Påskeverkstad
Rett før påske arrangerte Huglo Bygdekvinnelag påskeverkstad for ungane på Huglo. Med stor iver og kreativitet vart det trylla fram flott og fargerik påskepynt!
DetaljarRett før påske arrangerte Huglo Bygdekvinnelag påskeverkstad for ungane på Huglo. Med stor iver og kreativitet vart det trylla fram flott og fargerik påskepynt!
DetaljarOmlag 35 store og små tok turen til “varden” palmesøndag. Idrettslaget lagde bål på toppen. Yr varsla ikkje sol, men jammen skar ho gjennom det slørtynne skydekket. Både appelsiner og sjokolade gjekk ned på høgkant. Nok ein god påsketradisjon på Huglo.
DetaljarLaurdag ettermiddag var alt klart for å sparke påskeferien i gang med bedehusbasaren. Sjølvsagt var det også i år flotte gevinstar, mykje mat og god stemning! Jørgen Knutsen heldt andakt. Huglarar til bedehus flokka, til basar og heimstrikka sokka Alle var klar, men ein var snar. Kven var han som vann klokka? Og det…
DetaljarDet vårast og Huglo idrettslag informerar om at orienteringskarta kjem for sal i butikken frå fredag 7.4. Dersom ein ynskjer å bli medlem i idrettslaget 2017, kan medlemskontigenten (200kr) betalast til kontonr. 0533 37 23400. Gløym heller ikkje den årlege turen til varden palmesøndag(kl 12.00), idrettslaget lagar bål på toppen.
DetaljarEtter at ferje-pusen hadde venta i 3 veker på den opprinnelege eigaren, som ikkje melde seg, såg det ut for at avliving var einaste utveg. Den fine pusen måtte ikkje få ein skjebne som avvist, svolten og frysande villkatt! I siste liten smelta dei vaksne i ein huglafamilie, og ungane kom sers glade til naustet på…
DetaljarHar du strikkedilla? Veit du at Huglo har sin eigen garnbutikk? På Fredheim Gard har Turid ein velassortert garnbutikk med Dropsgarn, knappar, oppskrifter, litt lærsaker – og gode råd på kjøpet. Og dette er meir enn ein vanlig garnbutikk, her kan du sitja i opningstida og strikka, drikke kaffe med noko attåt og treffa likesinna…
DetaljarNo er det på tide å starte diskusjonen i heimen om kva som er verneverdig og kva ein kan gje slepp på. Er den raude lenestolen ei heilag ku avdi den “alltid” har vore der, eller er det på tide med noko frisk og nytt – eller kanskje berre meir plass i stova? Og…
DetaljarMed stort og smått var det vel 20 personar som vitja “Vestlandets flytande litteraturhus” då bokbåten låg ved kai i 2 timar 12.mars. Der fants eit imponerande utval av bøker, særleg for born, som fekk med seg bøker både til høgtlesing og til å lesa sjøl. Denne gongen hadde Epos med seg ein profesjonell forteljar,…
DetaljarDet er framleis eit mysterium kor blindpassasjeren kom om bord i ferja. Ingen har spurt etter pusen som vart satt i land om morgonen forrige fredag. Ein røynd ferjekaptein meiner han kan ha vore blindpassasjer i ein bil som kjørde om bord på Folgefonn, kanskje på Jektevik. Der er det ikkje uvanleg at mannskapet et egg…
DetaljarDenne kattegutten vart funden på ferja siste veke – truleg onsdag – og vart satt i land på Huglo. No bur han i naustet på Nordhuglo. Han likar kos, er tillitsfull og som serleg kjenneteikn: Han er ikkje redd for hundar!!! Men han lengtar nok heim, dette er ein velstelt pus som nokon sikkert saknar. …
DetaljarLikar du ein god drøs, med kaffe/te og noko å bita i, attåt? Då er søre skulestove plassen tirsdag 14. mars frå kl. 11! Huglo Bygdalag seier velkommen. Inga aldersgrense!
Detaljar24 huglarar var tilstedes på årsmøtet. 1. Leiar Sigurd Huglen la fram årsmeldinga, som vart godkjent (sjå eige innlegg) Det har vore dugnad og utlodding på skulen til inntekt for bygget. Ny veg til Leirepallen og bålplassen der er bygd. Det skal også steinsetjast med jordstein rundt Leirepallen i sjømålet for å stoppa erosjon.…
DetaljarStyret i HBL har i løpet av året hatt 10 styremøter og eit haustmøte. Vatn og avlaup. Vert lagt ny leidning for vatn og avlaup frå Reset og ned til sjøen. Når det gjelder vassleidning til Tveit har HBL støtta opp om dei private tiltak som er utført her. Vassleidning vert kopla på eksisterande leidning…
DetaljarI 2016 var det 162 personar som tok del i turorienteringa på Huglo. Tilsaman dei to siste åra har 257 vore ute og teke ein eller fleire postar. Dette er altså eit sers populært tiltak, mange har glede av arbeidet som medlemmar av Huglo Idrettslag legg ned. Medaljeoversikten for 2016 syner 20 gullmedaljer, 5 sølv og…
DetaljarÅrsmelding for året 2016. Huglo IL har i løpet av året arbeida med desse sakene. Aktivitetar. Huglo IL har trim for damer, barnetrim, turngruppe for barn og stortrening som faste innslag i løpet av veka. Aktivitetane går føre seg på torsdag og fredagar. I tillegg vert styrkerommet brukt flittig, så og sei alle dagar…
DetaljarLaurdag 11.mars legg bokbåten Epos til ved kai på Sørhuglo. Denne gongen fortel Brita Brodal eventyret om guten som gjekk til Nordavinden. Programmet startar ca. kl. 12. Båten vert liggjande til kl. 14. Som alltid har bokbåten med bøker og gode råd for dei som vil finna noko heilt spesielt å lesa. Dei som har…
DetaljarHuglo I.L. inviterar til årsmøte søndag 12.02.17, kl. 17.00 Stad : Huglo skule – søre skulestove. Saker: Årsmelding og rekneskap. Saker som laget har arbeida med i 2016. Turorientering 2016. Ymse. Mat, kaffi og brus. Val. MØT OPP! VELKOMMEN
DetaljarKan dette vera dei fyrste vårtegna – eller må dei optimistiske snøklokkene venta seg ei kald snødyne? Me har jo sett det før og blitt gundig lurt, men likevel trur me på våren. Og den har jo kome kvart år – før eller seinare? Me gler oss!! Men me ryddar ikkje bort støvlettane heilt enno…
DetaljarHuglo bygdelag inviterar til årsmøte 23. februar, kl. 19.30. Stad : Huglo skule – søre skulestove Saker: Årsmelding Rekneskap Driftsstyret Ymse Val Vel møtt!
DetaljarHuglo IL inviterar til årsmøte Dato: 8.02.17 Tid: kl. 18:00 Stad : Huglo skule – søre skulestove TEMA: Årsmelding og rekneskap Saker som laget har arbeida med i 2016 Turorientering 2016 Ymse Val VELKOMMEN
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.