Bedehusbasar
Huglo Santalforeining held basar i Bedehuset laurdag 13.november kl 15. Andakt og misjonsinformasjon v/Henry Nygård Loddsal Mat og kaffi Velkomen til alle! Arrangørane er takksame for gevinstar
DetaljarHuglo Santalforeining held basar i Bedehuset laurdag 13.november kl 15. Andakt og misjonsinformasjon v/Henry Nygård Loddsal Mat og kaffi Velkomen til alle! Arrangørane er takksame for gevinstar
DetaljarLaurdag 6. november inviterer Huglo Bygdekvinnelag til laurdagskafé i gymsalen på skulen kl. 12 til kl 15. Utanom gode kaker, kaffe, te og saft, vert den høve til å sjå bilete frå skulen på Huglo, bilete av elevane heil frå 50-talet og framover. Her møter du naboen og folk du ikkje har truffe på lange…
DetaljarKven eig denne? Funne på parkeringsplassen til Bedehuset i dag, onsdag. Str. 22, den tilhøyrer kanskje ein gjest i barnedåpen på sundag? Kan hentas i Huglabutikken A/S.
Når dei eldre på Huglo kjem saman og snakkar om “gamle dagar”, vert bøkene som heitte “VON” ofte nemt. Det var Huglo Ungdomslag som laga bøkene. Medlemmene kunne skriva historier i VON, som så vart lese opp når det var fest. Spørsmålet er : Kor er VON-bøkene no? Kven har tatt vare på dei? Dette…
DetaljarLaurdag inviterte Elin til kaffe og kake i det litle, raude naustet (?) på Nordhuglo. “Naustet” har ei mangfoldig historie, frå før 1930 då Birger Lunde dreiv butikk der, så overtok Adine Sørli butikken medan familien bodde i Sisselhuset. Ca. tidleg på 1935 flytte familien, med taus, inn i den raude bua . I juli…
DetaljarHuglo IL startar opp trening for ungdom og vaksne måndagar kl 20.00-21.00 i gymsalen. Alder f.o.m 5. klasse. Døme på aktuelle aktivitetar er styrketrening, badminton, ballspel. Vel møtt til trivelege økter i gymsalen! Første trening vert 18. oktober. Spørsmål? Kontakt Øyvind tlf 97594046 NB! Turorienteringa er no slutt for i år. Dei som…
Detaljar13. d.m. er det andre onsdag i månaden igjen. Då er det vanleg, hyggjeleg Eldetreff på skulen kl. 15 – 17. Ingen aldersgrense, korkje oppover eller nedover. Velkomen!
DetaljarEg kom rundt ein sving, og der såg det slik ut. Kjøyr varsomt!
Mange hadde møtt fram for å markera at Wenche slutta som dagleg leiar av Huglabutikken etter 14 år. Per Egil sa i den lille talen til Wenche at ho har sett kvar enkelt kunde, og dreve butikken med iver og glød. Mange forbedringer har skjedd, og Wenche har greid å få finansiert store ting som…
DetaljarTorsdag 30. september vert ein spesiell dag for Huglabutikken, idet Wenche overlet ansvaret som dagleg leiar til Hege Elin. Styret ynskjer å takka Wenche for mange gode og framgangsrike år. Det vert kake for dei som vil ha, heile dagen. Ca. kl. 16.00 til 16.30 vert det ei lita markering som alle er velkomne til…
DetaljarNils Øien ved Marine Mammals Research Group svarer: Jeg synes det er vanskelig å svare på spørsmålet ditt ut fra bildene du sendte med. Ut fra størrelsen du beskriver kan det godt være en spekkhoggerkalv. Den vil i så fall være helt avhengig av mora og “familien” som den vil leve sammen med i mange…
DetaljarDette dyret har svømt fram og tilbake i Huglavikjo i heile dag. Det er ikkje ei nise, ikkje rullar dyret i sjøen som nisa gjer, og ryggfinna er for høg og spiss. Avstanden frå snuta til ryggfinna er ca. 1 meter, og av og til skimtarme noko kvitt under vannflata. Er dette ein spekkhogger-baby som…
DetaljarDet blir Sunnhordlandsbasar for Vyborg-hjelpa i skulehuset på Huglo laurdag 18. september, kl. 15.00. Program: Informasjon om hjelpearbeidet i Russland, ved Jon Teigen Loddsal (vipps eller kontant) Andakt Song og musikk ved Jostein Mulelid og Johannes Stokke Enkel servering Alle er hjarteleg velkomne !
DetaljarP.g.a. kollisjon med Vyborgbasaren er denne dagen utsatt til oktober. Ny dato kommer.
September 19: Gudsteneste Oktober 7. Indremisjonen, 20. Misjonssambandet, 24. Gudsteneste November 2.: Gideon 11. Indremisjonen, 21. Gudsteneste Desember 24. Gudsteneste
DetaljarDenne hausten vert det utlån av vaksenbøker i skulestova desse torsdagane kl. 18.00 til 19.00: September 16. og 30. Oktober 14. og 28. November 11. og 25. Desember 9. Velkommen til biblioteket!
DetaljarHuglo Bygdalag arrangerer brann- og redningsdag på Huglo 18. september. Stord Brann og redningseining kjem til skulen kl. 10.00 – 12.00. Det vert informasjon om brann og førebyggande arbeide i gymsalen, og her vert det høve til å stilla spørsmål. Etterpå vert det mogleg å prøva forskjellige midlar for brannsløkking på skuleplassen – for dei…
DetaljarDette kompasset vart funne på Nordhuglo, i “Lunde-tunet” for eit par veker sidan. Kanskje har ein turist på veg frå Varden, mista det? Kompasset ligg i kassa på Huglobutikken, klart til å verta henta av eigaren.
DetaljarJo, det er framleis fisk i sjøen! Fangst får ein, dersom ein har rette reiskapen, stort tålmod, og veit om dei rette plassane. Den største langa på biletet vog 14 kg, brosmene begge vel 5 kg.
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.