Heder og takk til Wenche

Torsdag 30. september vert ein spesiell dag for Huglabutikken, idet Wenche  overlet ansvaret som dagleg leiar til Hege Elin. Styret ynskjer å takka Wenche for mange gode og framgangsrike år.  Det vert kake for dei som vil ha, heile dagen. Ca. kl. 16.00 til 16.30 vert det ei lita markering som alle er velkomne til…

Detaljar

Stakkars liten?

Dette dyret har svømt fram og tilbake i Huglavikjo i heile dag.  Det er ikkje ei nise, ikkje rullar dyret i sjøen som nisa gjer, og ryggfinna er for høg og spiss.  Avstanden frå snuta til ryggfinna er ca. 1 meter, og av og til skimtarme noko kvitt under vannflata.  Er dette ein spekkhogger-baby som…

Detaljar

Vyborg-basaren

Det blir Sunnhordlandsbasar for Vyborg-hjelpa i skulehuset på Huglo laurdag 18. september, kl. 15.00. Program: Informasjon om hjelpearbeidet i Russland, ved Jon Teigen Loddsal (vipps eller kontant) Andakt Song og musikk ved Jostein Mulelid og Johannes Stokke Enkel servering Alle er hjarteleg velkomne !

Detaljar

Hyggeleg konsert på kaien

Ikkje verdas beste frammøte på kaien denne særs solvarme sundagen, men dei som prioriterte konsert framfor strand, hadde en hyggeleg stund.  Martha og Nesegutane framførte kjente og litt mindre kjente songar og meliodiar, kvikt bundne saman med historiar om laust og fast av vokalist Helge Olav Instøy. Før musikarane slapp til, takka Per Egil både…

Detaljar

Badetemperaturen

Kalde netter og havtåke til langt på dag har gjort at fjorden ikkje får den temperaturen med ventar på, sjølv om ettermiddagane er uvanleg varme og fine..  Men litt framgang er det:  Huglavikjo var i dag, sundag, 17 grader, Tveitevågen 19 – og rundt Hamaren var det 18,5 grader.  Og regnveret er utsatt til tirsdag.