Basar i bedehuset

Laurdag 27 mars var det igjen duka for basar i bedehuset. Sjølv om dei spreke damene frå sjømannsmisjonen har lagt inn årane etter mange år ved roret. Bedehuset har med iver tatt over staffetpinnen, dette lovar bra. Etter kvart som klokka nerma seg start, minka det på ledige plassar. Folk strøymde til klare til å…

Detaljar

Tur til varden

38 turglade vandrarar tok turen opp på Huglo sitt høgaste fjell denne palmesøndagen. Det er tradisjon tru, at Huglo idrettslag arrangerer tur til Varden kvar palmesøndag. Både huglarar og tilreisande møtte opp, veret såg ikkje ut til å vere til hindring. Regnklede og støvlar vart tatt fram saman med appelsin og kvikk lunsj. På toppen…

Detaljar

Vassløysa og Klesvask

Det er utenkjeleg i dag å ikkje skru på springen når me treng vatn. Me skal ikkje så mange år attende i tida då det å ha ei skikkeleg vasskjelde i nærleiken ofte kunne vera avgjerande for kor ein sette opp bustadhuset. Men ofte vart også slike gamle kjelder turre. Då vart det vassløysa. Ein…

Detaljar

Hjelpesendingstur til Russland.

Søndag 28 .februar satte tre forventningsfulle huglarar seg på bussen med kurs for Vyborg. Litt ekstra spennende var det for meg som var med for første gang. Målet for turen var å få levere matvarer, klær, sjukehusutstyr, samt vinterklær til barna på Barnehjemmet. Turen gikk via Kristiansand og videre til Oslo for overnatting. Mandag 1.…

Detaljar

Medlemskontigent i Huglo IL

Huglo idrettslag vart skipa i 1969. Idrettslaget driv i dag med trening for store og små i vekedagane. Barnetrening på onsdagar (5-11 år. Kl 17.00 – 18.00), onsdagstreninga (11 år og oppover. Kl 18.30 – 20.00 på) og fredagstreninga (7. klasse og oppover. Kl 20.00) Huglo IL arranger og turorienteringa med 25 postar over heile…

Detaljar

Appelsinkake

125 gr. Margarin 200 gr. Farin 3 egg Revet skall av ei appelsin Saft frå ei appelsin 200 gr. Kveitemjøl 1 ts. Bakepulver 180-190⁰c Ca 30 min. Margarin og farin skal rørast kvitt. Tilsett egg, appelsinsafta og appelsinskallet, og deretter mjølet og bakepulveret. Bland alt, og hell det i ei smurt form. Bland appelsinsaft i…

Detaljar

Praksis i Sør-Afrika

Huglaren Rebekka Nordtveit er student ved lærarhøgskulen HSH, der ho går tredje året på praktisk estetisk lærarutdanning. Denne våren fekk ho tilbod om å ta praksis i Sør-Afrika. Rebekka som er glad i å reise, tok i veg til Sør-Afrika i februar. Der budde ho hjå ein familie i fire veker, og arbeidde ved ein…

Detaljar

Bru til Huglo

Er du ein ivrig brukar av nettstaden facebook, har du no anledning til å melda deg inn i gruppa “få fortgang i huglabrua”. Gruppa har 226 medlemmar, noko som viser at det er mange som engasjerer seg for bru til Huglo. Bru til Huglo har vore eit brennheitt tema i mange år, og kanskje det…

Detaljar

Tora Huglen, 1887 – 1970

Denne veka handlar historia om jordmora Tora Huglen Arne Sørli fortel: Tora reiste frå Huglo til Bergen og utdanna seg til jordmor. I 1916 vart ho tilsett som jordmor på Huglo, Agdestein, Børtveit og Mehamar. Ho vart óg henta til fødande heilt nord til Raunholm, Skår, Laukhamar, Flornes og Skorpo. Det var nok ikkje alltid…

Detaljar

Søndagskafé 7. mars

Kor i verda kan du oppleva at 50% av innbyggarane i ei bygd møter fram til kafé på ein sundags ettermiddag? På Huglo, så klart! Men så har Huglo ein Trivselskomite som ikkje berre skipa til ein koseleg ettermiddag med nydelege kaker og kaffe, men dei fekk naturfotograf Jan Rabben til å koma og dela…

Detaljar

Turtips

Sjølv om gradestokken somme dager er på pluss sida, er det framleis mykje snø på Huglo. Ein tur til varden på ski er framleis mogeleg utan problem, og kan anbefalast. På toppen er det ei fantastisk utsikt innover fjorden til resten av den snødekka fjellheimen.