Årsrapport 2017 Huglo Bygdalag

Årsmelding. Har hatt 9 styremøter. Vikasanden. Har utført vedlikehold på badeflåte. Det er rydda bort stuar etter rotvelte . Bør utføra noko vedlikehold. Terrenget har sett seg nokre plassar og bru over bekk bør ordnast.   Vatn og avlaup. Leidning med vatn og avlaup vert lagt ned frå Reset til sjøen. Spillvasstank vert lagt oppom…

Detaljar

Huglo Idrettslag

Huglo Idrettslag har hatt årsmøte.  Regnskapet var revidert og var godkjent.   Økonomien er god, det er gjort investeringar i kajakker og til treningsrommet på skulen.  Inntekta kjem frå kartsalg, medlemskap, offentleg støtte og arrangementer m.m. Å telja opp frå postane i turorienteringa har vist seg særs arbeidskrevjande.  Arbeidet med dette er ennå ikkje sluttført. …

Detaljar

Huglamesse 2018

Javisst, i år er det Huglamesse!  Alle som har noko å bidra med, kan forbereda seg til 27. oktober.  Og sidan dette er 10års jubileum, har Huglo Bygdekvinnelag, som arrangerer disse messene, invitert to gjestteutstillarar/selgarar:  Johanne Langeland og Tor Magne Taranger. Me gler oss!    

Detaljar

Hyggeleg samankomst

Det går an å koma saman utan eigentleg å skulle noko anna enn å vera saman, utan dagsorden og møtesakar.  Ein slik samankomst er eldretreffa på Huglo.  God mat, eit hyggeleg og varmt lokale og god tid til drøs og det vert ein god dag.  Sist tirsdag var 14 huglarar samla på Fredheim Gard i…

Detaljar

Bokbåten kjem

  10. mars kjem bokbåten Epos- Vestlandet sitt flytande litteraturhus – igjen til Huglo.  Som alltid har han med seg bøker og gode råd til den som vil finne noko heilt spesielt å lesa. Båten vert liggjande ved kai på Sørhuglo frå kl. 13.00 til 14.30.  Frå ca. kl. 13.00 underheld Merete Gauden med “Eventurmuseet”.…

Detaljar

SOL!!

Etter så mykje regn og mørke og iskald vind, så me glømte å smile og helst ville vore bjørn så me kunne gå i hi og sleppe full oljehyre for å gå på butikken:  No skin sola!  Og det skal ho gjere i fleire dagar!  Folk me treffer på vegen, ser annleis ut i anletet,…

Detaljar

Fisk til middag

Jule og Nyttårsmaset er over. Julatre har mista den grøna kåpa si, og eg slit med å gnaga i meg restane av julamaten. Menst eg sat og gumla i meg siste smultringen, kom eg til tenkja på ei hending utan om det vanlege som eg opplevde på seinsommaren 2017 Eg sat i bussen, nede ved…

Detaljar

Eldreteff

Eldretreffet er i gang igjen!  Likar du en god drøs med likesinna, suppe og kaffe/te med noko søtt til?  Då er Omnshuset på Nordhuglo plassen for deg på fredag 26.d.m. klokka 12.00.  Det er Bygdalaget som arrangerer.  Pris kr.  120. Velkomen!!

Detaljar

Ringen er slutta

1901 fekk Huglo for fyrste gong post og postansvarleg.  Det var Johannes Huglen.  Det er usikkert om posten vart levert rundt, eller om folk måtte henta han.  Då Johannes gav seg, overtok sonen, Samson.  Han sykla posten rundt  “sørafor”, dei på Nordhuglo henta posten sjølv.  Etter ein mannsalder tok sonen hans, Johannes, over og var…

Detaljar

Inga rotter på Huglo

På Huglo kan me fritt mata småfuglane no om vinteren, utan å tenkja på at det samlar rotter, for rotter finns det ikkje på Huglo lenger! Dei gamle husker ein rottepest som utrydda skadedyret, og rottene no for tida likar ikkje å ta ferja.  Ikkje svømmer dei, som hjorten (og elgen!) gjer, heller.  Så kjøp…

Detaljar