SOL!!

Etter så mykje regn og mørke og iskald vind, så me glømte å smile og helst ville vore bjørn så me kunne gå i hi og sleppe full oljehyre for å gå på butikken:  No skin sola!  Og det skal ho gjere i fleire dagar!  Folk me treffer på vegen, ser annleis ut i anletet,…

Detaljar

Fisk til middag

Jule og Nyttårsmaset er over. Julatre har mista den grøna kåpa si, og eg slit med å gnaga i meg restane av julamaten. Menst eg sat og gumla i meg siste smultringen, kom eg til tenkja på ei hending utan om det vanlege som eg opplevde på seinsommaren 2017 Eg sat i bussen, nede ved…

Detaljar

Eldreteff

Eldretreffet er i gang igjen!  Likar du en god drøs med likesinna, suppe og kaffe/te med noko søtt til?  Då er Omnshuset på Nordhuglo plassen for deg på fredag 26.d.m. klokka 12.00.  Det er Bygdalaget som arrangerer.  Pris kr.  120. Velkomen!!

Detaljar

Ringen er slutta

1901 fekk Huglo for fyrste gong post og postansvarleg.  Det var Johannes Huglen.  Det er usikkert om posten vart levert rundt, eller om folk måtte henta han.  Då Johannes gav seg, overtok sonen, Samson.  Han sykla posten rundt  “sørafor”, dei på Nordhuglo henta posten sjølv.  Etter ein mannsalder tok sonen hans, Johannes, over og var…

Detaljar

Inga rotter på Huglo

På Huglo kan me fritt mata småfuglane no om vinteren, utan å tenkja på at det samlar rotter, for rotter finns det ikkje på Huglo lenger! Dei gamle husker ein rottepest som utrydda skadedyret, og rottene no for tida likar ikkje å ta ferja.  Ikkje svømmer dei, som hjorten (og elgen!) gjer, heller.  Så kjøp…

Detaljar

2017

Huglo.no ynskjer med dette tilbakeblikket på året som har gått, dåke alle eit god nytt år! “Litt nærgåande sjø i dag” Årsmelding for bydalaget  Blindpassasjer Populær bokbåt Strikkedilla “Blindpassasjeren får ny heim” Påskebasar Huglarar til bedehus flokka, til basar og heimstrikka sokka Alle var klar, men ein var snar. Kven var han som vann klokka?…

Detaljar

Jul på Huglo

I dag, på Julekvelden, var Huglo Bedehuskapell fylt til Gudsteneste.  Korpset spela, og forrettande prest var Eirik Aadland Tappel. Det vert både Julequiz og Romjulscup – sjå eigne innlegg. På fredag, 29. er det julefest på Bedehuset kl. 18.  Festtalar er Grethe Myhre, og det vert song og gang rundt juletreet, julequiz og anna underhaldning. …

Detaljar

Fotterapi i romjula?

Skulle du fått stelt beina før nyttår eller har du smerte i fot når du står eller går? Kva med ein deilig handmassasje etter at du har fått stelt neglene og fått på shellac? Ingvild Eikeland tilbyr Fotbehandling og Manikyr /m shellac. Ho held til i skulen (klasserommet til høgre), torsdag 28.desember og fredag 29.desember. Pris oppsett: Fotbehandling   …

Detaljar

Fin dag på Huglo

Visst har me mykje regn, veldig mykje regn, og vind.  Men så kan ein vakna ein dag som denne, med stille sjø, sol over Kattnakken lovar sol på Huglo og, og 5 spanande garn i sjøen.  På med ullvottar, varm dress og gode støvlar.  Då er det godt å vera menneske på Huglo.

Julakonserten 2017

Til å komma i god julastemning av:  Julakonsert med snø ute, og Friteam Jazzklubb frå Høgskulen på Vestlandet og Huglo Skulekorps inne i gymsalen på skulen!  I år var det ein ny vri på den tradisjonelle konserten:  13 musikantar i korpset under leiing av dirigent Nick Hughes spela julesongar, også til allsong, etter tradisjonen. Og…

Detaljar