Festival !

Kjære alle huglarar! Først av alt. Hald av helga 27. – 28. juli 2012! Denne helga er det nemleg duka for årets storsatsing på Huglo. Fabrikken 2012. I jula har eit knippe unge vaksne samla seg, og starta planlegginga av det som kjem til å bli ein musikkfestival med høg trivselfaktor, mykje god musikk og…

Detaljar

Info frå Huglo IL

Fredag 27. januar kl 19:30 er det klart for årsmøtet til Huglo Idrettslag i skulen. Det vil bli gjennomgong av arsmelding og rekneskapet for 2011, val og mat. Det vil òg bli premiering og gjennomgong av resultata frå turorienteringa som i 2011 hadde ny rekord i anntal deltakarar. Vil du vere med og støtte Huglo Idrettslag? -Bli medlem! Medlemskontigenten…

Detaljar

Smalahåve og swingkurs

Laurdag 21. januar arangerar Huglo ungdomslag sin årelge smalahåvefest. Det vert duka for god mat, stemning og flott dansemusikk. I år spelar Hawk Christensen til dans. Sørlendingen kjem tlbake for tredje gong, og kjem nok også denne gongen til å gjere det fullt på dansegolvet. Les  meir om Hawk her. Festen startar i Fjellheim klokka…

Detaljar

Pop-opp hus 4.episode

No har 1. Lucifer og 2. Diana flytta inn i verdas fyrste Popp-opp hus!  Lucifer stirra lenge på huglo.no sin utsende, men til slutt fekk eg lov til å snakka litt med Diana.  Og ho er vel nøgd med det nye huset sitt, bygt av 3 seksjonar á 25 m2, altså med buflate  på 75 rutemeter.  Eit par små vatnlekkasjer…

Detaljar

Spøkelseshuset på Tveit

I dette huset bur det, etter folkemunne, eit spøkelse.  Det var eit eldre kvinnfolk som gjekk igjen, sa dei som hadde greie på det.  På seine kveldar kunne folk som gjekk forbi, høyra at nokon gjekk ikring der inne  i tresko.  Johannes Tveit, som på den tida var eigar av huset, var ein flink snekker, han…

Detaljar

Nytt brev til Norled

Jon Olav har, etter at han hadde sendt den førre e-posten, snakka med Hans Christian Tveitsme i Norled (som tide sjø no heiter) og har etter avtale med han sendt ny e-post: “Eg viser til tidlegare e-post sendt 16.12.11 og telefonsamtale 03.01.12. Ferjeavgang frå Jektevik kl. 15.40 etter gamal rute, før 01.01.12, var den ferjeavgangen som…

Detaljar

13.dag jul

Julabukkene no for tida ser meir skræmande ut enn i gamle dagar, då var det smånissar som kom på døra, song og fekk restar av julegodteriet.  Men dei song i år óg, og fekk søtsakar i posen sin – for korga er bytt ut med ein plastpose.  Endå ei gruppe bukkar gjekk rundt, dei var…

Detaljar

Cabaret med Prøysen

Tysnes kammerkor inviterer til cabaret i Huglo skule. Her fortel dei om framsininga si: Tysnes Kammerkor ynskjer velkommen til: Du ska få……Prøysen, søndag 15. januar kl. 16.30 i gymnastikksalen på Huglo skule. Tysnes Kammerkor hadde premiere på Du ska få…. Prøysen, 5. nov i Vonheim, Våge. Dette vart ein suksess så me ynskte å famføra det…

Detaljar

Huglo Bibliotek

Framleis har me ein eigen filial av Stord folkebibliotek!  Den blide bibliotekaren vår, Åse, oppmuntrar folk til å koma med ynskjer om bøker for barn og vaksne, temabøker som hobby-, kokebøker eller om maritime eller historiske emne,  lydbøker, videoar og musikk-CD – alt som kan lånast frå biblioteket.  Jo fleire som nyttar tilbudet, jo sikrare…

Detaljar

Vinterhuglo

Javisst er det ubegripeleg kor alt regnet kjem frå – vert det aldri tomt der oppe? – og vinden kunne me  óg greidd oss utan, men vinterhuglo har likevel sine gode sider: No er torsken på veg inn!  Det meldast om gode fangstar, stor, fin torsk og nokon har allereie høgst brukandes rogn.  Då er…

Detaljar

Kaffikrus

Somme slit med å finna dei aller siste julepresangane, kanskje finn du noko på huglabutikken?  Det er til dømes komme nye kaffikrus, i svart eller marine til 65 kr per stk. Opningstidene til butikken finn du her. Opningstider og bestillingar i jule- og nyttårshelga 2011. Opningstidene vil stort sett vera dei same som til vanleg, men…

Detaljar

Informasjon frå Huglabutikken

Opningstider og bestillingar i jule- og nyttårshelga 2011. Opningstidene vil stort sett vera dei same som til vanleg, men julafta og nyttårsafta stengjer me kl. 12:00. Første og andre juledag + nyttårsdag er butikken stengt. NB! Tysdag 3. januar er det òg stengt, grunna vareteljing. Dei som vil ynskjer å bestilla varer frå Tine og bakeriet…

Detaljar

Brev til Skyss

Igjen er det endringer på ferjeruta Jektevik – Nordhuglo.  Og me reisande er like overraska kvar gong – ingen spør oss kva me, som ferja er til for, ynskjer, Bygdalaget, som er stemma vår ut i omverda, er ikkje tekne med på råd.  Me vert ikkje engong varsla om ruteendringar!  Kommunale instansar Tysnes-Stord har visst heller ikkje noko…

Detaljar