Javisst vert det Huglamesse!

Førre Huglamesse var ein stor suksess, salsbordene sto rundt heile gymsalen og messa var godt vitja av interesserte.  Mykje fine produkt var bydd fram, her var mange gode idèear og kreativitet.  Her var heimestrikka plagg, handmåla T-skjorte, heimebakt, røykt og kokt, produkt frå Hugla-tre og heimelaga og personlege kort, for å nemna noko.  Jo meir variasjon, jo…

Detaljar

Bulyst på Huglo

Her er ei lita statusoppdatering for bulystarbeidet på Huglo. Huglo, samarbeider med Espevær, Fjelberg og Møkster om prosjektet ”Flytt til LivOGLyst”. Målet er å auka tilflyttinga til desse øyene og å dela erfaringar og læra av kvarandre. Hovudsaken som vert jobba med er tilgong på utleigebustadar. Dette er viktig, og det vert jobba for å…

Detaljar

Skulebussen

Som dei fleiste veit, har skulebygget på Huglo fått heilårsferie dette skuleåret.  5 elevar var klåre for huglaskule då sumarferien var halvgått, og sjølv om ein liten skule har mange føremon, vog fordelane med eit større miljø for både born og vaksne tyngre.  Dette har vore diskusjonstema i mange år, og tidlegare har skulevegen blitt…

Detaljar

På kurs!

Vår faste, blide bussjåfør har no alltid – i 36 år!! – halde bussen på rett kurs – men no går han altså på oppdateringskurs på naboøya.  Kurset er altomfattande, fortel han:  Fyrstehjelp og ulykkessitasjonar, trafikkreglar, korleis ein bussjåfør skal forhalda seg til varierande humør hos passasjarar . . .  i det heile tatt ALT…

Detaljar

TAKK !

Fabrikken 2012 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit vellukka arrangement med eit smil om munnen. Ein slik suksess har krevd eit utal arbeidstimar, og hadde aldri vore mogeleg å gjennomføre utan den heroiske dugnadsinnsatsen folk har vist! Alle oppgåver har vore like viktige for å få puslespelet til å gå opp, og…

Detaljar

Sjeldan vitjing

Denne unge skarven sat i går på Samson-brygga utan planar om å flytta på seg.  Innimellom slo den ut vengjene slik skarvar gjer for å turka dei.   Det kvite brystet tyder på at det er ein heilt ung fugl – kanskje hadde ikkje mora rukke å fortelja han at menneskene ikkje er til å lita…

Detaljar

Johannes på loftet

Dette er historia: Soga seier at det i farne tider budde ein mann som heitte Johannes på Loftet, ei fjellhylla oppe ved Storavatnet.    Han vart omtala som ganske stor av vekst.  Av og til så ungane store fár i snøen – då var det Johannes på loftet som hadde gått der.  Ingen har nokon tid sett…

Detaljar

Sumaraktivitet

“Er det sumar, så er det sumar” sa desse hyttefolka, der dei sat og åt is utafor Huglabutikken.  Godt kledd, og utan tanke for bading og/eller soling, feira dei likevel at det faktisk er sumarferie.  Riktignok bles det for mykje til fisking, og ungane (barn og barnebarn) ynskte seg fiskegrateng til middag, men i desse…

Detaljar

Forlenging av ferjekaia

Fredag startar ståket for alvor!  Her skal hamrast og bankast ned store røyr – hammaren veg 8 tonn.  Førebels er planen å starta klokka 7 om morgonen og å halda på til utpå ettermiddagen.  Må dei banka om natta, vil me verta varsla på førehand.  Ein mager trøyst for nordhuglarane, vil ein tru.  Men ferjekaien vert…

Detaljar