok å ta av, berra sjå biletet! Det var godt oppmøte, og folk nytta høvet til å vera sosiale – med god…
DetaljarLeiro er vel den mest populære badestranda på Huglo, og ein plass ein kan ta med kaffe og niste og sitja og sjå på utsikten og kosa seg. Slik har det vore, i alle fall. Ein tur i påskesola avdekte at i år må det gjerast ein del her før det vert koseleg . Her…
DetaljarMe kan gleda alle med at turorienteringa ikkje er avlyst! Frå og med no og til 1. oktober er alle velkomne til fine turar på leit etter dei 25 postane rundt på Huglo. Men me må retta oss etter nasjonale pålegg om at det i år skal vera ”berøringsfri” registrering. Difor skal folk ikkje skriva…
DetaljarTurorienteringa er lagt ut!! Takk til ivrige sjeler i Huglo Idrettslag! Det er veldig kjekt å ha eit mål for turen, og ekstra kjekt om ein finn det kvit-orange flagget og kan seia: Der er den! Me som ikkje må ha snø og ski for ein retteleg påske, me finn då fram appelsina og Kvikklunsjen…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.