Sundagskonsert med Fitjar skulekorps

Det er synd at korpsmedlemmane ikkje fekk høyre alle dei positive kommentarane ute i skulegården etter konserten! Etter ei seminarhelg i skulebygget på Huglo, avslutta eit litt forsterka Fitjar skulekorps med gratiskonsert for huglarane.  Ei skikkeleg vitaminsprøyte det med fekk høyre av dei flinke og glade musikantene under leiing av dirigenten, Svein Roger Koppang. På…

Detaljar

Varden opp

Bratt fall i “kondis” blant huglarar og hyttefolk?  I fjor var det 14 som sprang Varden opp så søla skvatt, i år var det 9, og vinnartida gjekk ned med ca 5 minutter.  Men sett frå godstolen er det likevel utrulig at folk vil seg sjølv så vondt som å springa oppoverbakke, det må liggja…

Detaljar

Allsong som varma

Riktignok opphald, men iskald nordavind la ikkje nokon dempar på stemninga då dei Rustne menn frå Uskedal vitja kaien med song og musikk.  Dei veit å treffa sitt publikum med songar alle kjennar og kan syngja med i – særleg når dei har med songhefte som støtte til alle oss som berre kan fyrste verset…

Detaljar

Varden opp

No kan du starte treninga!  Huglo Idrettslag arrangerer Varden opp laurdag 30.juli Dei håpar på mange deltakarar til dette motbakkeløpet, som startar foran Huglabutikken og til målet på toppen av Varden, som óg er toppen på Huglo, ca 216 høgdemeter. Mer informasjon kjem.

Detaljar

Allsang på kaien

Laurdag den 9. kl.13 kjem “Rustne Menn”  frå Uskedalen til kaien ved Huglabutikken.  Fin tradisjon,  me får håpa at været gjev lyst til å synga! Ta med Songheftet – om du har – og gjerne eigen stol, sitjeplassane er begrensa. Det vert salg av kaffi og noko å bita i. Hjarteleg velkomen, seier Huglabutikken.

Detaljar

Vellykka Hugladag

Utruleg nok vart det berre ei (kraftig) regnskyll, og da rømte folk inn i dei flotte telta komiteen hadde sørga for, til kaker og kaffe.  Elles gjekk alt etter planen, og frammøtet synte at det var stor interesse for arrangementet.  Fin konsert med musikk som forsamlinga kjende og likte.  Mest latter vekte nok flåte-konkurransen:  Først…

Detaljar

Badetemperaturen

Avisa Sunnhordland bruker heile baksida for å fortella abonnentane sine at “No får du vita nøyaktig kor mange grader det er i vatnet.”  Tenk, EY Skye på Stord har fått med seg kommunen og Friluftsrådet Vest på å måla vatntemperaturen digitalt fleire ganger i døgnet. .. Fem digitale målarer er utplasserte, fortel avisa, 4 på…

Detaljar
Hugladag 2011

Hugladagen 3.juli

Hugladagen går i år av stabelen litt tidlagere enn før.  I år er 3.juli den store dagen, framleis på kaien på Nordhuglo, kl 12 til 16. Det vert sal av grillmat og kaffemat kl 14 er det konsert med Tom Waktskjold Det vert  aktivitetar for liten og stor: Eliasbåten kjem, det vert flåtebygging for lag…

Detaljar

Jonsok på Huglo

Det vert tradisjonell fotballkamp for spelarar i alle aldre, huglarer og hyttefolk, på Leirvikestølen kl 17.  Dei som ikkje spelar, møter opp som heiagjeng og heiar på begge laga, særleg på flotte redningar! Bålet på Leiro vert tend kl 19 I år vert det fyrt opp grill, som alle kan nytta seg av, men det vert…

Detaljar

Biletprosjektet i hamn

Den sjølvoppnemte prosjektgruppa Eline, Åse og Hedvig har i eit år no, minst, arbeid med å samla inn, få forstørra, samla namn på bileta og sette ramme på gamle skulebilete.  Dei fleiste har vore vist ved forskjellige høve, særleg for å få konsulenthjelp til å setja namn på alle barna på bileta. No har dei…

Detaljar