Fyrste frostnatta

Natta mellom 1. og 2. oktober var stjerneklår – og kald! Rimfrosten låg i graset før sola smelta han. Men så blei det ein strålande dag av klårveret – me toler fleire frostnetter dersom dagane er som 2. dagen av hummarfiskesesongen. Men blomekassane er no eit trist syn, det er berre å sjå i kvitauge…

Detaljar

1. oktober: Hummarfiske!

Dette er ein sers viktig dag for nokon av oss. Agn har vorte samla i omkring 2 månader, så sjølv om fisken (hest feit fisk som berggylte) er salta, luktar det ILLE! Salget at eingongshanskar på Huglabutikken når nye høgder i hummarfiskesesongen. Båten, fullasta med teiner, går 1.oktober ut klokka 07.30 for å liggja klar…

Detaljar

Lammegryte

Sjølv likar eg å bruka lårskiver, men bog av lam går og bra. Du delar opp i passelege stykker, og har på vatn til kjøtet er så vidt dekka – jo mindre vatn, jo betre smak av krafta. Så: I staden får kål har du på ei neve svisker og ei neve tørka aprikosar, litt…

Detaljar

Moderne tider på Huglo!!

No har Huglabutikken fått kortautomat på drivstoffpumpene! Både bensin og farga diesel kan ein no tanka døgeret rundt. Dette skulle vera ein sers god nyheit for alle dei båtane som har kome til Nordhuglo etter at butikken var stengt på laurdagar. Var dei i naud for drivstoff, kunne dei ringa å få folk frå butikken…

Detaljar

Vyborgbasaren

Årets Vyborgbasar var ein fest! 160 personar med stort og smått hadde møtt fram med opne lommebøker, der var flotte gevinstar, god mat og andeleg føde og. Innkommen totalsum: nesten 168.000 slår alle “gamle” basarrekordar! Pengane kjem godt med, for den sosiale og praktiske nøden er stor i Vyborg. Og kvar krone kjem fram, alt…

Detaljar

Biblioteket på Huglo

Som du ser, vert det framleis bibliotektenester på Huglo. Dagane står her. Du kan bestilla vaksenbøker frå biblioteket og henta dei på Huglo når dei vert ledige. Eit lurt tips for å få tak i heilt nyutgjevne bøker er å gå inn på biblioteket si heimeside (den finn du på stord.kommune.no), finn ruta for “Tips…

Detaljar

Plommepai

Til 4 personar treng du: 12 plommer – sånn ca, smør til forma eller 4 porsjonsformer, 1 1/2 dl kveitemjøl, fint eller sammalt fint, 3/4 brun farin, litt vaniljesukker, 75 gram smør, 50 gram hakka hasselneter Del opp plommene og dekk botn av forma el. formene med dei Hakk netene eller kjøyr dei i food…

Detaljar

Fiskalukke

Desse tre fangstane vart tekne i farvatna rundt Huglo/Storsøy siste veka. Nokon betre? Krabben var 1,7 kg og 22 cm på tvers. Den fekk gå i sjøen att, mistanken var stor om at den var eit sers vassent eksemplar av ein hankrabbe. Longo, derimot, kjem til å verta mange gode middager. Han vog 9 kg…

Detaljar

Vyborgbasar

I år er basaren til inntekt for Vyborg-arbeidet her på Huglo, i skulen, laurdag 7. september. Start kl 15. Me har sett bilete og høyrt om fattigdomen og den sosiale nauda i russiske Vyborg, og her er det heilt sikkert at hjelpa kjem fram. Bussen med utstyr går direkte frå Sunnhordland, og dei som reiser…

Detaljar

Bygdekvinnelaget

Som plakaten viser, vert det oppstart for hausten hos Eline komande mondag, 2.9., ca kl 20. Me ynskjer oss fleire medlemmar! Denne gangen vert det diskusjon om kva som skal stå på programmet vårt i haust – kom med idear! Bygdekvinnelagsarbeidet vert det me sjølv gjer det til. Velkommen både “gamle” og nye interesserte.

Detaljar

Risotto

Som med den norske lapskausen: Det finst like mange oppskrifter på italiensk risotto som det finnast kokkar. Her er eit forslag som du kan gjera kva du vil med: Helst skal risen vera av arboriotypen, men vanleg grautris frå Huglabutikken går og bra. Det viktige er at den vert litt “kremete” når den er ferdig…

Detaljar