Mai er dugnadstid

Huglo Idrettslag har dugnad på Vikasanden laurdag f.k. frå klokka 16.  Det vert mest strandryddig, så folk oppmodast til å ta med jernrive og hanskar. Og på tirsdag 11. mai er det Bygdalaget sin tur.  Då skal me gjera det fint på skuleplassen og inne i skulen til 17. mai, frå klokka 18.  Vel møtt

Detaljar

Ryddedagen

Alt var som det “alltid” har vore:  Utrulege mengder saker og ting som kjem fram frå loft og kjellar, som me eigare ikkje ser oss mon i lenger.  Og det er tydeleg behov for ein slik dag:  Berre bilen med problemafall hadde 10,5 tonn last då han forlot Huglo, bilbatteriane åleine vog eit tonn (bilen er…

Detaljar

Høghus

Her har skjæra prøvd å koma seg unna måren, etter to år der skjæreungane vart mat for mårungane.  Me held pusten kvar gong det kjem eit vindpust, og håpar at kulingen lar venta på seg til ungane er klekte og flygeklåre.  Det skal ikkje meir enn ein “flau vind” før huset svaiar farleg mykje.  Undrast…

Detaljar

Store forandringar

Regnveret på biletet er det same, gamle me er vane med.  Men no skal granane bort!  Dei vart planta for ca. 70 år sidan, då styresmaktane fekk idèen om at skogplanting måtte vera fine greier.  Mange eldre på Huglo hugsar at dei fekk fri frå teoriskuledagen for å planta skog.  Og granane drivdes og vaks…

Detaljar

Ryddaksjonen

Som før nemt:  Det er kvart år to tog på Huglo.  17.mai sjølvsagt, men og eit i byrjinga av mai:  Det Store Ryddetoget.  I år er datoen laurdag 2.mai, kl. 9.30 – 12.00.  Det vert mottak av elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall – og alt anna avfall som ikkje får plass i bosdunken.  Men…

Detaljar

27.-31.juli

I år vert det friidrettsskule på Huglo i veke 31.  Det vert litt forskjellige idretts- og friluftsaktivitetar, litt fotball, men og andre ting.  Aktivitetane er berekta for aldersgruppa frå 1. til 7. klasse.  Det kjem påmeldingsskjema på denne sida seinare, og i år vert det ein liten avgift å betala.  Dette opplegget er i samarbeide…

Detaljar

“Fabrikken” på butikken

På påskeafta sit styret utføre butikken frå klokka 10:00 til 14:00, så kom å slå av ein prat øve ein kaffikopp. Det vert også moglegheit å sikre seg billett. Sidan det er påskeafta og kun 110 dagar til festival kjøyrer me påsketilbod med 100kr rabatt på festivalpass. Same rabatt kan du sjølvsagt sikkra deg via…

Detaljar