Badetemperaturen

Har du planar om å bada denne sumaren, og ikkje har starta ennå?  Då er dette helga du bør slå til.  Sjøen held no (nesten) 17 gradar, og berre de største optimistane tror det vert varmare enn det i år.  Hopp uti!  Og greier du det fyrste minuttet, kjens det ikkje så verst ut.

"Varden opp!"

Laurdag var det klart for Varden Opp. Og som i fjor var ikkje været på topp med regn og skodde. Men det stoppa ikkje folk i frå å ta turen til Varden denne dagen. 14 personar valde å springe opp på tid, medan det var 40-50 stykk som gjekk til topps. På toppen vart det…

Detaljar

Hugladagen og badetemperatur

Nytt av året er aktiviteten “Løping på blåser” – alternativ til palleløping.  Det ser ganske umogleg ut, men nokon har tjuvtrent i kveld, og rekorden er 9 blåser (der er totalt 15 på rad) før Det Store Plasket.  Sjøtemperaturen skulle vera god nok grunn til å halda seg på beina – sjå biletet. Ellers har…

Detaljar

Varden opp!

Laurdag 23. juli arrangerer Huglo Idrettslag turløp til Varden. Ei god oppladning til hugladagen på søndag altså! Det vil vere fellesstart på Vikasanden klokka 13:00. Dei som vil delta, betalar 30 kr. ved start. Traseen er den same som i fjor; -frå Vikasanden opp til hovudvegen, så vidare inn mot Brandvik, og tar av vegen ved 1913.…

Detaljar

Hugladagen

No nermar det seg den store hugladagen, søndag den 24.juli. Som for to år sida, vert det lagt opp til familiedag på Nordhuglo med aktivitetar for store og små. Frå klokka 12:00 kan du få vere med på: – Robåtrebus på Huglavikjo – Runde på Huglavikjo med eliasbåten for dei minste – Tønneløp på sjøen…

Detaljar

Uteservering?

Huglabutikken har fått oppgradert uteplassen sin – Njål har laga ei fin lita “leikegrind” til kaffe- og isbordene.  Kanskje får me óg varme skillingsbollar?  I alle fall vert det vaflar til inntekt for Vyborg-barneheimen i Russland på laurdag. 

Gjestebrygga endeleg fortøyd

Flytebrygga som Huglabutikken fekk frå havnesjefen, har stadig vore på vandring.  Nordavind og propellsjø frå ferja har fått han til å slenga fram og tilbake, med dei problema det førde med seg for båtar, landgangen og skjøten mellom dei to betongelementa.  Men no er den tida over!  Etter mykje planlegging og forarbeide (på dugnad, sjølvsagt) kom endeleg…

Detaljar

Sommarteikn

Endeleg kom sommaren!  Me får passa på å nyta han intenst, for etter yr.no å døma, vert det berre sommar et par dagar til i denne omgongen.  Men pytt, pytt, me får leva i augneblinken, for akkurat no er det godt å vera menneske på Huglo.  Sikre sommarteikn er lettkledte folk som et is og…

Detaljar

Kulturminnedagen

  Kulturminnedagen er landsomfattande og går av stabelen 11. september i år.  Det beste kulturelle arrangementet vert premiert!  Huglo, representert ved ildsjelane i gravrøyskomitéen, har meldt på dette arrangementet.  Om det ikkje vert premie, har me likevel mykje å gleda oss over – og til – dette vert ein spanande dag.   Liv OGLyst Huglo,…

Detaljar

Lokalradioen på Huglo

Huglo er i fokus igjen!  No har Sunnhordland lokalradio, ved Marte Rommetveit, vore på Huglo på ein spontan-tur for å laga lokalreportasje med glimt frå huglokvardagen.  Kven ho traff og kva side av huglalivet ho tok fram, står heilt for hennar rekning.   Resultatet kjem som innslag på NRK lokalradio i ettermiddag og i morgon klokka…

Detaljar

St. Hans

No nermar det seg St. Hans igjen, og Huglo IL innviterar til tradisjonell feiring på Nordhuglo på torsdag. – Klokka 17:00 vert det fotballkamp på Leirvikestølen – Klokka 19:30 vert bålet tent på Leiro. Det vil i år òg bli sal av grillmat og brus på Leiro. Alle er hjarteleg velkomne til ein hyggeleg kveld!

Detaljar

Grønn veke

Tradisjon tru er den siste veka før sommarferien litt annaleis enn ellers for elevane på Huglo skule. Den såkalla “grønne veka”. I år er det duka for fiskedag, fiskekakebaking, tur i Hystadmarka, plantefarging av garn, idrettsdag og avsluttning. Då huglo.no besøkte skulen Onsdag, dufta det godt i gangane. Elevane hadde fiskedag Tirsdag og lagde fiskekaker…

Detaljar