Endeleg!

Har du prøvd å logga deg inn på huglo.no siste veka og berre fått opp at sida var midlertidig stengt? Web-hotellet fant ut at sida var “hacked” – altså at uvedkommande hadde brote seg inn på sida – og stengde tilgangen. Mykje godt samarbeide måtte til for å fornya alle passorda, men no er vi…

Detaljar

Huglo Bygdalag

Bygdalaget har årsmøte 13. mars kl. 19.30 i gymsalen på skulen. Førebels ventar Bygdalaget på kommunen når det gjeld framtida til skulebygget, kanskje får me vita meir på årsmøtet? Elles vert det vanlege årsmøtesaker: Reknskap, årsmelding, val – og skjølvsagt mat! Har du noko du vil ha tatt opp? Meld saka til formannen i styret,…

Detaljar

Konsert med kafè

Mannskoret Havdur, med dirigenten sin Cecelie Rønhovde, var invitert av Huglo Bygdekvinnelag til å syngja på søndagskafèen i dag. Koret gjorde ikkje skam på namnet sitt, dei ca 23 songarane fylte ungdomshuset med mykje vakker song. Repertoaret var breidt, her var både finsk, norsk og islandsk musikk med norsk tekst, og koret slutta av med…

Detaljar

Eit bilete på optimisme

Ein kan ikkje anna enn å beundra desse snøklokkene, som kvar januar stikk hovudene opp av den frosne jorda og trossar snø og sludd, storm og iskaldt regn. Kvart år er dei sikre på at våren kjem, og deira optimisme gjer at både scilla og tulipaner og påskeliljer så vidt stikk små grøne skudd opp…

Detaljar

Ja takk, begge delar!

Søndag 8. februar kjem koret Havdur med dirigenten sin, Cecelie Rønhovde, og held konsert på Huglo Bygdekvinnelag sin søndagskafè. Konsert med kafè, altså kulturoppleving og sosialt samver over kaffekoppen med mykje godt å bita i – kan det betre vera? Arrangementet går føre seg i Fjellheim frå kl. 15.00, og alle er hjarteleg velkomne!

Gode brød

Huglabutikken har gode butikksteikte brød dei dagane det ikkje vert levert brød med ferja no om vinteren. Men det går og an å baka sjølv, berre tenk deg den gode lukta av nysteik brød i huset! Her kjem ein oppskrift med litt uvanlege ingrediensar, sers haldbart og sers godt. Skal du gjera noko ekstra ekstra,…

Detaljar

Info frå Huglo IL

Fredag 16. januar var det årsmøte i Huglo Idrettslag. På agendaen sto det gjennomgang av årsmelding, rekneskap og turorienteringa og val. I 2014 har styret, med Sigurd Huglen i spissen, jobba med og arrangert mange ulike hendingar: I gymsalen har det vore trening for folk i alle aldrar fleire gongar i veka, og 156 personar…

Detaljar

"Nina" vitja Huglo frå laurdag ettermiddag til sundag morgon. Sundag fekk me sjå resultatet av vitjinga.

Me let bileta fortelja historia. Sundag kl. 18.00 SKL meldar at 350 kundar framleis er utan starum, mange av desse på Huglo. “stri tørn for linjemontørane” Huglarane har ikkje hatt straum sidan i går ettermiddag. Dette byr på fleire utfordringar, men SKL meldar på si facebook-side at “Våre folk arbeider trygt vidare med godt mot…

Detaljar

Skulebygget

Er ingen nyheit ein god nyheit? Huglarar venter i spaning på kva som vert lagnaden til skulehuset. 10. desember var to personar frå Stord kommune sitt eigedomsselskap på befaring av skulebygget. Så skal representantar frå Huglo Bygdalag og kommunen diskutera seg fram til ein avtale: Skal bygdalaget gå inn for kjøp av skulen, og på…

Detaljar

Ferjesambandet

Så var Huglo utan ferjesamband i fleire timar igjen i dag. “Tekniske problem” seier Norled. No er det MF Strand som går Jektevik-Huglo-Hodnanes. Kor lenge har me regelmessig rute denne gongen? Kanskje det er ein ordførar til, ikkje berra Tysnes- og Austevoll-orførarane, som burde ta seg ein tur over fjellet?

Detaljar

Smalahovefest

Huglo Ungdomslag arrangerer årets smalahovefest er 17. januar kl. 20 i Fjellheim. Inngangspenger kr 300, for medlemmar kr 250. For utanforståande er det eit mysterium kva det er med dette smalahovedet. Kvifor et ein ikkje heller oksehove, – der skulle det vera meir å verte mett av? Eller har fest på torskehove som i beste…

Detaljar

2014

Huglo.no ynskjer med dette tilbakeblikket på året som har gått, dåke alle eit god nytt år! Stor stemning Strikkekafe Ein fin dag Stor bil på smal veg Årsmøte Huglo Bygdalag Åsmeldinga Søndagskaffen Palmelaurdag Kafè Ein strålande dag Slike jenter treng Huglo Offisiell opning av Huglo Båthamn Fotballkamp Jonsokfeiring HSD Syden-sumar? Familiedag i Tveitevågen Fotballskulen Budeie…

Detaljar

Julatrefesten

Det var godt frammøte på julatrefesten på Bedehuset. Festtalaren, Lise Marie Th. Litlabø, konkretiserte og levandegjorde Jesus sin forhistorie, liv og meining så både barn og vaksne lytta ivrig. Elles var julatreet like stort og flott som tidlegare år, det var underhaldning og massevis av gode kaker og dessertar. Huglaungdomer – ein fastbuande og dei…

Detaljar