Rydda bort sumaren
Så måtte det gjerast: Den populære og fine sitteplassen foran Huglabutikken er no vaske og rydda bort – siste sumarteikn er borte. No er det heilt sikkert vinter, og neste programpost er opning av Verdas Minste Julegate.
Så måtte det gjerast: Den populære og fine sitteplassen foran Huglabutikken er no vaske og rydda bort – siste sumarteikn er borte. No er det heilt sikkert vinter, og neste programpost er opning av Verdas Minste Julegate.
Etter ein periode med vind, regn og sludd var dagen i dag ei stor glede. Så fint kan det vera på sjøen i november! Og med 6 garn i sjøen vart strevet løna godt: Store, fine torskar symjer no i mæren. Medaljen si bakside var 4 store pigghå og godt med krabbe – ein skule…
DetaljarDet vert tradisjonell opning av Verdas Minste Julegate på plassen foran Huglabutikken laurdag 30. november kl. 12.15. Tenning av juletreet, musikk ved korpset og servering av gløgg og pepperkaker. Velkommen til store og små!
No gravast og byggjast det over heile øyo! Noko for sal, noko for utleige og noko til eige bruk. Her vert mykje nytt, så mykje skjer på området for regulering, eiedomssal og byggeplanar, at det er vanskeleg å halda seg orientert. Men sikkert er det at her vert det forandringer. Bygdalaget har fått lovnad om…
DetaljarDet var tett kring borda då Huglo bygdekvinnelag arrangerte søndagskafe i skulen. Utstillinga “Kjøken og husstell før i tida” fall godt i smak hos dei besøkande, og inneheldt eit stort antal gjenstandar som har vore i bruk i heimane før i tida. Tore Lande Moe gav oss eit interessant og historisk innblikk i korleis kvinnene…
DetaljarEin familie med eit barn har sagt seg villige til å flytte inn i barnehagen frå 1.januar. Bygdalaget håper dette går i boks. Arbeidet i barnehagen er godt i gong, med dugnadar på torsdagane frå klokka 18:00. Dersom nokon har lyst til å gjere ein innsats utanom denne tida, kan de ta kontakt med Nils…
DetaljarI morgon arrangerar Huglo Bygdekvinnelag søndagskafe i skulen frå kl. 15.00. Det vil bli ei markering av 100 årsjubileet for kvinners stemmerett med utstillinga ” Kjøken og husstell før i tida”. Me vil også få besøk av Tore Lande Moe som vil gje ei historisk oversikt over kvinner i arbeidslivet. Vel møtt!
DetaljarKven seier at det ikkje finns troll? Desse kan du treffa på i Trollskogen nord for Hamaren.
Bokbåten kjem til Huglo 23.november kl. 13.00 – 14.30. Rett etter ankomst vert det program med klovnen Knut (Berntsen), bokbåten sin populære kulturveteran. Stykket han har med i år heiter “I regnbuens farger”. Det er omtala som ei underhaldande og litte grann lærerik framsyning om fargar. Ved hjelp av humor, trylling, musikalske sprell og rare…
DetaljarPå Nordhuglo har veien – som i utgongspunktet var asfaltert – vore prega av graving, anleggsområde og trafikk med kjempestore maskinar. Fyrst var det vegen til båthavna – som no er blitt den reine autostradaen og noko ein visar fram til turistar – og så var det ny graving for å leggja ny kabel mellom…
DetaljarBygdalaget har overteke barnehagen og vil få den klar til utleige til familie frå nyttår. Det må gjerast noko arbeid for å få den klar til bustadhus, og difor vil me ha dugnad torsdagar frå kl 18.00 (start 31. okt) -arbeid som skal gjerast: rydding, setja opp lettvegg, maling, nytt kjøken, m.m. Komande laurdag 26.…
DetaljarDet renn snart øve på Huglo. Dammar, store dammar allestads, bekkar over veiane, drypp frå både sydvest og nase. Her hjelper berre oljehyra, gummistøvlar og fast tru på at dette er ein overgong. Men no er det nok for denne gongen.
DetaljarBetre enn nokon gong? Kan det gjerast betre? Stor beundring og mange gonger takk til dei flinke ungdomane på Huglo som steller istand så mykje god, spanande mat, så elegant anretta. Kokkane på Brygga 11 kunnbe ha litt av kvart å lera her. Berre kom til Huglo på Havrettsafta! På menyen sto det i år…
DetaljarFiskar du utan å få napp? Det gjeld å ikkje gje opp – og så må ein ha fiskelukka, rett utstyr, vera på rette plassen til rett tid – og mykje tolmod! Desse fiskane vart tekne i går i nære farvatn – så det er altså fisk i sjøen, ikkje berre i Lofoten, men utafor…
DetaljarFrå Kari og Per Egil på Tveit har me fått denne utrulege fiskehistoria: Eg sette garn i Tveitevågen mandag kveld. Då båten var fortøydd, såg eg at noko levde oppi svigerfar sin båt. Der sumde det ein fisk, inni båten!!! Fisken såg noko grå og slunkjen ut. Det var seint så eg ville ikkje starte…
DetaljarNo skal alle postane i turorienteringa på Huglo vera tatt inn. Så dei postane du har utsett til “hausten”, og ikkje har funne til no, må venta til neste år. Og då ligg dei ein heilt annan stad! Det løner seg å ta nokre turar før graset veks for høgt, men elles er tida frå…
DetaljarHer er den nye medarbeidaren vår på huglo.no: Kathrine Huglen, godt kjent på Huglo, men ikkje så gamal som fastboande huglar. Ho tek gjerne imot tips om ting ho kan leggja ut på huglasido, og me synes alle at kommentarar til innlegga våre er fine greier! Me tek og imot bilete me kan nytta, særleg…
DetaljarNatta mellom 1. og 2. oktober var stjerneklår – og kald! Rimfrosten låg i graset før sola smelta han. Men så blei det ein strålande dag av klårveret – me toler fleire frostnetter dersom dagane er som 2. dagen av hummarfiskesesongen. Men blomekassane er no eit trist syn, det er berre å sjå i kvitauge…
DetaljarDette er ein sers viktig dag for nokon av oss. Agn har vorte samla i omkring 2 månader, så sjølv om fisken (hest feit fisk som berggylte) er salta, luktar det ILLE! Salget at eingongshanskar på Huglabutikken når nye høgder i hummarfiskesesongen. Båten, fullasta med teiner, går 1.oktober ut klokka 07.30 for å liggja klar…
DetaljarSjølv likar eg å bruka lårskiver, men bog av lam går og bra. Du delar opp i passelege stykker, og har på vatn til kjøtet er så vidt dekka – jo mindre vatn, jo betre smak av krafta. Så: I staden får kål har du på ei neve svisker og ei neve tørka aprikosar, litt…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.