Smartingar frå Huglo !

Me har me stor grunn til å vere stolte av elevane på Huglo skule. For ein månad sidan møttest 330 sjetteklassingar frå skulane frå Stord, til konkurranse om den beste ideen om energisparing i framtida, smarttingkonkurransen. Frå Huglo skule stilte Åsmund Fagervoll Sortland, Viljar Østervoll og Sveinung Huglen Bratten. Ideen til huglarane var å bruke sjø-varmepumpe…

Detaljar
Fotograf: Gudbjørg Grønsdal

Leserbilete

Denne veka er fotografen Gudbjørg Grønsdal. Biletet heiter “Vevkjerringa har kletørk” Mange huglarar fotograferer – men kven får sjå blinkskota? Nå har du sjansen til å få bilete du er nøgd med, publisert. Og me andre får gleda av å sjå dei! Med dette er alle lesarane av huglo.no oppmoda til å bidra til at…

Detaljar

Generalforsamling Huglabutikken

Laurdag ettermiddag var det generalforsamling i aksjeselskapet Huglabutikken. Utanom styret var det 25 personar til stades, noko færre enn ved forrige generalforsamling. Nokon var nok i følge med den som var oppførd som aksjonær óg. Nils Elde var valgt til å leia møtet. Han hadde gløymt klubba, så ei skjei måtte gjera nytten, men forsamlinga…

Detaljar

Slagordkonkurranse

Markedsføringsgruppa til livOGlyst har planlagd å lage t-skjorter med forskjellege slagorg om Huglo. Men me treng di hjelp! Har du eit fint, humoristisk eller sjarmerande slagord som du trur kan ta seg godt ut på ei t-skjorte, så må du sende det inn til post@huglo.no Me kan trekkje ut fleire vinnarar, og premien er første eksemplaret av t-skjortene!

Detaljar

Korpstreff

Torsdag 22.04 reiser store og små i Huglo skulekorps for å delta på korpstreff på Stord. Konserten tar til klokka 18.00 på Stord vgs. Korpstreffet er ein årleg konsert der ulike korps frå distriktet deltar. Før konserten tar dei seg ein velfortent pizza pause før alvoret startar. Det eine innslaget til korpset er eit soliststykke…

Detaljar

Spreke folk!

Då huglo.no sin utsende traff vår nye huglar Kevin på mandag, var han framleis andpusten og i kvilemodus. “Veit du kva”, sa han på sin beste engelsk, “Marion tok meg med opp på Kattnakken i går!” Ettersom han fortalde og demonstrerte, hadde dei vassa i snø til livet, noko som ikkje var så vanskeleg oppover,…

Detaljar

Lammelår fra Provence

Lammelår  fra Provence 1 lammelår Ca 3 ss sitronsaft 10-12 små poteter 6-7 tomater 6 ss olivenolje 3 ss smør 1 stor bunt persille 4 kvitlauksbåtar 5 ss griljermjøl 50 g revet parmesan el. 100 gr revet kvitost Salt Grovmalt pepper Skrell poteter, skjer poteter og tomater i skiver. Smør ei langpanne el. eldfast form…

Detaljar

Sosial pendling

Ein dag utan å pendla er ein bortkasta dag! Vel, så gale er det kanskje ikkje, men me pendlare ville ikkje ha vore utan den faste samlinga om morgonen ombord i Utstein. Gode greier med bord å benka seg rundt, ikkje nokon usosial bussrekkje. Her kan alle snakka med alle – nokon gonger så ivrig…

Detaljar

Huglo.no-konkuransen !!

Huglo.no vil i framtida ha ein konkuranse gåande. Konkuransen kjem i fire delar, og gå i løpet av ein månad. Der du som konkuransedeltakar kan gjette på 4 ulike bilete. I slutten av månaden trekk me ut ein vinnar av dei som har svart rett på alle fire bileta. Aprilkonkuransen! Svaret ditt saman med namnet…

Detaljar