Fotoprosjekt om Huglo
Malene Aasheim skal til med eit spennande fotoprosjekt der ho ynskjer å ha med innbyggjarane på Huglo. Dette skriv ho om oppgåva si:
DetaljarMalene Aasheim skal til med eit spennande fotoprosjekt der ho ynskjer å ha med innbyggjarane på Huglo. Dette skriv ho om oppgåva si:
DetaljarEin ting er at foreldresvanene har skubba ungane over reirkanten, no tenkjer dei på vår og neste generasjon og ungane møtar fram til mat åleine. Verre er det at dei to turtelduene (turtelsvanene?) har fått ein rival til ein av dei – alt etter kjøn – huglo.no sin utskremde er ikkje ekspert på området. I…
DetaljarHuglabutikken får i lag med 175 andre daglegvarebutikkar utdelt investerings- og utviklingstilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet. Huglabutikken har tildelt 17 000 kr av eit totalramme på 14 millionar kroner. Flott at lokalsamfunna vert sett pris på. Les meir her.
Mandag 14. februar var det årsmøte i Huglo Bygdalag. Vel 35 huglarar møtte opp for å få med seg siste nytt om sakene bygdalaget har jobba med i løpet av 2010. Sigurd Huglen har vore leiar i bygdalaget i fire år, og måtte difor gå av. “Sigurd har vore ein kjempeflink leiar. Han har vore…
Detaljar“NyPuls” heiter firmaet som Lene Notland Harnes frå Huglo og Gunhild Rotvik frå Os har starta. No vil dei tilby kurs i The Lightning Process på Huglo.
DetaljarNo er gytetorsken her! Fersk torsk med rogn og lever eller utan lever er sjølvsagt uslåeleg godt, men det er godt med litt variasjon òg. Og kanskje er denne meir barnevenleg, ungar plar lika saus? Og fisk utan skinn og bein, for her skal torsken fileterast og delast i passende stykker. I botnen av gryta…
DetaljarHuglo skulekorps saman med alle dei andre skulekorpsa i Stord og Fitjar har fått ei ” forsenka julegåve”, som Sunnhordland kalla det.
“Ein salmekonsert utanom det vanlege” er det den nystarta gruppa “puls” kan lova dei som kjem på konserten deira. Helga 18.-20.februar reiser dei åtta musikarane ut på miniturnè
Fredag kveld var Huglo utan straum, det var også søre Tysnes. Frå ca klokka 18.00 til 22.30 var straumen vekke, bortsett frå eit par avbrekk.
Gytetorsken er komen! I alle fall nokre forløparar. Siste uka er det tatt minst 6-7 fine torskar, 4-6/7 kg, dei fleiste med fin rogn – berre ein gut til nå. Tenk på alle dei framtidige torskane som ikkje vert torsk når me set til livs rogna – men nam-nam så godt det er! Tvi, tvi…
DetaljarBronsealdergravrøysa på Hommandeneset på Nordhuglo skal ryddast. Dette er ei av dei eldste gravrøysene i Hordaland. I 1882 vart det funne ein bronsedolk i gravkammeret i røysa.
Tekst: Marion Casey Foto: Kevin Casey Til slutt av januar er det tradisjonell å speise litt rar mat. I England og Skotland er det haggis å feire bursdag til dikter Robert Burns. På Huglo er det et ”’ny” tradisjon å spise smalahoveds. Så var vi til Fjellheim laurdag kveld og ventet med lit angst og…
DetaljarFlygande Arvidsson Her er ein kyllingrett som vart prøvd ut på huglarar denne helga – og dei sa seg vel nøgde. Ikkje så spennande som smalahovud, men det er nokon av oss som greier seg utan akkurat den spenninga. Ein Stangekylling rekker til 4 personar, eller ein kan nytta ferdig grilla vare. Då ville eg ta…
DetaljarUt på sjøen frå Nord-Huglo klokka 10, omtrent. Stille sjø, et par varmegrader og jamt silregn. Flott vinterver for fisketur, berre ein er kledt for det. 3 garn, 2 ruser: Ein torsk 5,1 kg, 2 småtorskar, ein god lyr, ei stor nok lomra, 6 krabbar. Ein kan trygt seia at det eventyrlege skreifisket i Lofoten…
DetaljarTekst: Asbjørn Sortland Me vart sitjande og granska den nye felles ferjeruta for Hordaland sist helg, og den er jo eit framskritt i seg sjølv. Men ruta til/frå Huglo har vorte meir håplaus å tolka enn nokon gong. Laga difor ei ny rute som er framstilt på ein heilt annan måte og berre viser aktuelle…
DetaljarHugladag 2011? Sitt du inne med innspel eller tankar om hugladagen har du no mogleiheit til å dela dei med andre. Etter den svært så vellukka hugladagen i 2009, er ein no klar for å starte planlegginga til den neste, og alle kan vere med på å bidra. Send ein mail til post@huglo.no, eller ta…
DetaljarDet er mykje moro med eit trollgarn. Og ein ting er sikkert: Finnast det noko levande som garnet står i vegen for, så fangas det i garnet sine mange masker. Alle sortar fisk, krabbar, ein og annan svart kardinal som berre gjev glede i oktober-november, og sørgjelek nok, av og til ein sjøfugl som har…
DetaljarSjå ” Historier frå Huglo” for større bilete og tekst av Arne Sortland
No er folketellinga på Huglo 1910 lagt ut på htt p://www.digitalarkivet.no/ Her er det mykje kunnskap og kulturhistorie å henta. Eg har kikka litt i teljinga for Huglo og funne mykje av interesse. Teljinga som var gjort i desember md. syner at det då budde 255 personar på Huglo. Fordelt på gardane så var det 74…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.